Heimsyn
Heimsyn av Ivar Aasen |
I. Um Jordflata→ |
EI SNØGG UMSJAAING YVER SKAPNINGEN
OG MENNESKJA
TILMAATAD FYRE UNGDOMEN
Naar Folk fara ut og sjaa seg um paa ein Stad,
som dei skula flytja til elder busetja seg paa, so
segja me, at dei era ute og heimsjaa seg. Og med
ei onnor Vending kann ein ogso kalla det ei Heimsyn
elder Heimsjaaing, naar unge Folk vilja sjaa seg
i Kring i den store Mannheimen, elder naar dei høyra
og spyrja etter nokot meir en det, som dei sjaa paa
Fødestaden. Det kunde vera godt aa vita myket um
den Verdi, som me liva i, um Land og Rike, um
Himmel og Jord, um Skapningen paa Jordi og um
ymse Tilstand i dei framfarne Tider; men naar alt
slikt skal vera avgreidt i alle Smaagreiner, so vil det
verda so mangfeldt og vidgjengt, at det er seint
lært og snart avgløymt. Og so høver det so til fyre
dei fleste Folk i den store Hopen, at dei hava so
myki Annsemd med sitt daglege Vinneverk, at dei
korkje faa Tid elder Tilgjenge til aa samna seg nokon
munarleg Kunnskap; og daa maa dei nøgja seg med
den vesle Rettleiding, som dei kunna faa um dei
næste og naudsamaste Ting. Og soleides kann det
henda, at ein stutt Umtale av dei vigtugaste Maalemne
kann ogso verda til nokor Hjelp fyre ymse
Folk, som dermed kunna faa ei Tilleiding til større
Ettertanke elder i minsto ei Minning um nokot, som
dei elles kunde gløyma.
- I. Um Jordflata
- II. Um Luft og Veder
- III. Um Himmelklotarne
- IV. Um Jordbolkarne
- V. Um Skapningen paa Jordi
Heimsyn | |
Originalspråk | nynorsk |
Originaltittel | |
Skrevet av | Ivar Aasen |
Oversatt av | |
Publiseringsdato | 1875 |
Kilde | Ivar Aasen: "Heimsyn", Kristiania 1875. Gjengjeve i «Skrifter i samling, band II», Det Norske Samlaget, 1997. |
Wikipedia-referanser | Ivar Aasen |
Wikiquote-referanser | |
Andre kilder |