Heimsyn/b) Voksterriket

Fra Wikikilden
a) Steinriket Heimsyn
b) Voksterriket
av Ivar Aasen
c) Dyreriket


b) Voksterriket.
I den veksande Skapningen sjaa me ein heilt annan Skipnad en i Steinriket, med di at dei ymise Slag elder Kynder ikkje liggja samanmengde i ujamne Hopar, men derimot standa frie og serskilde kvar med sin sereigne Skapnad. Dei hava Innreide til aa draga Safter av Grunnen, som dei standa paa, og til aa laga elder tilverka desse Safterna paa kvar sin eigen Maate. Dei renna upp av eit litet Fræ og veksa til eit visst Maal, og sidan bera dei sjølve Fræ til nye Vokstrar av same Slag. Men i denne Framvokstren er det elles myken Skilnad; for sume av deim standa berre ein Sumar til Ende, med di dei renna upp um Vaaren og visna burt um Hausten, so at det verd ein ny Uppvokster fyre kvart Aar; andre derimot veksa seint upp og verda standande i mange Aar, so at dei berre faa ein liten Tilvokster fyre kvar Sumar og derimot standa i Kvild um Vetteren. Nokre av deim faa til kvar Sumar ein Tilvokster med Lauv, men sleppa det av seg um Hausten og standa sidan snaude, til at Vaaren kjem atter.

Dei langstøduge Vokstrarne hava ein traust og heilvaksen Stuv, som veks nokot smaatt fyre kvart Aar, med di at Toppen fær eit litet Tilskot i Høgdi, og Stuven legg paa seg ei Flo med Save, som sidan hardnar og skapar seg til Vid, so at det verd ein ny Ring elder Gaare under Borken fyre kvar Vaar, som ein kann sjaa i Hogget paa Fura og ymse andre Treslag. Dei snarvaksne Voksterslagi hava derimot ein mjuk Stylk, som stundom endaa er innhol og myket tunn, men som lika fullt kann bera kraftige Frukter, som me til eit Merke kunna sjaa paa dei Grasslagi, som me kalla Korn. For baade dei smaae og dei store Voksterkynder era fulle med fine Røyrer elder Aadrar, som føra Saft ifraa Jordi elder fraa Luft og Væta, og som løypa denne Safti ut igjenom heile Vokstren. So lenge som detta Saftlaupet heve sin fulle Gang, so stend Vokstren heil og frisk; men naar det eingong stadnar anten av Alder elder annat Avbrot, so visnar Vokstren og morknar burt som annat Avfall. I denne Tilgangen med Uppvokster og Nedfall er der nokot likt med Livet i Dyreriket, og difyre verd det stundom ogso talat um eit Voksterliv; men det synest no ikkje aa vera høvelegt helder, for me kalla det ikkje nokot Liv, naar der korkje er Rørsla elder Vit elder Vilje med det.

Paa nokre Voksterslag fell Toppen og Stuven burt um Hausten, men Roti stend frisk og skyt nye Renningar um Vaaren. Nokre Slag era so «viljuge» til aa veksa, at naar ein heve eit Stykke av Roti elder endaa berre ein Kvist til aa setja i Jordi, so kjem der ein ny Vokster av det. Men elles er det dei fleste Slagi, som øksla seg berre med Fræ elder Frukt, som jamnaste veks ut av Toppen elder Greinom, anten som Bær elder Neter elder Smaakorn, stundom med ein liten Dusk av Dun elder med ein liten Veng elder Skjaa kring um seg. Som Fyrebod elder Merke fyre Fræet kjem der fyrst ein Tilvokster, som me kalla Blom, og som ofta heve ein bjart og prydeleg Lit og dertil ogso ei merkjeleg Innreiding. Paa nokre Voksterslag (som Selja) kann den eine Stuven hava bjartare Blomar med ei fin Mjølduft, som snart folnar og fell av; men den andre Stuven heve døkkare Blomar, som verda standande og skapa seg um til Fræ; daa kann ein segja, at den eine Stuven er Han (elder Faderstuv), og den andre er Ho (elder Moderstuv). Paa andre Slag (som Bjørk, Hasl og Storrgras) er der ein Kumar elder Knupp med berre Hanblom (Mjøltraadar) og ein annan med berre Ho-blom (Frævisar) paa same Stuven; men paa dei fleste Voksterslagi er der Han og Ho i same Blomen, so at Frævisarne standa i Midten, og Mjøltraadarne standa utan i Kring. Det verd so uttydt, at den fine Dufti i Mjøltraadom er det fyrste Emne til eit nytt Fræ, og at Frævisarne hava ei løynleg Kraft til aa draga denne Dufti aat seg og dermed fræva seg sjølve.

Etter dei ymse Tilhøve med Blomen og Blømingi heve Voksterriket voret avdeilt i visse Hopar elder Rader til ei lettare Yversyn. Den vidkjende svenske Kunnskapsmannen Linnæus (elder Linné) deilte Voksterkynderna i 24 Hopar etter Blomskapet, og daa der er nokre Voksterslag, som ikkje hava nokon synleg Blom, so sette han desse i den sidste Hopen og gav deim eit Namn, som tyder løynmakade elder løynleg blømande. (Kryptogame). Sidan heve Voksterriket voret vidare gjenomskodat, og andre Urtekjennarar hava gjort nye Uppnemningar, so at dei dertil toko Merke av baade Blomen og Fræet og sjølve Groren elder Uppsprettingi. Etter desse nyare Uppsetningar er Voksterriket avdeilt i tri store Deilder og kvar Deild i mange Smaadeilder. Dei tri Hovuddeilderna era: 1) Tvisprettingar, som renna upp av Fræet med tvau Fræblad (elder Hjarteblad) og som ofta hava Greiner paa Stylken og oftaste 5 (elder 10) Straalar i Blomen, men stundom 4 (elder 8); dernæst er:2) Einsprettingar, som hava berre eitt Fræblad, ingi Greiner, og vanlege 3 (elder 6) Straalar i Blomen; dernæst er: 3) Løynsprettingar, som korkje hava tydelegt Fræblad elder tydeleg Blom. Den fyrste Hopen er ogso kallad Femtalsvokster, den andre er Tritalsvokster, den tridje er den blomlause Hopen.

Til den fyrste Hovuddeildi høyrer meste Parten av dei største og sjaalegaste Voksterslag, og dei deila seg ogso i mange Smaahopar; men her faa me berre nemna nokre faae av deim, som era lettaste aa kjenna. Dertil høyra: 1) Tre, – a) med Barnaaler: Fura, Gran, Eine, Barlind; – b) med Lauv og Kumar og Vengjefræ elder Neter: Bjørk, Ore, Vider, Pil, Selja, Osp; Alm, Ask, Løn, Lind; Eik, Bok, Hasl; – c) med Lauv og Bærfrukt: Apall, Kirsebærtre, Hegg, Raun, Asall, Hagtorn, Hyll, Krossvid, Brakall, Beinvid, Klunger, Stikelsbær, Movid (Ribs), Vidvendel. – 2) Kjørrvokster: Bring, Kolbær, Pors, Rape, Blokkebær, Blaabær, Tytebær, Mjølbær, Lyng, Krekling. – 3) Urter, skilde i mange Avdeilder, slike som a) Skaalblomar: Skinsoleia, Ballblom, Kvitsymra, Blaaveis, Hovsoleia, Nykkjeblom; b) Krageblomar: Gullboste, Svæva, Dylla, Balderbraa, Hestefivel, Leirfivel, Tistel, Kviteblad, Borre, c) Hjulblomar: Sløkja, Kvann, Hundsløkja, Karvi, Jordnot; d) Lepeblomar: Revbjølla, Engjarkall, Daae, Mynta, Dauvnetla; e) Krossblomar: Kaalrot, Næpa, Aakerkaal, Mustar (Senap); f) Skolmegras: Erter, Bauna, Graserter, Tiritunga, Smæra (Kløver), Kvitekoll. Av andre Hopar kunna me endaa leggja til: Blaahatt Vendelrot, Klokkeblom, Sjauskjæra, Smella, Bergfru, Mjølke, Mjødurt; Høymola, Sura, Meldestokk, Humle, Netla, Lækjeblad.

Til den andre Hovuddeildi, som me kallade Einsprettingar, høyra dei namnkjende Palme-tre, som veksa i den varme Jordbolken, men ikkje nokot av vaare eigne Treslag. Dei heimlege Voksterslagi, som høyra hertil, era: 1) nokre Urter, som: Marihand, Marisko, Mækja (elder Sverdlilja), Lauk, Rams, Skyrpa (Konval) og Romegras; 2) Sevgras: Myrsev, Frysla, Vatssev, Myrfivel, Storr, Vatsstorr; 3) Gras: Engjargras (Dagrap), Kvein, Bunt, Smelebunt, Røyrgras, Kjevlegras, Faks, Malrug, Kvika, Skjak (Svimling) Floghavre. Til denne Grashopen høyra ogso Kornslagi: Havre, Bygg, Rug og Kveite, som era aalment kjende fyre den kostlege Fødekraft, som dei hava i Fræet, og som difyre ogso verda aarlege utsaadde og innlodade til Matvara. Ymse andre Graskynder som veksa i rikleg Mengd utyver Markerna, hava den Dygdi, at dei tena til Fodring fyre ymse Dyrslag, som era serlege skapade til aa liva av Grasvokstren.

Til den tridje Hovuddeildi rekna me nokre Voksterslag, som spretta og øksla seg paa ein løynlegare Maate, utan nokon tydeleg Blom, og som jamnast ogso skilja seg ut fraa dei andre med ein serleg Skapnad. Nokre av deim era endaa væne og sjaalege som andre Urter; andre derimot hava korkje Graslit elder Grønska i seg. Dei skilja seg i fleire Avdeilder, soleides: 1)Telgslag: Snelda (elder Kjerringrokk), Skjefte, Kraakefot, Jamne, Bjørnekamb, Telg, Burkne og Einstape. 2)Moseslag: Myrmose, Kvitmose, Tuvemose og fleire slike. 3) Lavslag: Granlav, Bjørkelav, Matmose, Reinsmose, Alvnæver, Steinblik og Korke. 4) Tangslag(Sjovokster): Steinsleipa, Martaum, Tare, Søl, Tang (Boletang). 5) Soppar: Bladsopp, Busopp, Knyska, Mjølauke, Mygla. Til Sopp og Mygla høyra elles ymse Slag, som visa seg berre som eit Hy elder Musk og era so grannlagde, at ein ikkje ser deim til Fullnad med berre Augom.

Men naar me soleides hava nemnt nokre Slag av kvar Hop, so er alt dette berre ein liten Part av det store Voksterriket; for dei einskilde Kynderna era ovlege mange, og ei stor Mengd av deim er framand fyre vaart Land. Og so er det her som andre Stader, at dei smaae elder smæste Voksterslagi era litet tilgaadde og litet kjende, so at me ikkje hava nokre heimlege Namn paa deim. Men i Skapningen kann det smaae vera lika so merkjelegt som det store, og til Prov derpaa vilja me berre nemna den undringsverdige Skirleike og Grannleike, som jamnaste viser seg i Blad og Blom og i dei minste Straa, med di at all Innreide er so fin og ørsmaa, at ein ser ikkje alle Smaadeilderna, utan ein heve Kikarglas til Hjelp, so ein dermed kann faa deim til aa hildra og skrøyva seg upp, so dei verda synlege fyre Augom. Og tilsidst vilja me ogso nemna den store Rikdomen av Frukt og Fræ, som viser seg paa so mange Urter og endaa paa ymse Treslag, med di at Aarsfræet kann vera so riklege tillagat, at um alt skulde koma til Uppvokster, so vilde der verda ein stor Skog av eit einaste Tre. Vistnog sjaa me, at største Parten gjeng til Spilles, anten av di at det ikkje kjem i Jordi, elder og at det ikkje fær Rom til aa veksa i; men um det no ikkje verd just det, som det er skapat til, so kjem det endaa til ymist Bruk i Skapningen, so som til Føda fyre Fugl og annat Livende. For den eine Deildi i Skapningen heng saman med den andre; Vokstren fodrar seg av Jordtorva elder Steinriket, og Livskapningen fodrar seg so halvveges av Voksterriket.