Heimsyn/c) Dyreriket

Fra Wikikilden
b) Voksterriket Heimsyn
c) Dyreriket
av Ivar Aasen
VI. Um Menneskja


c) Dyreriket.
I den livande Skapningen er der nokot likt som i Voksterriket: der er mange ymislege Slag elder Kynder med kvar sin Skapnad og dertil ogso ei Sjølvfodring og ein Aldersmun med Uppvokster og Nedfall, som fyrr er umtalat; men so kjem her og nokot nytt og stort attaat, og det er Livet med all den Innreide, som dertil høyrer. Denne Livreiden er nokot av det mest forvitnelege, som me sjaa kring um oss i det store Skaparverket. Det er eit undarlege mangfeldt Gangverk av samlagade Smaadeilder, som gjera kvar si Tenesta til same Fyremaal; innantil er det sjølvverkande Reidskapar, som ikkje trenga til nokon Vilje, og utantil er det Limer, som Skapningen sjølv kannt røra og føra etter sin eigen Vilje, og som era so vel samlagade med Viljen, at dei gjera sitt Verk i same Augneblinken, som Viljen segjer til.

Taka me oss eit Dyr til Merke av dei Slag, som me kjenna best, so er det fyre det fyrste ein Bul (elder Kropp) med Beingrind innantil og med ein mjukare Umbunad av Kjøt og Hud; men so vita me og, at der inne i Bulen er ei Umstrøyming av Blod, som heve sin Midstad i Hjartat, og som elles greinar seg ut i smaae og store Aadrar i heile Bulen; og dertil vita me og, at der næst ved Hjartat er ein Belg, som dreg Luft igjenom Strupen elder som fører Vinden inn og ut i ei æveleg Rørsla, so at det alltid kjem ny Luft inn i Bringa. Dernæst er Bulen tilbudd med Innreide til Sjølvfodring, og det er ikkje berre Munn og Mage, men ogso ein grannare og løynlegare Innbunad til aa draga Kraft av Fodret og leida Krafti ut i Blodet og Limerne. Dernæst heve Bulen sine Reidskapar til Sjølvflutning og Rørsla, det er Føter elder Vengjor elder andre Utlimer, etter som Dyret skal ferdast paa Landet elder i Vatnet. So er der ein overslege grannlagad Innreide til Syn og Høyrsla og Kjensla, so at Dyret kann hava Gaaning og Vitende um alt det, som det treng til aa vita. Og dermed fylgjer daa og ein Givnad til aa vita sine Livskrav, so som aa finna seg høveleg Heimstad og søkja si rette Føda og elles vakta og verja seg fyre all den Faare, som til kann koma.

Elles er det no myken Skilnad baade i Bul og Limer imillom dei ymise Livskapninger. Sume era berre lagade til aa ganga paa Landjordi, sume til aa fljuga i Lufti og sume til aa sviva i Vatnet. Nokre Slag kunna baade ganga og fljuga, og nokre kunna fljuga og symja lika godt; men so er der andre Slag, som ikkje kunna liva utan i Vatnet. Og lika som der er Skilnad paa Limer og Utreiding, so er der og Skilnad paa Hug elder Vilje; og alltid sjaa me, at Viljen høver til Utreidingi, so at det, som Dyret heve beste Reidskapen til, det heve det ogso største Hugen til. Eit Dyr, som kann kliva, vil halda seg til Skogen; ein Fugl, som kann symja, vil halda seg til Vatnet; eit Dyr, som er skapat til Grasfodring, vil halda seg til Grasmarki og ikkje traatta etter annat Foder. Og alltid er der no nokot tillagat til Fodring aat kvart Dyrslag, so lenge som det fær liva fritt og halda seg der, som beste Bergningi er aa finna.

Etter den vanlegaste Skipnad i Dyreriket er det so lagat, at kvar Kynd heve tvau Kynskap, som er Han-slag og Ho-slag, og at kvart Dyr, som skal øksla seg elder faa Avkjøme, maa hava ein Make med seg. Ho-slaget er det, som yngjer elder føder, og jamnaste ogso det, som fostrar Ungarne, til dess dei berga seg sjølve. I nokre Dyrslag er Fostret myket veikt og hjelpelaust, daa det kjem til Verdi; i andre Slag kjem det fram utan Liv, med di det ligg løynt i eit Egg og ikkje eingong heve minste Teikn til, kvat Skapnad det skal faa. Men naar Avkjømet soleides treng Hjelp til si Framkoma, heve Moderi ogso ein serleg Givnad til aa hjelpa det fram. Ei Moder av Spendyr-Slaget vil vita, at ho heve Mjølk i Spenom, og at ho skal hjelpa Ungen til aa søkja Spenarne og suga. Ei Fuglemoder byggjer seg fyrst eit Reid, og naar Eggi era vorpne, so vermer og bræder ho deim, til at Ungarne koma or, og sidan hentar ho Mat aat Ungom, til dess dei era fløygde og kunna mata seg sjølve. Stundom er det no so, at Maken til Moderi er med og hjelper til; men elles er det vel det jamnaste, at Moderi er aaleine um Uppfostringi.

Etter den ymislege Skapnad og Bunad deiler Livskapningen seg i mange Deilder elder Hopar; men til aa taka alt paa snøggaste Maaten kunna me berre nemna seks Hovuddeilder, som era: Spendyr, Fuglar, Snauddyr (elder Krjupdyr), Fiskar, Liddyr og Blautdyr. Dei fjore fyrste Deilderna hava Rygg elder Beingrind innantil; dei tvo sidste hava berre Segar elder Strengjer i Staden fyre Bein og elles mange ulike Skap, so at dei skilja seg i mange fleire Avdeilder; men største Mengdi av deim er berre smaae Dyr, og sume Slagi era endaa namnlause og litet kjende. Den gildaste Tilbunad til Flutning og Rørsla hava Fuglarne, og ymse Fugleslag kunna endaa gjera visse aarlege Langferder, so at dei trøyta Sumaren i den eine Jordbolken og Vetteren i den andre. Spendyr og Fuglar hava varmt Blod og jamnaste ein god Mun av Varme i Bulen; Snauddyr og Fiskar hava ogso Blod, men utan nokon eigenleg Varme.

Den fyrste Deildi er kallad Spendyr elder Sugdyr, av di at Moderdyret heve Spenar, som dei nyborne Ungarne kunna suga. Dei fleste Slag hava tvau Par Ganglimer elder Føter, og dei fleste hava ogso ein tett Haarvokster paa Hudi. Etter Skapnaden paa Utlimom kunna me snøggaste skilja deim i fem Avdeilder:
– 1) Klodyr, det er slike som: Katt, Gaupa, Jarv, Røysekatt, Mord, Oter, Svintoks (elder Grævling), Bjørn, Ulv, Hund, Rev og Melrakke; Rotta, Mus, Vond, Lemende, Ikorn, Bjor (elder Bøver), Hare, Bustyvel, Musskjer, og dertil ogso Flogmus elder Skjaavengja, som heve ei Skinna imillom Fotom til aa fljuga med.
– 2) Hovdyr er berre faae Slag; dertil høyrer Hesten (og Æselet) med einfelde elder heile Hovar og (i andre Land) Elefanten, Elvhesten og Einhyrningen (elder Nashornet) med skilde Smaahovar; og hertil rekna dei ogso Svinet, som elles er likt Klauvdyrom i Foteskapet.
– 3) Klauvdyr (elder Jortardyr) er slike som: Elg, Hjort, Rein, Geit, Saud og Naut (elder Ku); dei hava jamnaste Horn paa Skolten og skilja seg fraa dei andre Dyrslag med ein serleg Mageskapnad, som er slik, at dei kunna «jorta» elder gulka Foderet upp or Magen og tyggja det upp atter.
– 4) Sveivdyr er slike som Kobbe (elder Sel) og Hav-erkn og Rossmaal; det er Sjodyr, som hava Sumlabbar elder Sveivar, men som elles era like Klodyrom.
– 5) Sporddyr er slike som Kval og Vagn (elder Staurhyrning) og Nisa; dei hava full Fiskeskapnad med snaud Hud og eit Par Sveivar, men elles ingi Føter, so at det er Sporden, som dei røra seg mest med; men i Beingrind og Innreide era dei mest like Spendyrom.

I andre Jordbolkar er det elles mange fleire Slag, som ikkje era uppnemnde her; derimillom er ymse Klauvdyr, som Kamela og Steingeit, og mange Klodyr, som Løva og Tiger (med Kattarskap), og dertil Pungdyr og Beltedyr og ymse andre. Eit serskilt Slag er Aporna, som era mest like Menneskja, men hava alle Utlimerne skapade som Hender og difyre era best lagade til aa kliva i Skogom.

Mange av Klodyrom merkja seg ut med Mod og Styrke og ein rik Reidskap til aa berga seg med; men daa dei alltid vilja hava Kjøt til Fodring og difyre gjera myket Draap og Skade paa andre Dyr, verda dei jamlege kallade Udyr elder Rædyr og myket etterjagade. Hovdyr og Klauvdyr liva derimot mest av Gras, og av desse Dyrom er det nokre Slag, som Menneskja alt ifraa dei eldste Tider heve tamt og fostrat og haldet som ein serskild Eigedom.

Den andre Deildi av Dyreriket er Fuglarne, som ogso hava tvau Par Utlimer likasom Spendyri, men det fremste Paret er Vengjor. Dei hava Fjøder i Staden fyre Haar og øksla seg med Egg, som turva Bræding elder Verming, fyrr en Ungarne koma fram. Dei skilja seg i fleire Avdeilder, som me her skulo nemna paa det snøggaste. 1) Ræfuglar, som era dei sterkaste og djervaste; det er slike som Falk, Hauk, Ørn (elder Are), Fiskegjod, Bergul, Kattula. 2) Skogfuglar er slike som: Ramn, Kraaka, Skjor, Skrikja, Gauk, Spetta; Stare, Trast, Lerka, Steintit, Svola, Erla, Meis, Gulskur, Sporv og fleire. 3) Hønsfuglar er slike som: Hane (Kalkun, Paafugl og fl.); Tidur, Orre, Jarpe, Rjupa, Duva. 4) Vadfuglar (Strandfugl) er slike som Heidlo, Vipa, Tjeld, Trana, Hegre, Spue, Stelk (elder Graatjeld), Strandtita, Rugda, Humregauk, Myrsnipa, Aakerriksa. 3) Sumfuglar (Sjofugl) med serleg Skapnad i Fotom (Sumfot elder Sveiv); det er slike som Terna, Maase, Kive; Svana, Gaas, And, Æd, Havsula, Skarv, Imbre, Lom, Langve, Teiste, Lunde, Alka og fleire.

Nokre Fugleslag, som Gjæser og fleire, flytja fraa oss um Hausten til eit varmare Land, men um Vaaren koma dei atter og fostra Ungarne sine i dei nørdste Landsbolkom.

Til den tridje Deildi, som er kallad Snauddyr elder Krjupdyr (Reptilier), rekna me nokre krjupande elder laagføtte Dyr utan Haarvokster og utan Varme, sume med fjore Føter og sume fotlause. Dertil høyrer: 1) Skjelpadda, som heve heilt Skal kringum Bulen og held seg mest i den varme Jordbolken. 2) Ødlor elder Fjorføtlor, som hjaa oss era smaae meinlause Dyr, men i Sudlandom ymse store og faarlege Slag, som Krokodilen og fleire. 3) Froskar og Paddor, som hava den Eigenskapen, at Ungarne era fotlause og faa ei Umskapning, fyrr en dei veksa upp. 4) Ormar, som era utan Føter. Dei skilja seg i fleire Slag, og sume av deim era faarlege, med di at dei skvetta Eiter or seg, naar dei naa til aa bita.

Den fjorde Deildi av Livskapningen er Fiskarne, som berre liva i Vatnet og ikkje kunna berga seg paa Landet; dei hava ingi Utlimer utan berre Uggar og Spord; og paa Hudi hava dei jamnaste ei tunn Tekkja av ørsmaa Skalplator, som me kalla Reist (elder Ras). I Staden fyre Lunga og Andedraatt hava dei Tokner, som dei draga Vatn igjenom. Dei øksla seg med smaa Egg, som me kalla Rogn. Dyrekjennararne deila deim i fleire Avdeilder, og av desse vilja me berre nemna dei tri største. Det er 1) Beinfiskar med stinne Uggar; dertil høyrer: Aaborre, Rjot, Auger (elder Raudfisk), Styrja, Stokkaal (elder Makreel), Steinbit, Breidkjeft, Blaagume, Berggylta. – 2) Beinfiskar med linne Uggar; det er slike som: Gjedda, Laks, Aurride, Røyder, Lodda, Horr, Sik, Sild, Brisling; Torsk, Seid, Lyr, Kviting, Hysa, Longa, Brosma, Kveita, Flundra, Aal og Tangnaal. 3) Brjoskfiskar med mjuke Bein og anten slimutt elder korputt Hud utan Reist; dertil høyrer: Haastyrja, Haagylling, Haa, Haabrand, Haakjerring, Brugda, Skata og fleire.

Nokre Sjodyr (som Kval og Nisa) hava Fiskeskapnad utantil, men elles den same Innreide som Spendyri; og difyre verda dei ikkje medreknade til Fiskeslaget.

Den femte Deildi er kallad Liddyr, av di at Bulen er liksom avdeild i tvo elder tri Lekkjer med Lider elder Skoror imillom, so at det er aa sjaa til, som um dei hadde voret skøytte saman. Som fyrr sagt, hava dei ingi Beingrind innantil; derimot hava mange av deim eit Skal utanpaa. Til Utlimer hava dei Føter og Veidehorn, og mange hava ogso Vengjor og kunna fljuga so lett som ein Fugl. Elles hava dei ymisleg Skapnad og skilja seg i ovlege mange Slag; men dei fleste av deim era berre smaae Dyr og difyre litet tilgaadde. Den fyrste og største Avdeildi kann heita Skordyr (Insekt); dei hava tvo Ringskoror, som deila Bulen i tri Lekkjer: ein Framlekk (Hovud), ein Midlekk (Brjost) og ein Baklekk, som jamnaste er lengre en dei andre. Dertil hava dei seks Føter, tvau Veidehorn og oftaste eitt elder tvau Par Vengjor. Til denne Avdeildi høyra slike som: Skurk (elder Skarptroll), Smellar, Tordivel, Gullsmid, Sirissa, Engspretta, Styng (Øyrestyng), Fivrelde, Maur, Kvefs, Humla, Myhanke, My, Fluga, Klegg, Brims, Veggjelus, Loppa og mange fleire. – Ei onnor Avdeild er Krabbedyri (elder Rækjorna) med ein stor Framlekk, som er baade Hovud og Brjost, og med liten Baklekk; dei hava tie Føter og stundom fleire, eitt elder tvau Par Veidehorn og Skal yver heile Bulen. Det er mest berre Sjodyr, som Hummar, Krabbe, Rækja, Marflo og fleire. – Ei tridje Avdeild kann heita Runddyr elder Flaattar; det er nokre, som hava liten Framlekk og stor Baklekk og jamnaste aatte Føter. Dertil høyrer Kongurvaava (elder Vevkjerring) og Flaatt og nokre Slag, som me kalla Mott elder Mit.

Med Skordyrom er det ein merkjeleg Tilgang, at dei fleste av deim faa ein Umskapnad, fyrr en dei koma til sitt fulle Skap. Mange av dei smaae krjupande Dyr, som me kalla Makk elder Aama, er ikkje annat en Ungar, som ikkje endaa hava fenget sin rette Tilbunad; og den sidste Skapnaden kann stundom vera myket ulik den fyrste, so som naar Molduksen verd til Tordivel, Kjølmakken til Smellar, Kaalmakken til Fivrelde, Kjøtmakken til Fluga, og det, som me kalla Vere, verd ein Brims elder Klegg. Denne Umskapnaden gjeng fyre seg nokot løynlegt i ei Gøymsla elder Innsveiping; og difyre er det stundom so, at me vita Namn paa Ungen, men ikkje paa det fullkomne Dyret, so som med Grasmakk, Skogmakk, Veggjesmid og fleire Slag. Det er ikkje liten Skilnad paa den uhamlege krjupande Aama og det prydelege fljugande Fivreldet; og detta Hamskiftet er ogso eit av dei mange Undringsverk i den store Skapningen.

Den sidste Deildi av Dyreriket hava me kallat Blautdyr; men paa desse er der so mange ymislege Skap, at det er vandt aa segja nokot Merke paa heile Hopen. Mange av deim hava ein serleg, undarleg Skapnad, og sume hava og so liti Rørsla, at det er knapt ein kann sjaa nokot Liv i deim elder skyna, kor dei nøra seg. Nokre av deim hava Makkeskapnad og korkje Hovud elder Limer; det er slike som Jordmakk, Sandmakk, Igle og ymse andre, som stundom verda reknade til Liddyrom. Nokre andre er slimutte Dyr med Hovud og Veidehorn, det er slike som me kalla Sniglar, men so er det mange av Snigleslaget, som hava eit skruvringat Skal elder Hus paa seg, og deim kalla me Kuvungar elder Fjørekungar. Andre Slag er berre som ein blaut Klump i eit hardt Skal, mest liksom ein Daase; det kalla me Skjel (Kraakeskjel, Øyreskjel, Ostra og fleire). Andre era skapade som ein rund Klump i eit Skal med Tindar paa; det er Igulkjer elder Kraakebollar. So er der eit Slag, som ein korputt Klump med stutte Straalar elder Greiner kringum; det er Krosstroll (elder Krossfisk). Eit annat Slag er som eit Hovud med lange Greiner paa; det er Spruta (Akkar elder Haldar). So er der Grordyr, som veksa saman i Duskar elder Greiner liksom ein Grasvokster; og til sidst er der nokot Livende, som kann heita Røytedyr og som er so smaatt, at ein ser det fyrst med Glas og ikkje med berre Augom. Det er mest i rotnande Væta og Gyrma, at slike Smaadyr verda uppdagade.

Det vil synast oss undarlegt, at der umfram all den rike Livskapningen, som me sjaa med Augom, kann endaa vera so myket Liv, som me ikkje sjaa; men der er daa og so mangt annat i Dyreriket, som me ikkje rett kunna skyna elder tyda. Det er, til Exempel, ein merkjeleg Ting, at der skal vera Snikjedyr (1), som kunna liva i Kjøtet elder Innvolen paa livande Dyr og dermed gjera deim Mein og Plaaga. Det er ogso merkjelegt, at mange væne Skapningar hava so stutt Liv, at det er knapt so myket, at dei naa fram til sin fulle Vokster, fyrr en dei døya elder verda drepne. Og ikkje minst undarlegt er det, at der skal vera so myken Ufred i Skapningen, at det eine Slaget liver av det andre, at det eine er best lagat til aa tyna og drepa, og det andre berre til aa vakta seg og røma undan. Der er endaa myket, som me sjølve maa vakta oss fyre, og me kunna tidt koma til aa undrast paa, kvi det skal vera so lagat. Me høyra so myken Tale um «nyttige» og «skadelege» Dyr, og me era alltid so tilhugade til aa tru, at alt det, som er oss til Uhugnad, skal vera nokot vondt, som ikkje skulde vera til. Men me skulde alltid minna oss um, at me slett ikkje vita, kvat alt er skapat til. Der er ymse Dyr, som gjera oss Meinsemd, so me era nøydde til aa verja oss og rydja deim av Vegen; men der er ogso mange, som me fanga og drepa til vaart eiget Bruk, so at me ofta sjølve gjera lika so myket Livtjon som dei verste Rædyr. Og det vilde vera alt for faaviist aa tenkja, at der ikkje skulde vera nokot annat til, en det som me sjølve kunde bruka. Det er daa so, som det heiter i Bibelen, at det høver ikkje fyre Skapningen aa spyrja Skaparen, kvat han gjerer; det er likt, som naar Krukka skulde spyrja Krukkemakaren, kvi han gjorde henne so. (2) Me kunna vel vera visse paa, at det altsaman heve sitt Fyremaal og si Tilsetning, um me endaa ikkje skyna det; og det er ein Ting, som me alltid kunna røyna, at di større Kunnskap me faa um Skapningen, di større Samhøve finna me i det heile, og di fleire Merke sjaa me paa den uransakelege Visdomen, som heve sett heile det store Verket i Gang. Dermed kunna me daa lata oss nøgja, og so skulde me elles vera glade ved, at Skaparen heve gjevet oss Vit og Skyn til aa hugnast ved all den Rikdom og Storleike og Vænleike, som viser seg fyre oss i det store Skaparverket.

(1) Innvolsmakkar.
(2) Rom. 9, 20. Es. 45, 9.