Heimsyn/VI. Um Menneskja

Fra Wikikilden
c) Dyreriket Heimsyn
VI. Um Menneskja
av Ivar Aasen
VII. Um Folkeskipnad


VI. UM MENNESKJA.
I Samanheng med ei Umsyn i den livande Skapningen paa Jordi koma me sidstpaa til aa hugsa paa vaar eigi Ætt: Mannen elder Menneskja. (Etter gamalt Bruk taka me stundom baade desse Ordi i same Tyding). I Likams Skapnad er Mannen innreidd som eit Dyr; og difyre er det ogso ymse Kunnskapsmenner, som rekna honom saman med Spendyrom og setja honom næst ved Aporna, av di at det er det Slaget, som svipar mest paa Mannskapnaden. Ved fyrste Augsyni er det no ein Eigenskap ved Mannen, at han gjeng med Bulen beint uppreist, elder «stend paa den eine Enden», som me segja, og i det Laget er han mest lik Fuglom; men i andre Maatar heve han den same Innreiden som Spendyri, og difyre er det og so, at det er desse Dyri, som me skyna best, og det er ogso dei, som skyna oss best, so at endaa sume av deim kunna venja seg til aa lyda oss og halda seg til vaar Heimstad. I ymse Høve kunna Dyri berga seg lettare en Mannen; dei hava sterkare Hud med full Haarvokster; dei hava gløgg Syn og Høyrsla, og mange av deim era riklege utreidde med Styrke og med gode Verjor, medan Mannen berre heve Henderna til aa hjelpa seg med. Men so heve han daa den Fyremunen, at Henderna hans era so vel lagade, at han dermed kann gjera seg Verjor etter si eigi Torv og laga deim so, som han best likar. Og dertil heve han daa og fenget mange større Gaavor, som visa seg best i Uppvokstren og i Samlivet med annat Folk, som me sidan skulo nemna.

Med sjølve Livet og den likamlege Framvokstren er det nokot lika eins i Mann-ætti som i den andre Livskapningen, at det einskilde Livende kjem til Verdi med ei Fødsla og veks og sterknar i fyrste Bilet, men derimot veiknar og dovnar av imot Enden. Mann-ætti skil seg i tvau Kyn, som er Mann og Kvinna, og jamnaste er det so tilskipat, at der i den store Hopen er mest lika mange av kvart Slag. I beste Aldren heve baade Mann og Kvinna ein medskapad Hug til aa liva saman med ein Make, og den rette Samlivnaden er daa, at kvar skal hava sin Make fyre Livstid; for der vil spyrjast um eit godt Samhelde og Tolmøde til aa fostra det tilveksande Avkjømet. Det nyfødde Fostret er alltid so veikt og hjelpelaust, at det aldri kunde liva utan Røkt og Varetekt; og sidan gjeng det og so seint med Uppvokstren, at det verd mange Aar, fyrr en Ungmennet kjem til sin fulle Førleike. Ein fullkomen Mannsalder kann vera reknad umkring som til 80 Aar; men det er ein stor Hop, som ikkje naar so langt fram, av di der er so mange Tilfelle med Sjukdomar og Uheppor, som gjera Livet stuttare. Og um Mannen endaa naar fram til ein skapleg Alder, so er det daa ikkje so mange Aar, at han er i sitt fullkomne Stand; for den fyrste Fjordeparten av Alderen er jamnaste berre ein Uppvokster og ei Tilbuning til det fullkomne Livet. Men naar me hugsa paa alt det, som Mannen kann læra, so maa me segja, at det er godt, at han heve so mange Læredagar.

Til Upphald fyre Livet heve Mannen den same Torvi som andre Livskapningar, at han alltid maa hava nokot til Føda elder Mat; og dermed heve han daa den Yvermunen framfyre Dyret, at han kann reida og mengja sitt Matfang, so det verd langt betre, en som Emnet var. Tilfanget til si Føda tek han helst av Voksterriket, so som Korn og andre Frukter; men dertil nøyter han ogso myket av Dyreriket, som Fisk og Kjøt og Mjølk; og i denne Vegen er det (som fyrr sagt) Klauvdyri, som han heve gjort seg det meste Gagn av. Og attaat den daglege Føda tarv han ogso Husvære og Klædnad; men i denne Greini er det stor Skilnad, etter som Bustaden er liggjande til. I den varmaste Jordbolken kunna Folk hjelpa seg myket utan Klæde, og ikkje turva dei nokot stort til Husvære helder, daa dei lett kunna laga seg eit Tjeld av Huder elder Haarduk elder Palmelauv og dilike Ting. I dei kaldare Jordbolkom vil Folket derimot turva baade dugleg Klædnad og tette Hus til Livd fyre Væta og Vetterkulden. Og dermed fylgjer daa og, at det verd so myket større Umsut og Umak fyre Upphaldet.

I si Busetning heve Menneskja sedvanlege skipat seg so, at det vardt ein Bustad paa kvart Rom, som var stort nog til aa giva Føda fyre ein Huslyd elder fyre ei einskild Ætt, og at det ikkje vart større Fraalengd fraa andre Bustader, en at Grannarne kunde finnast nokot jamnan. Dermed heve det daa paa kvar Stad vordet ei Bygd elder Grend med Folk, som kjenna kvarandre og hava ymist Samkvæme seg imillom. I eit slikt Samlag verd det jamt ei Blanding av ungt og gamalt Folk, og Laget vil alltid faa ymse Umskifte, av di at nokre falla fraa elder døya, og andre koma til ved Fødsla og Uppvokster, so at Laget veks paa den eine Sida og minkar paa den andre. I eit Hundrad Aar kann det verda tvo, tri elder endaa fleire Busetningar av ungt Folk paa same Bustaden; og difyre hava kunnuge Folk reknat tri Ættlekkjer elder Older (1) paa eit Hundrad Aar, so at det verd nokot yver tretti Aar paa kvar Old elder Ættlekk; det er so til aa taka, at naar det lid ut um tretti Aar, so vil mange av deim, som vaaro fødde i dei fyrste Aarom, vera komne so langt, at dei sjølve hava Born, so at der alt er Emne til ein ny Folkesetnad.

Som fyrr er sagt, heve Mannen fenget ymse Gaavor og Krafter, som fyrst koma til Framvokster i Samlivet med annat Folk. Han er ikkje berre upplagd til aa tenkja og døma um dei Ting, som han kjenner til, men ogso til aa tyda sin Hug og Tanke fyre annat Folk. Og dertil heve han fenget ei serleg Gaava, med di at Munn og Tunga er so vel skapad til aa skifta Ljod, at han alt i Barndomen kann læra aa tala; han kann nemna den Ting, som han tenkjer paa, med visse Ord elder Namn, so at andre maa tenkja paa den same Ting, so snart som dei høyra Namnet; han kann segja, kvat han heve seet og høyrt, og alt kvat han elles vil; og med nokor Øving og Upplæring kann denne Fraasegni falla so lett, at Talen gjeng lika so fort som Tanken. Dei, som bu i same Grendom, vilja alltid skyna dei same Ordi, og soleides verd det daa eit Tungemaal med Ord i Tusundtal, som ein alltid kann taka i Bruk og setja saman, etter som ein treng til. Detta er ei overslege stor Gaava; og ein kann endaa segja, at det er Grunnlaget til Mannsens største Fyremuner i Skapningen. For Tungemaalet hjelper baade til aa giva Tanken den rette Skipnad og Greidskap, og det hjelper og til aa føra Tanken alt vidare og vidare fraa Stig til Stig, fraa det kjende til det ukjende, fraa det synlege til det usynlege. Ein endaa større Vinning verd det, naar ein kann teikna Maalet med Skrift, so ein kann baade sjaa og høyra det fyre seg; men detta høyrer no ikkje til Mannsens fyrste Torv; det er fyrst i eit Samlag med større Vitsemd og Kunnskap, at det skriftlege Maalet kjem til Bruk.

Naar altsaman gjeng sin skaplege Gang, vil den nyfødde Menneskja veksa upp hjaa sine Foreldre i eit litet Samlag av Skyldfolk og Grannar; og det fyrste, som Menneskja lærer, er daa det Tungemaal, som Grendi talar, og den Sed og Tru, som Ætti er uppfostrad med. Menneskja heve ein medfødd Hug til aa taka etter og gjera som andre hava gjort; og i den lange Uppvokstren lagar ho seg meir etter Sed og Vis en etter sitt eiget Vit; for Vitet kjem lika so seint som Vokstren og stundom helder seinare. I den Vegen er der stor Skilnad imillom Folk og annat Livende. Det frie Dyret treng ikkje til annan Lærdom en aa fylgja sin eigen Medgivnad; dermed verd det unge Kvikinde lika fullkomet som det gamle; men so verd det helder ikkje nokot meir. Menneskja derimot vil turva lang Upplæring baade til ymis Embætting og Vinneskap og lika eins til aa temja seg til eit skaplegt Samliv med annat Folk. Etter sin eigen Medgivnad er Menneskja upplagd til baade godt og vondt, og i ymse Ungmenne kann den vonde Hugen vera sterkare en den gode, so der jamnan vil vera Torv til Tugt og Age. Difyre er det ei stor Heppa aa vera uppfostrad i ei Grend, som elskar gode Seder og alltid vaktar seg, at der ikkje skal verda nokot Atterfall til Villskap og Vyrdløysa.

Den største Fyremun, som Menneskja heve i Skapningen, er soleides den, at ho med Hjelp av Tungemaalet kann erva den Kunnskap og Røynsla, som Forfederne hava havt, og at ho med sin eigen Tilgaaning kann vinna seg eit Skyn paa den heile synlege Skapningen og endaa ein Tanke um dei usynlege Ting. Med sin medfødde Givnad til aa gledjast av alt, som er fagert, kann ho alt finna rikleg Fagnad berre av si Umsyn i sjølve Skaparverket; og med den Lærdom, som ho erver etter sine Fyremenner, kann ho ogso hava ei Vitring um Skaparen og dermed og ei Rettleiding til aa styra sin eigen Hug og vakta seg fyre slike Tiltak, som draga Uhugnad etter seg. Og daa det timelege Livet er stutt og umskiftelegt og jamnan fullt av Faare, so vil Menneskja sidstpaa hava største Hugnaden av si Tru paa Guds Tilsyn og av si Von um ei Uppreisning til eit nytt Liv etter Dauden.

Med Trui paa Guddomen og Guds Tilskipnad heve det elles voret myken Skilnad imillom dei ymse Folkeslag. Um det Folket, som i dei gamle Tider hadde den reinaste Tru, er det fortalt i Bibelen, at dei ofta komo paa Avveg og blandade seg med Heidningom, som helder dyrkade Avgudar en den usynlege Gud. Og endaa i vaar Tid er det myken Heidningskap utyver Jordi. Den kristelege Trui heve berre som ein Tridjepart av det heile Folketalet med seg; men so er det daa den Lærdomen, som er vidaste utbreidd, av di at dei kristne Folkeslagi hava breidt seg mest ut yver Jordi. Av andre Truer vilja me nemna den gamle judiske, som Judefolket endaa held seg til, og dernæst den mahomedanske, som heve eit stort Folketal med seg i Asia og Afrika. Ei onnor Tru, som er kallad Buddha-Læra, skal hava eit endaa større Folketal i den øystre Luten av Asia.

I lange Tider og endaa so langt, som me vita nokot visst um, heve Menneskja voret utbreidd yver alle dei store Jordbolkarne. Det heile Folketalet paa Jordi er reknat etter Gisning til frammot 1000 Millionar; og derav heve Asia vel som Halvparten, elder 500 Mill., dernæst heve Europa 250, Afrika 120, Amerika 50 og Australia 2 elder 3 Millionar. Etter ymse Merke i Skapnad og Hamlit avdeildar den heile Folkemengdi seg i try store Ættarslag; det er 1) den ljosleitte elder kvite Ætti, som er kallad den kaukasiske, 2) den gulbrune Ætti, som er kallad den mongolske, og 3) den svarte elder myrkleitte Ætti, som er kallad den æthiopiske elder Neger-Slaget. Sume rekna endaa tvo Ætter til, som er den amerikanske og den malayiske; men den fyrste av deim skal berre vera ei Grein av den mongolske Ætti, og den andre skal vera ei Grein av den kaukasiske. Elles er no Skilnaden ikkje so stor i sjølve Likamsskapet som i Hamliten og Aasyni, og denne Ættarsvipen kann vel koma seg myket av Landslaget og Livemaaten fraa gamle Tider. Ein større Skilnad viser seg derimot i Tungemaalom, som era so mange, at ein mest kann segja, at kvar Landsbolk, som er so stor som vaart Land, heve eit Maal fyre seg sjølv. Men dermed faa me daa merka, at mange Maal kunna vera nokot skylde til kvarandre, so at dei hopa seg saman i nokre store Maalrekkjor med visse Greiner og Avdeilder. Den Rekkja, som vaart Maal høyrer til, gjeng i ei lang Lina igjenom Asia og Europa alt ifraa India og til Vesterhavet. Ho deiler seg paa denne Viddi i mange Maal, som vistnog skilja seg myket fraa kvarandre, men som lika fullt visa myken Skyldskap i sin Innbunad og Tilskapnad. (2)

Med all denne Skilnaden kann den heile Folkeoldi endaa vera komi fraa ei einaste Ætt; og etter den heilage Skrifti var det berre eit Par Folk, som vardt Fyrsteforeldre til den store Mannætti. Detta Paret maa hava livt i ein av dei milde Landsbolkom i Asia, og derifraa hava daa Ætterna sidan dreivt seg ut yver Jordi, etter som Mengdi voks til. Det er trulegt, at ymse Par elder Smaalag hava ved eit Tilfelle komet langt burt ifraa annat Folk og dermed byrjat paa ein ny Livemaate i eit framandt Land; og soleides kunde daa ymse Ættarmerke festa seg paa deira Ættingar og gjera deim audkjende i Samkoma med andre Ætter. Dermed kunde ein daa ogso tyda seg den store Skilnaden i Tungemaalom. Det fyrste Maalet heve ventelege voret nokot armodslegt og havt berre eit litet Tilfang av Ord, so at det liksom kom reint burt imillom den store Mengdi, som sidan kom upp, daa Folkehopen vardt større. Og daa Folket i det eine Landet ikkje visste nokot stort um Folk i andre Land, so kann ein ikkje undrast paa, at der maatte verda myken Skilnad i Tru og Seder, i Bunad og Livemaate, og tilmed nokot i sjølve Hugstemna elder Tankelaget.

Millom dei mange Folkeslag utyver Jordi er sume fjølmennte og megtuge, og sume faamennte og litet vinnande. Um nokre Ætter heiter det, at dei veikna og minka av; og um sume av deim heve det og voret sagt, at dei hava so litet Vit, at dei ikkje era fullføre til nokon Trivnad elder Framgang. Men me faa no ikkje tru alt, som me høyra um slike Ting; for slike Smaafolk hava no jamnan den Uheppa, at dei verda vanvyrde av dei storlaatne Framandfolk, som ferdast imillom deim, og som alltid vilja tru, at deira eigen Husbunad er den einaste sømelege, og at alt annat er berre Vyrdløysa og Villmannskap. Vistnog er der vel ymse Folkeslag, som liva i myken Villskap med ymis Utru og Used; men so høyra me ogso Merke paa, at dei sokallade Villmenner paa ymse Stader kunna hava mange store Dygder og derimillom ein stor Vyrdnad fyre Rett og Sanning etter den Lærdom, som dei eingong hava fenget. Og kvat som no elles kann skorta hjaa desse Folk, so hava me ingen Rett til aa vanvyrda deim, um dei ikkje era heilt upp slike, som me vilde, at dei skulde vera.

(1) Generationer.
(2) Av dei store Maalættom vilja me berre nemna dei tvo, som ganga yver Vesterparten av Europa; det er den romanske og den germanske. Til den romanske høyrer: Italisk, Spansk, Portugisisk og Fransk. Den germanske heve tri Hovudgreiner: 1) Tydsk (serskilt kallad Høgtydsk); 2) Saksisk elder Nordtydsk, avskilt i Nedertydsk, Hollandsk og Engelsk; 3) Norderlandsk (Nordisk), avskilt i Islandsk, Norsk, Svensk og Dansk.