Heimsyn/VII. Um Folkeskipnad

Fra Wikikilden
VI. Um Menneskja Heimsyn
VII. Um Folkeskipnad
av Ivar Aasen
VIII. Um Tilstand i fyrre Tider


VII. UM FOLKESKIPNAD
(ELDER LAGSKIPNAD I LAND OG RIKE).

Etter kvart som Folketalet heve vakset til, hava smaa og store Folkehopar breidt seg ut yver alle dei Land, som vaaro nokot laglege til Livbergning og Upphald fyre Folk. Og daa det alltid er so, at «Føda kostar Møda», so laut Menneskja alltid venja seg til ymist Verk og Arbeid til aa vinna si Føda med. Den næmaste Fødevegen var aa nøyta Frukt elder Fræ av Matvokstren paa Jordi og dernæst aa saa og haustvinna og reida Jordi til aa bera matført Avgrøde. Ein annan Fødeveg var aa veida Fisk elder Fugl og andre Dyr, og lika eins aa ala ymse Budyr, som Kyr og Sauder og fleire Slag. I nokre faae tunnbygde Land er det endaa heile Folkeslag, som liva mest av Veideskap; i andre Land er det Folkeslag, som liva mest av Feavle, og som helst bu i Tjeld elder lause Buder, so at dei lett kunna flytja med Fenaden sin fraa det eine Graslendet til det andre; dei era kallade Flutningsfolk elder Hyrdefolk (Nomader). Men den fredsamaste Fødeveg er daa Jordbruket, med di det fester Folket til ein viss Heimstad og eit visst Grendarlag og dermed fører til ein tryggare Skipnad i Samlaget.

Jamnaste hava no Folkehoparne viljat busetja seg so, at dei kunde baade hava Jordbruk og nokor Feavling jamsides ved; og denne Lagningi er daa og den beste, so lenge som Folket ikkje bur tettare saman, en at kvar Ætt elder Huslyd kann hava eit Jordstykke, som er stort nog, til at Lyden kann vinna si Føda av det. Elles vil det no tidt ganga so, at der samnar seg so myket Folk paa eit litet Rom, at der ikkje er nokor Raad til, at alle kunna faa nokon Part av Jordi; men paa slike Stader verd det jamnaste ymse Verk og Embættingar av annat Slag, so at mange dermed kunna vinna si Føda utan nokot Jordbruk. Dei busitjande Folk vilja alltid turva ymis Reidskap og Husbunad, som dei ikkje sjølve kunna verka til, og so kunna daa andre Folk verka fyre deim og dermed faa seg ei Motgaava anten i Matvaror elder andre Ting, som høyra til Livs Upphelde. So er det ogso ymse Verk, som krevja serleg Kunst og Tame, so at ein gjerer deim best, naar ein fær driva stødt paa det same Handverket og ikkje hefter seg med andre Ting. Slike Handverk kunna daa ogso «føda sin Mann» (som me segja); og dermed verd det daa ei Umdeilding elder Utbyting av Arbeidet, med di at kvar Hand fær sitt visse Verk, og kvar Mann fær nøyta den Kunst, som han best heve lært, so han baade kann tena dei andre og tena seg sjølv med det same.

Med Busetningi og Jordskiftet heve det gjenget ymislege til, med di at Folket fyrst og fremst laut retta seg etter Landslaget og dernæst etter ymse andre Tilhøve. I bergutte og ujamne Landsbolkar vardt det oftaste berre einskilde Bustader elder Gardar med kvar sitt Jordstykke til. I dei store Flatlandi vardt det Landsbyar elder Torp med store Hopemarker kringum seg. Paa nokre Stader, som laago midt i Ferdesvegom og hadde stort Tillaup fraa ymse Sidor, heve det sidstpaa samnat seg so myket Folk, at det vardt heile Byar med mange Hus�eigarar utan nokot Jordbruk, men elles med mange Vinnevegar med Handverk og Vareførsla og Kaup�mannskap og dilike Ting. Denne Samanflutningi heve no jamnaste havt si Uppkoma derav, at Folk turfte hava ymse Marknadsstader til aa møtast paa, naar dei skulde kaupa nokot langveges fraa elder byta Varor med Folk or framande Bygder. Og difyre hava slike Møtestader stundom skapat seg midt inne i Landet, der det var store Vatsdrag og Dalføre, som møttest i ein Os elder eit Aamot; men oftaste hava dei daa komet upp paa Sjosida, der det var ein Fjord elder Vaag med god Hamn fyre sjofarande Folk og med store Bygder i Umkverven.

Ei Umflutning av ymse Varor fraa den eine Bustaden til den andre heve alltid voret ei aalmenneleg Torv, med di at ingi Bygd kunde vera so fullbergad med alle Tarvende, at der aldri vardt Spurnad um nokor Tilførsla utanfraa. Den eine Bustaden kunde hava god Raad paa Budraatt og Suvl elder paa Fisk og annan Veideskap, men derimot hava stor Skort paa Korn elder Treverk og Timber, som Folk i eit annat Bygdarlag kunde hava god Raad paa. I slike Tilhøve maatte det laga seg so, at den eine laut fara til den andre og faa dei Ting, som han trengde til, og giva nokot jamgodt i Staden. Fyre det fyrste kunde dei byta den eine Vara med den andre etter eit visst Maal elder Tal; men med lengre Samkvæme vardt det Torv til, at Folk maatte hava ein viss Takster (elder Regel) til aa rekna etter, so dei kunde vita nokot grannare, kor myket kvar Ting skulde kosta; og helst vilde Folk hava ein viss Bytemidel, som kunde gjelda lika godt fyre alle Varor. Dertil hava dei daa funnet den Utvegen, at dei toko visse Vegter av Sylv elder Gull til Utmæling fyre Verdet paa Varom; og slike Vegter (som Pund elder Mork) hava sidan vordet tilskapade i smaa Plator med Tal og Merke paa; det er den Ting, som me kalla Mynt elder Pengar. Deretter kann ein lettaste rekna Prisen paa alle dei Eignarmuner, som ein anten skal skifta elder avhenda; og dernæst hava Pengarne den Fyremunen framfyre annat Gods, at ein alltid kann faa Varor fyre deim, og at ein dermed lettaste kann forskylda andre Folk fyre den Hjelp og Tenesta, som ein ymist kann trenga til.

Med alt slikt Samkvæme, som Folk maa hava til innbyrdes Beining og Rettleiding, vil det Folket, som bur i ei Grend fyre seg sjølv, med Tidi verda samanbundet til eit serskilt Lag elder Samnøyte, so at det endaa kjem til aa hava ymse Ting til Sameiga som eit Aalmennings Gods. So er det, til Exempel, naar der skal ganga ein Landsveg igjenom Bygdi, so kann den Grunnen, som er teken til Landsveg, ikkje lenger vera nokon einskild Manns Eigedom; men alle maa eiga honom i Hop. Naar nokre Grender liggja so nær saman, at dei kunna hava ein Tingstad elder ei Kyrkja fyre seg sjølv, so verd det eit Samnøyte, som me kalla eit Tinglag elder ei Sokn. Naar fleire Sokner hanga nokot saman, so verd det eit større Samnøyte, som me helst vilja kalla med det gamle Namnet: eit Fylke. Og naar dei serskilde Fylke i eit Land era soleides samlagade, at dei alle kunna hava same Landsrett og same Regjering, so verd det eit endaa større Samnøyte, som me kalla eit Rike. Daa kann ein kalla det so, at alle Grender i Landet era samanbundne til eit einskilt Grendarlag, og at kvar Huslyd er berre ei liti Grein av ein einaste stor Lyd, som ein kann kalla Landslyden.

No er det den fyrste Torv i eit slikt Samnøyte, at der maa vera trygt og fredsamt fyre alle ærlege Folk, so at ingen heve Lov til aa gjera andre nokon Skade. Der maa vera ein Landsrett med Tugt og Refsing fyre alle deim, som gjera Illverk paa annan Manns Liv elder Gods og Velferd. Alle maa hava jamgod Rett til aa ganga frie og ukrenkte, so framt som dei ikkje sjølve gjera nokon Ufred; og lika eins maa ein og kvar hava sin Eigedom i Fred og sjølv faa raada yver all den Midel, som han heve fenget paa ærleg Maate, og som etter hans Fraafall skal ganga i Arv til hans Born elder Ættingar. Dertilmed maa ein og kvar hava Rett til aa hava si Æra uskadd, so at ingen heve Lov til aa ljuga paa honom og dermed avla honom Skam og Vanvyrdnad, som han ikkje heve forskyldt. Alt detta er nokot, som alle vituge og fredsame Folk vilja vera samtykte um; og difyre vil og eit skaplegt Samnøyte laga seg so, at det alltid heve ein Tilskipnad til Tugt og Age fyre deim, som gjera Uskil, og til Verja fyre alle deim, som liva fredsamt og driva sitt Verk paa ærleg Maate.

Naar det soleides alltid er Torv til, at der skal vera Log og Rett i Landet, so er det ogso tarvlegt, at der skal vera Embættesfolk til aa halda Lands�retten i Hævd og til aa greida Sakerna i alle dei Kivsmaal og Tvidrætte, som ymist koma upp imil�lom Landsens Folk; og dermed fylgjer daa og, at desse Embættesfolk maa hava Magt til aa driva Retten fram og tvinga deim, som imot vilja standa. Men der lyt ogso vera nokot annat, som kann driva Menneskja til aa temja seg sjølv og vyrda lika myket um annan Manns Rett som um sin eigen; der maa vera ein godviljug Vyrdnad fyre Rett og Sanning, og ein ærleg Hug til aa gjera sin Skyldnad, anten det so vil falla lett elder tungt. Det er ikkje nog aa berre vakta seg fyre all den Uskil, som Landsretten kann døma og refsa; der skulde ogso vera ein Otte fyre ein Domar, som ser i Løyndom, og som viser fraa seg alle deim, som leggja Vinn paa Urett. Og difyre vil det krevjast, at Folk fraa Barndomen faa Kunnskap um Guds Ord og Guds Vilje, og at der alltid maa vera Lærarar, som kunna rettleida Folket og jamlege minna det um denne Kunnskapen. Og best er det, naar kvar Fader og Moder vil hjelpa Læraren og sjølv vera Lærar i sitt eiget Hus fyre den tilveksande Ungdomen.

Di betre Landsretten er vyrd og hævdad, og di betre Samhelde der er imillom alle Deilder av Riket, di tryggare kann Riket standa, og di sterkare vil det vera til aa verja seg mot Urett fraa andre Sidor. Mest vil det gjelda um eit godt Samhelde, naar Riket kjem i Strid med eit annat Rike, og eit framandt Folk vil herja i Landet. Det er syrgjelegt aa vita, at Verdi, med alt sitt Skrøyt av Framstig og Uppstig, skal endaa ikkje vera komi so langt, at alle Kivsmaal imillom Rikjom kunde vera avgjorde med Lempa utan nokot Herverk og Mannspille. Men det er no det gamle Mein ved Mannætti, at der jamt einkvarstad er Folk, som hava Hug til Ufred, og at megtuge Folk vilja alltid visa si Magt og aldri tola nokon Motburd av sine Grannar. Og so kann det ymist henda, at eit fredsamt Folk verd innfløkt i ein Strid imillom andre Rike, so at det mot sin Vilje maa fylgja med og hjelpa den eine Parten imot den andre. Og sidan det daa alltid er ein Faare aa standa verjelaus, so vil Riket vera nøydt til aa kosta seg Vaapen og Herbunad og Upplæring i Hermannskunst fyre paarøynande Tilfelle. Det er ikkje nokon hyggjeleg Tilbunad; men naar det endelege skal so vera, so er det best aa taka det som ein annan Leik; og so lenge som det gjeld um aa verja sitt Fødeland, so er det daa alltid ei Æra aa vera med og hjelpa til, at Landslyden i minsto kann vinna Vyrdnad hjaa andre Folk.

Etter alt detta verd det mange Aalmennings-Saker, som binda Landsfolket saman til eit Bulag elder Sam�eigarlag. Ei Sokn elder Grend fær ymse Sameigor, som Kyrkja, Skule, Tinghus og dilikt; og det heile Riket fær mange større Sameigner, som Aalmennings-Marker, Landsvegar, Festningar, Herskip og Hus�bygningar av mange Slag. Og hertil kjem daa all den andre Fyreskipnad til Hævding av Log og Rett, til Framhjelp fyre Lærdoms-Verket, til Lette fyre Umferd og Samferd i Landet, til Umsyn med Aalmennings-Godset og til mangt annat, som dermed fylgjer. I alle desse Greiner maa der vera Raadsfolk elder Umbodsmenner, som hava kvar si Tenesta med Styring og Tilsyn og Rekneskap, so at alt maa ganga sin rette Gang. Fyrst og fremst lyt Riket hava ei Regjering elder Yverstyring, som kann hava Umsyn yver det heile; og dernæst maa dei ymise Deilder av Riket hava sine Raadsmenner, som standa i Samband med Regjeringi og hava kvar sitt visse Verk til aa fullføra. Regjeringi kjem dermed i same Umstand som ein Husbonde elder Fyrestandar, som skal styra eit stort Bruk og leiga mange Tenarar og bjoda deim so store Aarspengar, at dei kunna vera viljuge til aa taka Tenesta hjaa honom. Denne Tenesta verd soleides ein Fødeveg fyre mange Landsmenner, og det er endaa ein Fødeveg, som er myket ettersøkt, av di at slike Embætte alltid giva ei aarviss Inntekt, medan andre Livsstand derimot era nokot utrygge, med di at Vinningen er alltid uviss og stundom kann verda alt for liten.

Desse Ting og mange andre, som høyra med til ei skapleg Innreiding i eit Rike, vilja alltid krevja visse Tilkostingar og Utgifter, som alle Landsmenner maa finna seg i og leggja sin Part til. Slike Utreidslor kunna lagast paa ymis Maate; det kann vera Skattar, som verda paalagde med ei viss Utlikning etter kvar Manns Midlar; det kann ogso vera Tollar, som era lagde paa ymis Kaupmannskap og Vare�førsla, men som i Verkningi jamna seg til ei aal�menneleg Utgift, med di at Tollen gjerer Varorna dyrare fyre deim, som kaupa. Daa no slike Utreidslor verda kravde etter eit Paabod, som ein lyt fylgja og lyda, anten ein vil elder ei, so vil det ofta verda etterspurt, um det var nokor Naudtorv til aa leggja so store Tyngslor paa Folket, elder um ikkje Landet kunde standa lika godt med mindre Tilkostnad. Men det er aa merka, at det, som Folket legg ut, er nokot, som ein kann rekna; men det, som det fær atter fyre sitt Utlegg, er nokot, som ein ikkje kann rekna ut i Pengar. Ei god Landsstyring vil alltid trenga til store Midlar til Trygd og Hævding fyre Landsens Velferd, som fyrr er umtalat, og til ymis Umbot, som kann vera til Æra fyre Landet. Og difyre sjaa me og, at der er nokot so nær den same Tilskipnad i alle Rike.

Til Avgjerd av slike Tiltak og Tilkostingar, som era alle Mann vedkomande, kunde det synast som rettaste, at alle Mann skulde vera med og samraadast um Sakerna; men detta kann ikkje godt ganga fyre seg, utan berre i eit litet Samnøyte, som ein By elder eit Tinglag. I eit større Samnøyte (som eit Fylke elder Rike) fær det helder ganga paa den Maaten, at nokre Menner av kvar Landsbolk verda valde av Aalmugen til aa samna seg til eit Landsmøte elder Ting, so at dei der kunna samraadast um dei Maalemni, som trenga til Avgjerd. I slike Tingmøte er det daa dei fleste Røyster, som gjera Utfallet; det er so til aa skyna, at naar eit Fyreslag elder Tilraad er framsett fyre Tinget, og dei fleste Tingmenner (elder ogso alle) samtykkja i Tilraadet, so er det dermed vedteket og stadfest; men er det fleire, som segja imot, en som samtykkja, so er Tilraadet fallet. Med denne Avgjeringsmaaten er det no vistnog so, at det stundom kann vera mange, som mislika det Tilraadet, som er framsett, men endaa faa finna seg i, at det fær Framgang, av di at dei era for faae til aa fella det ned; og detta kann ofta vera meinslegt nog; men der er ikkje nokon annan Utveg, som kann høva betre fyre eit fritt Folk; og so er der daa alltid ei Von til, at naar dei fleste faa raada, so vil ikkje Folket faa større Tyngslor paa seg, en som det kann orka aa bera.

Med den høgste Magti i Riket er det nokot ymislege tilskipat hjaa dei mange serskilde Folkeslag. I dei fleste Rike er det gamall Skipnad, at Landet heve ein Herre elder Hovding med ein viss Fyrerett fram fyre alle Landsmenner, og at Herredømet gjeng i Arv i Ætti hans som eit annat Ervegods. Ein slik Hovding er jamnaste kallad Konung (Kong); i nokre store Rike er han kallad Keisar, og i ymse smaa Rike heiter han Hertug elder Fyrste. Men daa Styreverket i eit Rike alltid vil krevja so myki Umsut og Rettleiding, at ingen Mann kann vinnast yver det utan Hjelp, so lyt Hovdingen alltid hava nokre Raadsmenner med seg til aa halda Verket i Gang, og dermed verd det daa eit Riksraad elder ei Regjering, som fyrr er umtalat. I sume Rike heve Hovdingen den høgste Magti i alle saker, so han kann bjoda og forbjoda som han sjølv vil; daa heiter det eit ubundet Einvelde. I andre Rike er der ein tiljamnad Riksskipnad (1), so at nokre Landssaker (som Logsetning og Skattekrav) verda avgjorde i ei Samning av Tingmenner, som era valde av Landsens Folk til Møting og Samraad paa visse tilsette Tider; daa er det eit avmaatat elder bundet Einvelde, som er so tilskipat, at Hovdingen og Riksraadet skal styra i Samraad med Riks-Tinget.

I ymse andre Rike er det so tilskipat, at der ikkje skal vera nokon Erve-Hovding elder Konung, men berre ein Formann (Fyrestandar, Præsident), som er dertil utvald fyre nokre Aar, og som ogso kann velja seg eit Riksraad, men elles alltid maa styra i Samraad med eit Riks-Ting, som er valt av sjølve Folket. Eit slikt Valmanns-Rike er jamnaste kallat ein Fristat (elder Republik); og daa Magti her er jamnare og vidare utskift, so skulde ein og venta, at der maatte vera ein større Fridom og mindre Faare fyre nokot Ovrike elder Meinvelde. Men der er jamlege den Uheppa med, at der lett kann verda Sundring og Tvidrætte anten um Formanns-Valet elder Styringi; og naar daa den eine Hopen vil bruka Magt og Meinraad imot den andre, so kann der snart verda so stor Ugreida, at Folket vil langt helder hava ein Einvaldsherre til aa hævda Landsfreden og Landsretten. Og difyre er det og so mange av dei gildaste Folkeslag, som finna seg best nøgde med et linnt og lempelegt Kongedøme.

I Storleike og Folketal er dei einskilde Riki myket ulike, og mange av deim era myket større, en eit maatelegt Rike skulde vera. Det heve ikkje alltid gjenget so fagert til, at Folket i eit Land kunde slaa seg saman og velja seg Hovding og Regjering etter sin eigen Hug; helder heve det ofta voret so, at ein djerv og megtug Hovding heve lagt Landet under seg med Hermagt, og ofta heve det endaa voret ein framand Hovding, som heve trengt seg inn i Landet og gjort sine eigne Fylgjesveinar til Herrar yver Landsfolket. Dermed heve det daa vordet ei Samanhoping av Folkeslag, som ikkje hadde nokon Skyldskap med kvarandre; og slike Samanstøypningar hava so ymist gjort ei Umbrøyting i Tungemaal og Landsbunad, med di at dei undergjevne Folk hava voret udjerve og etterlaatne og skapat seg til etter sine framande Herrar baade i Maal og Bunad, so at dei dermed skulde vinna seg større Vyrdnad og Gjævleike. Derimot er der andre Folk, som hava gjætt sine Ættarminne med Truskap og haldet so fast paa deim, at deira framande Herrar sidstpaa hava lært av deim og lagat seg etter deim. Slikt er nokot, som er Vyrdnad verdt; for den Arveluten av Maal og Minne, som vituge og skynsame Forfeder hava leivt etter seg, er ein alt for stor Ting til aa kasta burt elder byta fraa seg fyre eit Skin av Herredom og Storleike. Og den rette Stormannskapen kann godt lata seg semja med alle Tungemaal og med alle meinlause Landsseder.

(1) Konstitution.