Heimsyn/VIII. Um Tilstand i fyrre Tider

Fra Wikikilden
VII. Um Folkeskipnad Heimsyn
VIII. Um Tilstand i fyrre Tider
av Ivar Aasen


VIII. UM TILSTAND I FYRRE TIDER.
I Fylgje med denne Umsyni yver Folkeskipnaden skulde me ogso hava ei Umsyn yver Folkeminni fraa dei framfarne Tider; men detta er eit Maalemne, som baade er ofsa stort og dertil ogso myket ujamt og glepputt, med di at der heve voret lange Tider og mange Folkeslag, som me ikkje vita nokot stort um. Det var fyrst i dei seinaste Tider, at der vardt nokor aalmenneleg Minneskrift (Historia), og di lenger ein kjem attertil i Tiderna, di mindre og myrkare er Minneskrifti. Det var lenge, fyrr en Skrivekunsten kom upp, og det var faae Folk, som funno paa aa skriva upp sine Minne, og so vita me og, at naar Minnesegnerna ganga lenge i Arv og ikkje verda uppskrivne, so kunna dei lett verda samanvasade med Misminne elder og so forvende med Dikt og Skrøyting, at ein aldri kann vita kvat Sanningi er. Men med alt detta er daa den skrivne Minnesegni so stor og rik, at det berre gjeld um aa velja ut dei største og vigtugaste Merkestykke. Naar ein skal taka alt paa snøggaste Maaten, so verd det berre nokre faae Ord um dei største Rike og dei frægaste Folkeslag; men endaa kann det vel alltid vera til Hjelp fyre deim, som ikkje hava Tilleiding til større Kunnskap.

Det er gamall Trunad, at dei fyrste Menneskjor hava livt umkring som 4000 Aar fyre Kristendomen; men daa der ikkje kann vera nokot visst Aarstal til aa byrja med, so er det no sedvanlegt hjaa dei kristne Folk aa rekna Aari baade framtil og attertil fraa Kristi Fødeaar; det var umkring som tretti Aar etter at Keisar Augustus hadde vordet Herre yver det romerske Riket. Den fyregangande Tidi verd dermed reknad bakleides fraa detta Aaret, so at Aarstalet verd mindre etter som Tidi skrid fram: til Exempel: Alexander vardt Konung 336 og døydde 323 f. Kr. (dvs. fyre Krist). Desse fyrste Aartusundi verda kallade Forn-alderen elder den gamle Æva, og hertil vilja mange ogso rekna dei næstfylgjande 500 Aar. Dei næste tusund Aar (fraa 500 til 1500) era kallade Midalderen, og den seinare Tidi er kallad den nye Aldren (elder Ny-Æva).

Som fyrr er sagt, er det Asia, som skal vera fyrste Heimstaden fyre Mannætti, og i sydre Bolken av Asia var ogso dei fyrste Riki, som me høyra nokot um. Der var det gamle Assyria med Byen Ninive og dernæst Babylonia med den store Staden Babylon, som er so ofta nemnd i Bibelen. Lenger i Aust var store Rike i India og Kina; men deira gamle Skipnad er oss litet kunnug. Lenger i Vest imot Midelhavet budde tvau Folkeslag, som vel vaaro smaa i Magt og Manntal, men som endaa hava leivt eit stort Minne etter seg. Det eine av deim var Fønik-Folket (Phønicierne), som gjorde seg vidkunnugt med sine Sjoferder i Aust og Vest og med ymse store Uppfinningar. Det andre var Jude-Folket, som merkte seg ut fraa Heidningom med si reinare Tru um Guddomen og dei andelege Ting, so at deira Lærdom sidan vardt ei Tilbuning fyre Kristendomen.

I dei andre Jordbolkom er det dei Landi, som liggja næst ved Asia, som hava den eldste Minnesegni. I Afrika var det Ægypten, som var mest kunnugt, og som myket tidlege var eit stort Rike med eit Herrestand, som var langt framkomet i Kunst og Viting. I Europa var det Grækarland inst ved Midelhavet, som fyrst fekk nokor merkjeleg Minneskrift. Dei skilde seg i mange smaae Rike, som stundom laago i Strid med kvarandre, men stundom og kunde slaa seg saman til ymse store Tiltøkje. Millom mangt annat er der store Segner um ein Strid, som Grækarne førde mot Staden Troja i Litle-Asia (den trojanske Striden); men desse Segnerna era nokot villsvivande og stydja seg myket til eit gamalt Dikt av ein Skald, som heitte Homeros. Elles vordo Grækarne myket namnkunnuge av di, at dei breidde seg vidt ut yver andre Land og stomnade Nybygder elder Byar i Aust og Vest, i Litle-Asia og i Italia. Og mest vidkunnuge vordo dei fyre deira store Vitsemd og Kunst; for dermed vaaro dei alt i gamle Tider komne til slik ein Meisterskap, at dei sidan hava stadet som ei Mynster og Fyresyning fyre andre Folk.

Dei gamle Riki i Asia hadde tidt og ofta Strid med sine Grannar og stundom ogso med stridsame Hovdingar i sjølve Riket. Det babyloniske Riket og ymse fleire kom sidstpaa inn under det store persiske Riket, som byrjade med Kong Cyrus (560 f.Kr.) og som sidan i tvau hundrad Aar var det megtugaste av alle. Det persiske Herredømet tøygde seg lika til Midelhavet; men dei græske Nybygderna i Litle-Asia gjorde Motstand og fingo Hjelp fraa Grækarland. Dermed kveiktest det daa ein stor Strid imillom Grækarland og Persia; men Grækarne varde seg traatt og herdugt imot den store Yvermagti. Den persiske Kongen Xerxes (Ahasverus) skal hava ført ein Stridsher paa tvo Millionar imot Grækarland, men endaa laut han venda heimatter med Skam og Skade. (480 f. Kr.). Og Utgangen paa Striden vardt den, at Persarne laut bjoda Fred og lata Grækarne i Litle-Asia vera frie.

Etter den Tid stodo dei græske Smaariki trygt; men dei skadde seg sjølv med innbyrdes Strid, med di at sume av deim, som Athenæ og Sparta, jamnan traadde etter Herredømet yver dei andre. Ein av deira Granne-Kongar, Filippos av Makedonia, vardt ogso inndregen i denne Striden, og den Mannen visste aa styra det so, at han sjølv vardt Herre yver heile Grækarland. (338 f. Kr.). Hans Son var den namnkunnuge Alexander den store, som tok Riket etter honom. Han tok upp atter den gamle Striden med Persia og førde Stridsheren sin inn i Asia; der vann han try store Slag imot Kong Darius, og dermed gjorde han Ende paa det persiske Riket og tok under seg alle dei Land, som dertil høyrde. Sidan vann han endaa fleire Land; men just som han var i sin beste Uppgang, døydde han braadlege i Babylon (323 f. Kr.), daa han var berre 32 Aar gamall. Daa vardt der Strid, um kven som skulde erva det store Riket, og sidstpaa skilde det seg i try Rike: Grækarland og Syria og Ægypten.

Vestanfyre Grækarland var ikkje endaa nokot stort Rike; men so var der daa eit, som lagade seg til nokot stort. I Midbolken av Italia var ein By, som heitte Rom og hadde eit litet Rike kringum seg. Detta Riket hadde fyrst havt Kongar, men sidan var det umskipat til eit Valmannsrike med eit Riksraad (Senat) og med tvo Borgmeisterar (Konsuler), som vordo valde til kvart Aar. Romarne komo ofta i Strid med sine Grannar, men dei hadde jamnan Vinningen, so at dei smaatt um Senn vordo Herrar yver heile Italia, og sidan toko dei til aa tøygja seg vidare. Ein av deira sterkaste Motstandarar var den rike Staden Karthago, som laag sunnanfyre Sjoen, men som hadde vunnet myket Land paa Øyom under Italia. Det kom til Strid imillom Rom og Karthago, og Romarne vunno. (241 f. Kr.). Det vardt ein ny Strid, og daa hadde Karthagarne ein Herførar Hannibal, som gjekk inn i Italia med sin Stridsher og lagde under seg Landet baade i Nord og Sud; men endaa vende Striden seg so, at Romarne vunno. (201). Karthago-Folket leid sidan slik Trykk og Tyngsla, at det endaa tridje Gongen reiste seg til Motstand; men daa vardt Karthago lagt reint i Øyde. (146).

I desse Bilom hadde Romarne ogso Strid paa andre Sidor, som i Spania og Grækarland og Litle-Asia; og det er snøggaste aa segja, at dei jamnan gingo av med Vinningen, so dei nokot um Senn fingo Herredømet yver dei fleste Land kringum Midelhavet. Og attaat all denne Striden med framande Folkeslag hadde dei ogso myken innbyrdes Strid, so at det stundom hende, at den eine Halvparten av Riket laut strida mot den andre. I slike Tilfelle kunde det og henda, at den eine Herføraren vardt Herre yver heile Riket. So var det med Sulla (elder Sylla), som eingong var Einvaldsherre i tvau Aar (død 78). Nokot likt var det med Julius Cæsar (1) , som elles var ein av dei mildaste og manntydaste Hovdingar, som Minneskrifti nemner; han var Herre yver Riket i tvau Aar, og daa vardt han drepen i eit Raadsmøte i Rom (44 f. Kr.). Og sidstpaa var det ein Erving etter Cæsar med Namnet Octavianus, som fekk Yvermagti (31 f. Kr.) og sidan var Herre yver Riket i 44 Aar. (død 14 e. Kr.). Han vardt kallad Augustus og er reknad som den fyrste Keisar; for etter den Tid vardt Riket eit Einvaldsrike i Staden fyre eit Valmannsvelde. Det romerske Riket var no so stort, at det naadde i Vest yver Spania, Gallia og Britland, og i Aust yver Grækarland, Litle-Asia, Syria og Ægypten; difyre er det ogso sagt, at Keisar Augustus kunde bjoda yver «heile Verdi». (Luc. 2, 1).

Den næste Keisaren etter Augustus var Tiberius (død 37). I hans Dagar var det, at Frelsaren fullførde si Sending paa Jordi, og at hans Læresveinar grunnlagde dei fyrste kristne Samstemnor elder Soknarlag. Den nye Lærdomen vardt hædd og hatad baade av Judar og Heidningar, so det i lang Tid frametter var mange, som laut lida Pinslor og Daude fyre si Tru; men lika fullt breidde Lærdomen seg alt vidare ut med si eigi Magt, og etter lange Tyngslor og Trengslor hadde dei kristne Samningarne vordet so mange, at Herrarne i Riket funno det rettaste aa lata deim vera i Fred.

Av dei romerske Keisarar hava nokre vordet mest namnkjende fyre Illska og Ulivnad, som Nero (død 68), Domitianus (død 96) og Commodus (død 192); andre hava derimot fenget eit godt Ettermæle, som Trajanus (død 117), Antoninus Pius (død 161), Alexander Severus (død 235) og fleire. Det vardt annsamt aa styra det store Riket, med di at der jamnan vardt Ufred av framande Folkeslag paa ymse Sidor. Ein Keisar, som heitte Diocletian (død 305), tok seg difyre ein Med-keisar til Hjelp, og seinare var det fleire, som gjorde det same; men so vardt der Strid imillom desse Hovdingom innbyrdes, til dess at ein av deim, som heitte Konstantin, vann yver alle dei andre og vardt Einvaldsherre. (Aar 324). Denne Keisaren er namnkunnug av di, at han samtyktest med det kristne Folket og sidstpaa sjølv tok ved Kristendomen. (død 337). Detta var eit stort Umskifte fyre det kristne Folket, som so lenge fyrr hadde lidet Skjemd og Elting med Draap og Pinslor fyre si Tru, men som no so braadlege kom til Magt og Vyrdnad i Riket.

Konstantin hadde flutt sitt Kongssæte fraa Italia til Grækarland; og ein av hans Ettermenner, som heitte Theodosius (død 395) skifte det store Rike millom sine tvo Søner, so at den eine fekk det vestlege Riket med Rom til Hovudstad, og den andre fekk det øystre (elder grækiske) Riket med Hovudstaden Byzantium, som no vardt kallad Konstantinopel. Men endaa vardt kvart Rike so vidlendt, at det vardt vandslegt aa møta dei store Folkeskararne, som søkte inn paa Landet. Alt fyrr hadde ymse germanske og mest gothiske Folkeslag trengt seg inn i Landet nordantil; men no var det ogso eit nytt og ukunnugt Folkeslag, kallat Hunnar (elder Hunar), som kom innstrøymande fraa Asia, og som sette slik Uro i dei andre Folkehoparne, at det vardt ei ideleg Strøyming og Flutning mot Vest og mot Sud, so at denne Æva er kallad den store Folkeflutningi. Med Hunnarne vardt det daa ikkje nokon lang Strid; dei komo rynjande vest yver Landet lika til Gallia; men der tapte dei eit stort Slag (Aar 451), og sidan drogo dei seg tilbaka, og daa deira Konung Attila var daaen, slitnade Riket deira i sunder. Men dei andre Folkehoparne trengde seg alltid fram paa Sudsida. Det grækiske Keisardømet stod seg nokorleid imot denne Trengsla; men det romerske Riket vardt reint yverstiget, so at sidstpaa ein tydsk Hovding, Odoaker, tok inn Rom, sette Keisaren av og kallade seg sjølv Konung av Italia. (476). Etter honom kom ein gothisk Konung Thjodrik (elder Theodorik), som var ein gild og vyrdeleg Hovding; men hans Ættingar miste si Magt, og sidan var Italia i lange Tider som ein Trætteteig imillom framande Herrar, som ymist slogost um Landet og toko snart det eine Stykket og snart det andre.

Enden paa det romerske Riket er reknad som eit stort Tideskifte, so at den fylgjande Æva er kallad Midalderen, til Skilnad fraa den fyrre, som er reknad til Fornalderen. Vesterbolken av Europa byrjade no aa skipa seg til i nye Rike og mest med Hovdingar av dei germanske elder tydske Ætter (Gothar, Frankar, Saksar og fleire), som i Folkeflutnings-Tidom hadde strøymt ut yver Landet. I Spania vardt eit nytt Rike tilskipat av gothiske Hovdingar. I Gallia vardt eit Rike med frankiske Hovdingar, og etter deim vardt Landet sidan kallat Frankrike. I Britania vardt ei stor Innflutning av Saksar elder Anglar (Angel-Saksar), so at Landet etter deim vardt kallat Engelland (elder Anglia). Sjølve Tydskland var endaa skilt i ymse Smaarike; men ei stor Deild av Landet hekk saman med det nye frankiske (elder franske) Riket, som no ei Tid frametter var det megtugaste Rike paa Vesterleidi.

I desse nye Rikjom vann Kristendomen Inngang nokot um Senn, og dermed vardt daa ogso nokor Umbot i Folkeseden, og nokot større Kunnskap kom til, med di at Prestar og Landshovdingar tamde seg til med Skrift og Lesnad, so som Grækarne og Romarne fyrr hadde gjort. Kyrkje-Retten vardt tilskipad etter den Sedvane, som var tilkomen i Rom, og Bispen i Rom var halden som Hovudsmann fyre heile Kyrkjelaget og kallad Pave elder Papa (d. e. Fader). Desse Pavarne fingo dermed stor Magt og Vyrdnad, og sume av deim, som Gregor den store (død 604), verkade ogso myket godt til Framhjelp fyre Kunnskapen og til Utbreiding av Kristendom imillom Heidningom. Men medan Kristendomen soleides gjekk jamt fram i Vesterrikjom, fekk han derimot ein stor Atterstøyt paa Austersida. I Mekka i Arabia var ein Mann med Namnet Mahomed, som tok seg til aa læra Folket ei ny Tru, og daa han hadde fenget eit Fylgje med seg, tok han Landet under seg med Vald og Vaapenmagt og nøydde Folket til aa taka ved den nye Lærdomen. (død 632). Hans Ettermenner i Herredømet vaaro djerve og stridsame, so dei foro med Hermagt yver Landet i Aust og Vest og trugade Folket til aa taka Mahomeds Tru. I Asia grunnade dei eit stort Rike med Hovudstaden Bagdad, som vardt Sæte fyre deira Konung elder «Kalif». I Afrika toko dei heile Nordsida langs med Midelhavet; derifraa trengde dei seg inn i Spania og stomnade der det mauriske Riket, som sidan stod lenge uppe. Sidstpaa vilde dei og leggja Frankrike under seg; men den frankiske Hovdingen Karl Martell samnade ein sterk Stridsher imot deim og slog deim i eit stort Slag (Aar 732), so dei sidan ikkje torde vaaga nokot meir paa den Sida.

Ein Son til Karl Martell vardt sidan Konung i Frankrike, og hans Son var den vidkunnuge Karl den store (død 814). Han hadde myken Strid, men var jamnan heppen, so han sidstpaa lagde under seg heile Saksland og Sud-Tydskland med Halvparten av Italia og eit Stykke av Spania. Dertil er han og myket namnfræg fyre si Umsut fyre Log og Rett og lika eins fyre Kristendom og Kunnskap. Etter hans Daude losnade det store Riket i sunder, og hans Sonarsøner skifte det i try Rike, som var Frankrike og Tydskland og Italia. (843). Tittelen av «romersk Keisar», som Karl den store hadde fenget, gjekk sidan i Arv til Kongarne i Tydskland.

I desse Bilom hadde dei nørdste Smaaariki skipat seg til try serskilde Rike: Danmark, Sverike og Norig, og den fyrste Konung yver heile Norig var Harald Haarfagre (død 933). Ymse Smaahovdingar, som tykte, at det vardt trongt fyre deim i Norderrikjom, hadde teket seg til aa fara i Kring som Vikingar med Herjing og Plundring i andre Land, so at dei vordo ei stor Skræmsla fyre Folket. Ein av desse Hovdingom vann so stor Magt i Frankrike, at han tok under seg eit stort Fylke, som sidan var kallat Normandie og vardt myket namnkunnugt. Elles var det Engelland, som leid mest av slike Vikingsferder. Detta Riket hadde no skipat seg nokorleid vel til og hadde ymse gilde Kongar, som Alfred den store (død 901) og Athelstan elder Adelstein (død 940); men Landet fekk alltid Ufred av framande Gjester, og sidstpaa kom ogso dei danske Kongarne til, og Knut hin rike lagde heile Landet under seg. Dei danske Herrarne fingo daa ikkje nokot langt Velde; men etter deim kom William, Hertugen av Normandiet, og tok inn Riket og gjorde sine franske Fylgjesveinar til Herrar yver dei engelske Fylke. (Aar 1066).

Ut imot Enden av det ellevte Aarhundrad byrjade dei store Herferderna, som era kallade Krossferder. Det hadde lenge voret sedvanlegt, at kristne Ferdarmenner foro til Judeland og vitjade Jerusalem og andre heilage Stader. Desse Ferderna vordo no nokot kranglege, daa Arabarne etter Mahomed hadde stomnat sitt store Rike i Asia og dermed ogso lagt Judeland under seg; men so gjekk det no tollege endaa ei Tid, til dess at der kom ei ny Hovding-Ætt (Tyrkarne), som hatade alle dei kristne Ferdarmenner og gjorde deim alt større og større Forfang. Desse Tidenderna vakte daa myken Harm i Vesterlandet, so der vardt ein stor Tilbunad til aa strida fyre det heilage Landet og taka det atter fraa dei ukristne Valdhavarom. Heile store Folkeskarar drogo aust igjenom Landi til denne Striden; men ei stor Mengd av deim gavst upp og fekk sin Bane paa den lange Vegen. Ein sterk Her av duglege Stridsmenner, med Hertugen Gottfrid (av Bouillon) til Formann, vann daa endelege so myket, at dei toko Jerusalem og sette kristne Hovdingar yver Landet (Aar 1099), men det nye Riket fekk ingen Fred, og ikkje varde det lenge helder, fyrr dei ukristne fingo Yvertaket. Seinare gjekk det fleire store Krossferder vestanifraa; men alt, som vardt vunnet, gjekk atter tapt, og det heile vardt berre til ei stor Spilling av Liv og Mannskraft.

I det kristne Kyrkjelaget hadde der nyst fyrr vordet eit Tviskifte, med di at Bisparne i det græske Riket skilde seg av fraa Paven i Rom og toko Bispen i Konstantinopel til Formann (1054). Dermed miste daa Pavarne nokot av sitt Herredøme; men so vaaro dei og so myket herdugare til aa auka si Magt yver dei vestlege Riki. Mest kjende fyre denne Trøytingi etter Magt og Velde era Pavarne Gregor VII (død 1085) og Innocentius III (død 1216). Etter deira Fyreskipnad skulde Pavarne ikke berre raada yver Kyrkja og Prestestandet, men dei kunde ogso taka seg Løyve til aa tugta sjølve Kongarne og setja deim av fraa Embættet, naar dei gjorde nokot Motstand.

Med Kunnskap og Boklærdom var det i lang Tid myket smaatt i dei fleste Land; men so er det daa likt til, at dei store Krossferderna til Austerlandet hava havt ymse gode Fylgjor i Vesterlandet og vakt ein friskare Hug til bokleg Kunst. Umkring som paa Tolvhundrad-Talet viser der seg alt eit munarlegt Uppstig i Vesterbolken, so som i Frankrike og paa fleire andre Stader, og mange gilde Bøker og Diktarverk era i desse Tidom tilkomne. Ogso i vaart eiget Land var der gjort ymse gode Tiltak i boklegt Verk, og Sogomennerne paa Island hava endaa merkt seg ut framfyre andre med sine meisterlege Skrifter.

Etter all den Folkeflutning, som fyrr hadde voret, kom det endaa i det trettande Aarhundradet ein ny Folkestraum fraa Asia inn yver Midbolken av Europa. Det var Mongolarne, som fyrst hadde sleget under seg eit stort Rike i Asia og sidan komo herjande inn yver Russland og fram mot Tydskland, men daa umsider stadnade og drogo seg tilbaka. (1241). Russland vardt sidan lenge standande under det mongolske Herredøme og kom dermed i stor Vanmagt.

Elles var det fleire Rike, som i lange Tider veiknade og vanskipade seg sjølve med innbyrdes Ufred og mest med Strid um Retten til Herredømet. Det gjekk ofta so til, at naar ein Konung døydde, var det tvo elder tri Ervingar, som vilde taka Riket etter honom, og som hadde kvar sin Folkehop med seg, so det berre galdt um kven som kunde trøyta lengst ut med Striden.

I dei fleste Rike var det og so, at sjølve Folket hadde liten elder ingen Aatgang til Riksstyringi, med di at der alt som vidaste hadde skapat seg ein Adel elder eit Herrestand, som vilde hava Magti fyre seg sjølv. Men so hende det daa og paa nokre Stader, og mest i Tydskland og Italia, at ymse Byar elder Smaafylke fingo skipa seg til som eit litet Rike fyre seg sjølv. I Berglandet Sveits vardt det endaa eit Sambands-Rike av nokre Fylke, som slogo seg saman til Sjølvverja (Aar 1308) og vaaro heppne nog til aa verja sitt Sjølvvelde mot dei framande Herrar, som vilde leggja Landet under seg.

Kongarne av Engelland hadde lenge havt eit Stykke av Frankrike (Normandiet) som eit Ervegods, og seinare vilde dei og hava Herredømet yver heile Riket. Derav reiste der seg daa ein lang Strid (1340), og ei Stund frametter var det likt til, at heile Frankrike skulde koma under Engelland. Men sidan vende daa Lukka seg so, at Franskmennerne vunno atter det, som dei hadde tapt; og den, som gjorde mest til denne Vinningen, var ei Bondegjenta, den namnkunnuge Jomfru av Orleans, som tok paa seg aa føra Stridsheren imot Fienden, daa so mange andre hadde mist Modet. Uheppelege nog vardt ho fangad av Fienden og baalbrend som ei Trollkjerring (1431); men daa hadde hennar Landsmenner alt fenget so godt Framtak, at dei sidan jamt gingo av med Sigren.

Det græske Keisarriket hadde i lange Tider havt myken Ufred baade innantil og utantil; og sidstpaa fekk det daa og ein Granne, som var det for sterk; det var Tyrkarne, som ved Aaret 1330 hadde lagt under seg Litle-Asia og sidan trengde seg inn i Europa og toko Staden Adrianopel, der dei sette seg so fast fyre, at all Freistnad til aa driva deim bakleides var faafengd. Sidstpaa toko dei sjølve Hovudstaden Konstantinopel (1453), og dermed var det græske Keisardømet fallet.

Dei nørdste Riki hadde i desse Tider liti Magt. Den danske Drottningi Margreta fekk Norig og Sverike til aa binda seg saman med Danmark (Aar 1397); men detta Sambandet vardt berre til Vanheppa. Sverike skilde seg fraa og valde seg fyrst ein Fyrestandar og seinare ein Konung; Norig derimot vardt i lange Tider hangande fast med Danmark.

I det femtande Aarhundrad var det uppfunnet aa bruka Fyrvaapen elder Skotvaapen med Krut, og detta Bruket førde sidan til ein ny Tilskipnad i Herstriden og Herbunaden. Ei onnor Uppkoma, som vardt til stor Hjelp fyre den aalmennelege Kunnskapen, var det, at Prentekunsten umkring som ved Aaret 1440 vardt uppfunnen i Tydskland og snart deretter vardt innførd i dei umliggjande Landi.

Ein annan Tilburd, som drog store Fylgjor etter seg, var det, at Amerika no fyrst vardt kunnugt fyre Folket i Gamle-Heimen. Vistnog var Landet funnet fyrr; det er sagt, at Folk fraa Kina hadde visst um det eit Tusund Aar tidlegare; og nokre Hundrad Aar seinare hadde Folk fraa Island og Grønland ogso funnet Amerika; men det vardt ikkje so, at det kom deim til nokot Gagn, og ikkje vardt det vidare kunnugt helder. Det var fyrst i Aaret 1492, at ein Mann, som heitte Kolombo, siglde ut fraa Spania med try Skip og stemnde vest yver Havet i den Voni, at han der skulde koma til India fraa Austersida. Det Landet, som han daa fann, vardt og sidan kallat Vest-India, men elles var det berre nokre Øyar austanfyre Amerika. Nokre faae Aar seinare vardt den rette Vegen til India ogso funnen, daa ein Sjomann fraa Portugal siglde sud um Enden av Afrika og derfraa i Aust yver det indiske Havet. Med desse Sjoferdom hadde daa Folket fenget ei ny Utsyn yver Verdi, og dermed fylgde daa ei stor Forvitna til aa fara i Kring paa Havet i Aust og Vest og leita etter nye Land, so lenge til at heile Jordi var umsigld og alle Sjovegar uppdagade.

Detta Bilet kringum Aaret 1500 er difyre reknat som eit stort Tideskifte, so at dei fylgjande Tider til Skilnad fraa Midaldren era kallade Ny-Aldren elder den nye Æva.

Det nyfundne Landet Amerika var ikkje nokot audt elder ubygt Land; tvertimot var der buande Folk baade i Nord og Sud, og i Midbolken var der endaa megtuge Rike, som Mexiko og det gullrike Peru-Landet, og der var eit djervt og duglegt Folk, som var vidt komet i ymis Kunst og Hagleike. Europa-Mennerne hadde ingen Rett til aa taka nokot Land fraa deim elder gjera deim nokot Forfang; men til Uheppa skøytte dei ikkje stort um nokon Rett; dei vilde hava Landet og vyrde litet um Folket; for dei hadde Krut og Kulor, som dei innfødde ikkje kjende nokot til. Dei innfødde Hovdingarne laago ymist i Strid med kvarandre, og detta visste dei framande Gjesterne aa nøyta so, at dei snart sjølve vordo Herrar i Landet og kunde fara med Folket, som dei vilde. Spaniorarne toko dei gildaste Landi i Midbolken; Portugalsmennerne toko myket av Sud-Amerika; Franskmenner og Engelsmenner toko store Stykke av Nord-Amerika. Og paa same Tider foro Portugisar og Engelsmenner ogso paa Austerleidi og lagde under seg ymse Nylende i Sudhavet og det indiske Hav.

Den megtugaste Hovdingen paa denne Tid var Karl V, som var Keisar i Tydskland (1519 til 1556), og som dertil og ved Erverett hadde vordet Konung av Spania og Herre yver Holland med eit stort Stykke av Italia. Til hans Rike i Spania kom no ogso det nye Landet i Amerika, so det var sagt, at «Soli gjekk ikkje ned i hans Rike». Men hadde han stor Magt, so hadde han og myket til aa strida med. Um Herredømet i Italia fekk han ein lang Strid med Kongen av Frankrike (Frants I), og um Styringi i Tydskland fekk han Strid med sine Underhovdingar. I sine seinare Aar var han myket sjukleg, og difyre avleet han Keisarriket til Broder sin (Ferdinand I) og det spanske Riket til Son sin (Filip II). Tvau Aar seinare døydde han (1558).

Keisar Karl hadde ikkje berre havt Strid um Land og Rike, men han vardt og uroad av eit Kivsmaal um Tru og Kyrkjesed. Pavarne i Rom hadde lenge havt eit Velde, som var til Tyngsla fyre Folket og til Skræmsla fyre sjølve Kongarne. Bibelen var litet kjend, og Lærdomen var forvend og umvavd med mange nye Paabod; og dermed fylgde daa streng Refsing fyre alle, som mistoko seg elder gløymde nokot av desse Paabodom. Detta Meinveldet hadde paa ymse Stader vakt myket Misnøgje. Alt i det tolvte Aarhundradet var der i Frankrike ein Flokk (Valdensarne), som traadde etter ein reinare Lærdom og som difyre vardt hardlege trugad og forfylgd. Seinare var der i Engelland ein lærd Mann, John Viclif (død l387), som talade imot Paven og raadde Folk til aa fylgja Bibelen. Nokot slikt lærde ogso Johan Hus i Bøhmen, og difyre vardt han baalbrend paa eit Kyrkjemøte (Aar 1415). Men sidstpaa kom der daa ein Mann, som hadde større Heppa med seg; det var Martin Luther, Lærar ved Høgskulen i Wittenberg (i Tydskland). Han vitnade djervt og fyndugt mot alle Forvendingar i Kyrkje-Læra og sette sjølv upp ei Fyreskrift til ein betre Lærdom og Kyrkjesed. Han fekk godt Medhelde, og ymse Hovdingar hjelpte honom, so hans Fiendar ikkje fekk Magt yver honom. Fyrr en han døydde (1546), hadde han daa ogso den Hugnad, at hans Lærdomsbot alt var innførd i Nord-Tydskland og Holland og dertil ogso i Danmark, Norig og Sverike.

I det frie Landet Sveits vardt ogso ei Lærdomsbot innførd (av Zvingli og Calvin); men Lærdomen var ikkje heilt upp den same, som Luther hadde sett upp, og difyre vardt detta Kyrkjelaget kallat det «reformerade» til Skilnad fraa det «lutherske». I Frankrike fekk den «reformerade» Lærdomen myken Inngang, men kom ikkje til nokot Herredøme I Engelland hadde Kongen, Henrik VIII, komet i Usemja med Paven og difyre skilt seg fraa den romerske Kyrkja og innført ein ny Kyrkjesed. Dotter hans, Maria, som sidan fekk Riket, vilde derimot reisa den gamle Kyrkjeseden uppatter; men etter henne kom Systeri, Drottning Elisabeth, og i hennar lange og lukkelege Regjering (1558 til 1603) kom Lærdomsboti til fullt Herredøme.

I Frankrike vardt det ein stor Strid um Lærdomsskiftet. Dei, som stridde fyre den umbøtte (elder reformerade) Lærdomen, hadde mindre Magt og leid store Tap, og eingong vardt alle deira gildaste Menner lokkade saman med Voner til Fred og Vinskap,men sidan sviklege yverfallne og drepne i Tusundtal. (Bartholomæus-Natti 1572). Men med alt detta vaaro dei endaa mangmennte nog til Motstand; og daa Henrik IV vardt Konung (1593), fingo dei daa umsider Løyve til aa halda sin eigen Kyrkjesed.

I Tydskland vardt det alt større og større Tvidrætte millom det gamle og det nye Kyrkjelaget; og sidstpaa kom det endaa til ein rasande Herstrid, som varde i 30 Aar og difyre er kallad Trettiaars-Striden. 1618 til 1648. Nordtydskarne, som stridde fyre Lærdomsboti, kunde i Fyrstningi ikkje standa seg imot Keisaren; men fingo sidan stor Framgang, daa den namnfræge svenske Kongen, Gustav Adolf, kom deim til Hjelp. Han fall i eit Slag (1632); men hans Fylgjesmenner sigrade, og daa Keisaren sidan ogso fekk Strid med Frankrike, laut han umsider bjoda Fred og lata Lærdomsboti hava sin Gang.

Engelland hadde i desse Tider fenget stor Magt paa Sjoen og vunnet seg mange Hamnestader og Nylende baade i Amerika og paa Austerleidi. Nokot likt var det og med Holland, som under Keisar Karl V var sambundet med Spania, men sidan sette seg upp mot det spanske Meinveldet (1579) og fekk Hjelp dertil av Engelland. I den lange Striden mot Spania og Portugal vann Holland mange rike Nybygder i India og Austerhavet.

Engelland hadde ymist fyrr leget i Strid med Skotland, som i lange Tider var eit Kongerike fyre seg sjølv; men daa Drottning Elisabeth døydde (1603), var det den skotske Kongen Jakob (elder James), som var næste Ervingen etter henne, og dermed kom daa Engelland og Skotland under same Kongen. Engelland hadde i nokre hundrad Aar havt eit Riks-Ting (Parlament), som skulde raada saman med Kongen um Landsens Saker; men det hende so ymist, at Kongarne fylgde sin eigen Vilje og ikkje lydde etter Rikstinget. So gjorde ogso Karl I, Son til Kong Jakob; men so vardt der ein Fiendskap, som steig so høgt, at Kongen og Tinget førde Herstrid mot kvarandre, og Kong Karl vardt fangad og dømd til Daude og halshoggen (1649). Sidan var Engelland i nokre Aar kongelaust, og Herføraren Cromwell styrde Riket med stor Klokskap men myket strengt og einraadugt, so at Folket leiddest av «Fristaten»; og daa Cromwell var daaen, toko dei Kongssonen, Karl II, til Konung (1660). Etter honom fylgde Broderen Jakob II; men hans Regjering vardt so illa likad, at han sidstpaa vardt avsett, og Maagen hans, William III, vardt teken til Konung (1689). Men daa vardt der og gjort ei ny Grunnlog med greide Skilvangar fyre Kongemagti, so at Engelland dermed fekk ein friare og tryggare Skipnad en dei fleste andre Rike.

I Frankrike var i desse Bilom ein Konung, Ludvig XIV, som jamnan traadde etter Yvermagt paa alle Sidor og dermed vakte myken Ufred. Paa sine gamle Dagar førde han ein stor Strid um Kongedømet i Spania; det er kallat den spanske Ervestriden (1701 til 1714). Der hadde han baade Tydskland og fleire Magter imot seg og leid mange store Tap; men paa Enden fekk han daa sin Vilje fram, so at Sonarson hans, Filip V, fekk hava det spanske Kongedømet.

I same Tidom var det og ein stor Strid i dei nørdste Rikjom. Sverike hadde med Gustav Adolf og etter hans Tid fenget stor Magt og vunnet ymse Landstykke innanfyre Øystersjoen. Dei næste Riki tykte detta vera ottesamt; og Kongarne av Danmark og Polsland og Russland bundo seg saman mot den unge Kongen Karl XII. Kong Karl var so god Stridsmann, at han vann paa deim alle i Hop og var nokre faae Aar i stor Uppgang; men seinare vende det seg so, at hans Fiendar fingo Yvertaket. Det Riket, som gjekk sterkaste ut av Striden, var Russland, som i detta Bilet hadde fenget ein ovlege djerv og dugleg Hovding, Zar Peter den store (død 1725).

I Nørdre-Luten av Tydskland var der uppkomet eit nytt Rike, som traadde sterkt etter større Magt og Landvinning. Det var Prussland elder «Preuszen», som eingong var eit Hertugdøme under Polsland, men sidan vardt sambundet med Brandenburg og fleire Landstykke. Det hadde fenget Namn av Kongerike (1701) og kom til stor Magt og Uppgang under Kong Fredrik II elder den store (1740 til 1786).

Det polske Riket kom derimot i Nedfall. Detta Riket hadde i nokor Tid voret eit Kongedøme med den Fyreskipnad, at Landsens Adel skulde velja den nye Kongen, naar den gamle var fraafallen. Men detta Kongevalet førde ofta til innbyrdes Strid, og sidstpaa gjekk det so, at Grannarne, Russland, Prussland og Austerrike, drogo seg inn i denne Striden og toko kvar sitt Stykke av Landet (1772). Dei polske Hovdingarne reiste seg sidan til Motstand; men dei tapte mot Yvermagti, og daa toko Grannarne det Stykket, som atter var, og bytte det imillom seg. (1795).

Engelsmennerne hadde, som fyrr er umtalat, teket eit stort Landstykke i Amerika, og myket Folk hadde flutt ut og busett seg der. Dei hadde skipat seg i ymse Fylke elder Smaarike med kvar sitt Riksting og ikkje trengt til nokor Hjelp fraa Heimlandet. Daa no den engelske Regjeringi kravde Skatt av deim, so vilde dei ingen Skatt giva, og trettan Fylke slogo seg saman og sagde seg frie fraa Engellands Herredøme (1776). Dei fingo Medhald av Frankrike og Spania, so at Engelland fekk Ufred paa alle Sidor. Og Enden paa Striden vardt daa den, at dei trettan Fylki fingo sin Fridom og vordo standande som eit Sambandsrike, som vardt kallat Unionsstatarne elder dei sambundne Statarne i Nord-Amerika. (Aar 1783).

Det Landet, som no eit Bil frametter vakte den største Tilspurnad, var Frankrike. Det franske Folket hadde lenge boret store Tyngslor og var myket misnøgt med si Landsstyring og sitt Herrestand; og i Aaret 1789 kom det umsider til ei stor Umstøyting (2). Kong Ludvig XVI laut kalla saman eit Riksting, og detta Tinget kravde store Avtak i Kongemagti og sette upp ei ny Grunnlog, som Kongen laut samtykkja. (1791). Eit nytt Ting var endaa stridare mot Kongen og Herrestandet. Mange Stormenner hadde rømt ut or Landet og eggjat dei andre Kongarne til aa hjelpa Kong Ludvig; og daa det sidan spurdest, at ein tydsk Stridsher var paa Vegen til Frankrike, so vardt Kong Ludvig skuldad fyre Samraad med Fienden, og difyre vardt han fangad og dømd og drepen. (1793). Riket vardt kallat Fristat, og Kongsmennerne vordo fangade og drepne i Tusundtal. Desse Tidenderna vakte Illhug og Fælske baade i Tydskland og fleire Rike, og store Stridsherar vordo avsende mot Frankrike til aa hjelpa Kongsmennerne, men dei tapte i Striden og fingo Ufreden inn i sitt eiget Land. Dei franske Hermennerne gingo so fast fram, at dei snart vordo Herrar yver ymse store Landstykke, som fyrr hadde leget under Tydskland og Austerrike, men som no vordo umskipade til Fristatar i fast Samband med Frankrike.

Det vardt elles ikkje rett lenge, fyrr en det franske Folkeriket vardt som eit Einvaldsrike paa nytt Lag. Av dei mange gilde Herførarar, som tamde seg upp i denne Striden, var der ein, som hadde merkt seg ut framfyre dei andre og vunnet mange store Sigrar; det var Napoleon Bonaparte. Han hadde sidstpaa fenget so stor Magt og Vyrdnad, at han vardt Formann fyre Riket (1799), og nokot seinare vardt han endaa utropad til Keisar (1804). Det nye Keisarriket fekk Ufred paa alle Sidor; men Napoleon hadde si gamle Lukka endaa eit Bil, so han vann alt større og større Yvermagt. Men sidstpaa var han daa uheppen og leid store Tap paa ei Herferd til Russland (1812); og dermed fingo hans Fiendar Yvertaket og søkte inn i hans eiget Land. Han vardt avsett og utviist or Landet (1814); men endaa kom han atter og samnade ein ny Stridsher imot Fienden; daa tapte han eit stort Slag (ved Waterloo, 1815), og so vardt han avsett paa nytt og utførd som Fange til ein engelsk Hamnestad paa Øyi Sant-Helena under Afrika. Seks Aar seinare døydde han.

Daa Napoleon var sigrad, hadde dei Magterna, som stridde mot honom, fenget slikt Yvervelde, at dei kunde skifta Land og Folk imillom seg, som dei vilde; og dermed vardt det daa myken Umskipnad i Tydskland og Italia og ymse andre Land. Millom annat, som daa vardt avgjort, var ogso det, at Norig skulde vera skilt fraa Danmark og lagt under Sverike; men seinare vardt det daa so tilskipat, at Norig skulde faa standa som serskilt Rike i Samband med Sverike (1814).

Av nyare Umskifte kunna me som snøggaste nemna, at Grækarland vardt skilt fraa Tyrkeriket og gjort til serskilt Kongerike 1829, at Flamland (elder Belgia) vardt skilt fraa Holland i 1830, og at Italia umsider samnade seg til eit heilt Rike 1861. Frankrike var Kongerike til 1848, daa det vardt umskipat til Fristat; sidan var det Keisardøme under Napoleon III fraa 1852 til 1870, og so vardt det Fristat paa nytt. Um all den styggjelege Ufreden, som elles heve voret i Tydskland og Frankrike, vilde her verda for langt aa fortelja.

Eit huglegare Minne er daa dei mange heppelege Uppfinningar, som era tilkomne i den sidste Mannsaldren. Fyrst og fremst er det den Kunsten aa nøyta Eimkrafti til Flutning og Førsla; dermed kom Folk fyrst til aa byggja Eimskip til Langferder paa Sjoen, og sidan til aa leggja Jarnvegar og gjera Eimvogner til Førsla paa Landet. Dernæst kom det upp aa nøyta Ravkrafti (S. 230) til Teiknestreng (Telegraf) og dermed senda Snarbod fraa Stad til Stad, som er til stor Vinning fyre deim, som turva Tidender langveges ifraa. Og dertil kjem daa ei heil Mengd av Drivverk og Maskinor, som era uppfundne til aa letta Tungorka og dermed spara Tid og Handemagt. Desse nye Uppkomorna hava daa og gjort myki Umbrøyting i ymis Verknad og Vinneskap; og fyrst og fremst er det aa merka, at Samkvæmet imillom dei serskilde Folkeslag heve dermed lettnat og fenget ein Framvokster, som heve gjenget yver alle Voner.

(1) Namnet er eigenlege Caesar elder Kaisar, og derav er Tittelen «Keisar» uppkomen.
(2) Revolution.