Hopp til innhold

Heimsyn/a) Steinriket

Fra Wikikilden
V. Um Skapningen paa Jordi Heimsyn
a) Steinriket
av Ivar Aasen
b) Voksterriket


a) Steinriket.
Til Steinriket høyrer allskyns Jordslag og Grjot og Malmar; difyre er det stundom ogso kallat Malmriket. Det skil seg i mange ulike Slag, og sume av deim era nokot sjeldsynte, medan andre derimot finnast i so stor Mengd, at dei fylla heile store Vidder paa Jordi. Nokre Slag liggja samnade i store Floer elder Veltor, og nokre liggja sundrade i smaae elder store Klumpar og ofta i smaa Korn, som kunna vera innsprengde i Klumpar av andre Slag.

Det hardaste og traustaste Telet i Jordflata er det, som me i dagleg Tale kalla Berg (Stein). Det ligg utbreidt i Jordi i ovlege store Mugor, og det deiler seg ogso i mange Slag, som kunnuge Folk hava sine visse Merke paa; men desse Merki era vande aa skyna fyre andre en deim, som era dertil upplærde, av di at fleire ymislege Grjot elder Steinslag kunna liggja samanmengde i same Berget, so at snart det eine og snart det andre Slaget gjerer Yvermengdi. Nokot likt er det og med dei mjukare Steinslag og Jordkynder, som liggja ovanpaa Grunnberget elder imillom Berghøgdom; dei kunna og vera samanmengde paa ymse Maatar, so det er vandt aa skilja deim fraa kvarandre. Den grannaste Skilnad kann vera gjord med Sundring og Samanstrjuking elder Smelting, naar ein dermed kann faa utrøynt, kvat som er det rette To elder Grunn-tel i alle Steinslag; men dertil treng ein mange serlege Reidskapar, so at det aldri kann verda nokon aalmenneleg Kunnskap.

Det vanlegaste harde Bergslaget kalla me jamnaste Graaberg elder Kamp, og stundom Blaaberg elder Raudberg (Raudegrjot), naar det heve ein annan Svip i Liten. Ymse Bergslag, som lata seg kløyva elder hogga og skjera, era kallade Helleberg, Flisberg (elder Skalberg) og Esja og Telgjestein (Blautegrjot). Elles er Steinslaget oftaste nemnt etter dei Ting, som Folk hava brukat det til, so som: Kverneberg, Slipesteinsgrjot, Bryneberg, Heineberg, Tavlestein og Takstein. I Bøker, som høyra til Bergkunnskapen, finna me derimot mange andre og mest berre framande Namn paa Steinkyndi, so som Granit, Gneis, Skifer, Sandstein, Kisel og fleire slike; men desse Nemningarne retta seg berre etter Grunntelet i Steinen, og dermed fylgjer daa, at det same Namnet kann gjelda um fleire ulike Ting. Soleides høyra me, at baade Kverneberg og Bryneberg og Telgjestein er reknat til «Skifer», og at baade Kvitestein (Qvarz) og Tinna (Flint) og Dvergsmide (Krystall) er altsaman reknat til «Kisel».

Av dei mange ymislege Tel og To, som liggja innsprengde i Berg elder Jord, er der nokre, som era finare og seigare en andre Slag, so at dei lata seg støypa elder forma i ymise Skap og soleides verda brukade til Smidefang. Dertil høyrer dei tunge Malmar (elder Metall), som er Jarn, Kopar, Tin, Bly, Sylv og Gull og mange fleire, som era mindre kjende, so som Nikkel, Zink, Platin og nokre andre. Til slike Malmar rekna dei ogso Kviksylv, som merkjer seg ut fraa dei andre med di, at det held seg rennande elder sigande som ei Væta. Nokre Malmar lata seg mengja elder samstøypa med ymse andre Slag, og paa den Maaten kann ein laga blandade Malmar, so som Massing og Tambak (av Kopar og Zink), Klokkemalm og Brunkopar elder «Bronze» (av Kopar og Tin), og Nysylv (av Kopar med Nikkel og Zink). Med serleg Tilverkning kann ein ogso gjera Jarn til Staal og til Blekkplator. Til Manns Bruk er Jarnet den gagnlegaste av alle Malmar.

Nokre fine Steinslag merkja seg ut med ein serleg Lit og Glans og verda difyre ofta umtalade som Prydesteinar i ymse Kunstverk; det er slike som Demant, Rubin, Smaragd og fleire, som era nokot sjeldfengde og standa høgt i Pris. Ei fin Steinkynd, som kløyver seg i tunne glitrande Skivor, og som me kalla Kraakesylv, er mangstad aa finna, men er ikkje vidare havd til nokot Bruk. Av dei mange mjukare Steinslag kunna me nemna Kalkslaget; dertil høyrer Kalk (elder Limstein) og Gips og Krit, og dertil rekna dei ogso Marmor, som er myket brukat til ymse Kunstverk. Nokre Steinslag lata seg brenna og verda reknade til Kol-kyndi; det er slike som Brennestein (elder Svaavel) og Rav og Steinkol; og til denna Kyndi rekna dei ogso Demanten, som elles er det hardaste av alle Steinslag. Nokre andre lata seg bræda elder tida upp til Væta, og dei verda reknade til Saltkyndi; det er slike som Salt, Salpeter, Alun og Svertestein (Vitriol).

Det Steinslaget, som er vidaste aa finna, høyrer no elles til same Telet, som det faste Bergslaget; og i Blanding med Steinen er der ymse Kynder av lausare og mjukare Tel, som liggja utjamnade i store Floer paa Jordi; det er slike som Aur, Sand, Leir, Torv og Mold. Av desse Jordkyndom er det Moldjordi, som er vidaste utbreidd, og som dertil ogso heve det største Verdet fyre Grasvokstren og Skogvokstren. Ein kann endaa segja, at liksom Jordi tenar til Fodring fyre Vokstren, so tenar Vokstren ogso til Fodring fyre Jordi, med di at alt Avfall av visnad og uppmorknad Vokster vil smaatt um Senn skapa seg um til Mold og mengja seg med den underliggjande Jordtorva.

Bergkunnuge Folk gjera Skilnad paa eldre og yngre Lag i Jordbotnen, so at dei deila Grunnen i try store Lag, som er Grunnberg og Fletberg (1) og Tridjelag (2), og dernæst lata dei det lause Jordslaget fylgja som eit Tillag ovanpaa. Desse Lagi skilja seg stundom i fleire Floer, og paa sume Stader kann det vera mange Floer fraa Grunnen og upp til Jordtorva; paa andre Stader kann Grunnberget ganga heilt upp i Jordflata og endaa stiga i Høgdi som store Fjell. Paa sume Stader kann eit Bergslag vera fullt av Smaafloer elder Millomfloer av eit annat Grjot, som me kunna sjaa i ymse Bergbrot, som hava heile Rader av slike Millomfloer, so at dei visa seg mest som Gaarar i Tre elder som Render i ein Vev. Ofta høver det og so til, at desse Gaararne halla upp og ned, so det er mest aa sjaa til, som um Berget hadde eingong voret blautt og bøygt seg upp og ned, som Baaror paa ein Sjo, og so sidan storknat i Hop og hardnat til. Og der er ogso fleire Likinde til, at det eingong heve voret store Umskjeplingar i Jordi, fyrr en ho fekk sitt fullkomne Skap; men kor det elles heve gjenget til, er vandt aa vita. Derimot er der ymse Umskifte i det øvste Jordlaget, som era lettare aa skyna, so som at Jord og Stein heve siget lenger ned ifraa Bergom, at Vatnet heve gravet seg djupare Rennor, og at Øyrarne elder Grandarne i Elvosom hava lagt seg lenger ut og vakset til av Sand og Gyrma, som Elvarne føra med seg. Slike Tiljamningar paa Jordi kunna ganga fyre seg endaa; men dei ganga so seint og smaatt, at me ikkje merka nokot stort til deim.

(1) Etter det tydske Flötzgebirge. Flötz er ei Flata elder Flo; eigenlege det same som vaart gamle «Flet».
(2) Kallat dei «tertiære» Lag.