Heimsyn/V. Um Skapningen paa Jordi
←IV. Um Jordbolkarne | Heimsyn V. Um Skapningen paa Jordi av Ivar Aasen |
a) Steinriket→ |
V. UM SKAPNINGEN PAA JORDI.
Dei mange Slag elder Kynder av skapade Ting
paa Jordi skilja seg i tri store Deilder elder sokallade
Rike, som er Steinriket, Voksterriket og Dyreriket.
I den fyrste Deildi er slike Skapkynder, som korkje
hava Vokster elder Liv elder nokot Slags Innreide
og difyre kunna heita reidelause elder uvoksterlege (1)
Skapningar. I andre Deildi er slike Kynder, som
hava Innreide til aa draga Safter i seg og tilverka
Safterna, so at dei kunna veksa og halda sin Vokster
i kvar sin eigen Skapnad og Storleike. I tridje Deildi
er ogso Skapningar, som veksa og fodra seg, men
som dertil og hava Innreide til fullkomet Liv med
Rørsla og Nørsla etter sin eigen Vilje. Dei tvo sidste
Deilderna hava det Laget saman, at Einingarne (elder
dei einlege Skapningar) koma til fraa eit litet Upphav
og veksa til ein viss Alder og sidan kunna
øksla seg sjølve med nytt Elde av sitt eiget Slag,
so at Ætti stend uppe, um Einingen (2)
fell ifraa. I
fyrste Deildi er ikkje nokre slike Skifte, som kunna
vekkja so stor Forvitna; men lika fullt er no denne
Deildi som eit Grunnlag fyre dei andre, og difyre
synest det vera høvelegt her som annanstad aa nemna fyrst det, som eldst er, elder rettare: det som fyrst
laut vera, fyrr en det andre kunde vera.
(1) Uorganiske.
(2) Individet.