Heimsyn/I. Um Jordflata

Fra Wikikilden
Forside Heimsyn
I. Um Jordflata
av Ivar Aasen
II. Um Luft og Veder


I. UM JORDFLATA

Det Stykket av Jordi, som me kunna sjaa fraa Heimstaden, er berre som ein ørliten Flekk imot den store Viddom, som liggja kringum oss. Naar me standa paa ein Stad, som er so tilliggjande, at me hava fri Umsyn til alle Sidor, so sjaa me berre nokre faae Miler ut i Rømdi og lika langt paa alle Leider, so den heile Umkverven viser seg som ei rund Skiva, og me sjølve standa i Midten. Men naar me so fara ut paa ei Langferd, so faa me sjaa, at Umkverven elder Augleitet skapar seg um, med di at det kjem upp ei ny Himmelsyning1 paa Framsida, og derimot den gamle Syningi paa Baksida kverv undan, so at me snart koma inn i eit nytt Augleite og tapa det gamle av Synom. Soleides kunna me fara i mange Dagar og sjaa mange nye Umkvervar berre i eit einaste Rike; men endaa faa me høyra, at der er mange andre Land, som era mange Gonger større.

Yverflata paa Jordi er anten Land elder Sjo. Landet er ujamt i Høgdi, og Sjobotnen lika eins; men Sjoen sjølv stig allstad lika høgt, og difyre kann ein ogso segja, at naar Grunnen stig upp yver Sjoflata, so er det Land, og naar han ligg under Sjoflata, so er det Sjo. Store Deilder av Landjordi liggja i ei heil og samanhangande Muga, og daa kalla me det eit Fastland; men ymse Smaadeilder liggja skilde fraa Fastlandet og kringfløytte i Sjoen, og slike kalla me Øyar elder Holmar. Med Sjoen er det nokot likt som med Landet, at han paa sume Stader kann rekka langt ut igjenom store Vidder, og daa kalla me det eit Hav; men paa andre Stader tøygjer han seg ut i mindre Greiner imillom ymse Land elder Øyar, og daa kalla me det ein Fjord elder eit Sund. Det salte Vatnet, som fyller Havet og Fjordarne, kalla me Sjo elder Sjovatn; eit annat Slag er Aavatnet elder det reine Vatnet, som samnar seg i ymse Dypter paa Landet og derifraa sig ut i Aaer elder Elvar imot Sjoen. Naar eit Land hallar so til, at Vatnet kann strøyma saman fraa store Vidder og samna seg i ei einaste Lægd, so kann Elvi sidstpaa verda so stor og djup som ein Fjord, so at ho er farande fyre Skip og Baatar langt inn ifraa Sjoen. Men stundom kann det og vera store Dypter i Vatsdraget, so at det verd som ein Fjord inne i Landet ovanfyre Sjoflata, og daa kalla me det berre eit Vatn.

Naar ein fer Sjovegen sud-etter so langt som til Sudsida av Spania, so kjem ein til ein ovlege stor Fjord, som gjeng umkring som 500 Mil inn i Landet og som er kallad Midelhavet (elder Midlandshavet). Denne Sjoen er som eit Skilmerke fyre tri store Deilder av Fastlandet; dei Landi, som liggja nordanfyre, hava fenget Namnet Europa; Landi paa Sudsida heita Afrika, og den store Landmuga austanfyre desse tvo Deilderna heiter Asia elder Austerland. Desse tri Stordeilderna verda ogso kallade Gamle Heimen (elder den gamle Verdi), av di at Folket i desse Jorddeildom heve havt den eldste Minnesaga (elder Historia) og i lange Tider ikkje visst um nokot annat Fastland. Det store Havet, som er utanfyre Europa og Afrika, og som er kallat Vesterhavet elder Atlantarhavet, var difyre lenge reknat som Endemerke paa Vestersida. Men sidan vardt det daa uppdagat, at der utanfyre Vesterhavet ligg eit Land, som er myket større en Europa og rekk lenger sud en Afrika. Detta Landet, som no er kallat Amerika, vardt daa den fjorde Jorddeildi. Og sidan kom det upp, at der sunnanfyre Asia var endaa eit stort Land; og detta Landet, som er kallat Australia, vardt daa den femte Jorddeildi.

Vestanfyre Amerika er eit Hav, som er større en dei andre og som er kallat Stillehavet. Naar ein stemner tvert yver detta Havet ifraa Nord-Amerika, so kjem ein til Austersida av Asia, so at ein daa er atter komen til Gamleheimen fraa ei onnor Sida. Dermed viser det seg, at Jordi er ein Klot elder Klump, so at ein kunde fara rundt i Kring paa alle Sidor, soframt det var allstad lika lett aa koma fram. I Aust og Vest kann ein halda same Stemna paa heile Vegen; stemner ein jamt i Vest, so kjem ein heimatter austantil, og stemner ein jamt i Aust, so kjem ein atter vestantil. I Nord og Sud kunde ein ogso koma rundt i Kring, naar der hadde voret framkjømt; men der er store Stengslor i Vegen, med di at den nørdste Kuven (ved Nordpolen) er tiltakt med Isberg og Snjoberg, og den synnste Kuven (ved Sudpolen) lika eins. For paa baade desse Stadom er der so liten Varme, at Isen ikkje kann losna elder tidna.

Denne Fyresegni um den runde Jordkloten kann i Fyrstningi lyda nokot undarlege fyre oss, daa me alltid era vane til aa tenkja oss alle Vidder som ei einaste Flata. Det kjem av di, at me ikkje kunna sjaa nokot meir en eit litet Stykke av det heile. Kunde me sjaa ut yver eit heilt Hav paa ein Gong, so vilde me finna, at det er uppkuvat elder høgt i Midten og hallar jamt ned aat Sidom; og nokot dilikt vilde det vera, naar me saago ut yver eit stort Fastland; for alle Fjell vilde verda so smaa, at den heile Muga viste seg som ei Sletta med ein Kuv i Midten og ei Halling paa kvar Sida. Og uti den store Himmelrømdi maa Jordi visa seg som ein Ball elder rund Klump, lika slett paa alle Sidor og svivande fritt i Rømdi lika eins som Soli og Maanen. Den greidaste Framsyning av heile Kloten er ei rund Kula (ein Globus) med Skilmerke fyre Land og Sjo paa alle Sidor; elles kann ein ogso teikna Jordi flat, men daa lyt ein teikna fyrst den eine Sida og so den andre, so det verd tvo runde Skivor, som me sjaa paa Landkortom. Det er so til aa taka, som naar ein vil kløyva eit Eple midt i tvau og leggja baade Halvorna jamsides, so ein kann sjaa heile Utsida paa ein Gong.

Det kann og vera undarlegt aa høyra, at ei Sida av Jordi vender beint ifraa oss elder beint ned (som me vilde segja), og at der paa den Sida kann vera Folk, som venda Føterne beint imot oss. Men det Folket vil derimot synast, at det er me, som bu paa den nedste Sida og snu Føterne upp; for kvarsomhelst ein kjem paa Jordi, so tykkjest ein vera ovanpaa og hava Land og Sjo inn under seg. Alle Stader vil Tyngdi søkja mot Grunnen, og den Grunnen er i sjølve Jordi; for ho heve ikkje nokot til aa standa paa. Det, som me kalla upp, er det same som ut ifraa Grunnen, og det, som me kalla ned, er det same som inn imot Grunnen; og soleides verd det kallat upp og ned kring um heile Jordi, men det gjeng ikkje beint i same Lina paa den eine Staden som paa den andre.

Detta Laget, at Jordi dreg alle Ting aat seg, elder at alle Tyngder søkja mot Grunnen, er nokot, som me alle sjaa og kjenna. Alt, som er for tungt fyre Lufti, vil detta ned, og alt, som er for tungt fyre Vatnet, vil søkka aat Botnen. Alt det, som skal standa trygt, maa standa beint upp, og naar det skal rekka nokot høgt, so maa det hava fast Rot i Grunnen. Det, som ligg i ein Bakke elder paa ei Skaaflata, vil gjerna siga aat den laagaste Sida; der vil liti Kraft til aa driva det ned, men stor Kraft til aa driva det upp; difyre er det alltid tyngre aa ganga mot Bakken en undan, og verre aa ganga paa ein hallande Is en paa ein, som er flat. Det same Tildraget er det og, som gjerer, at store Skridor av Jord elder Snjo kunna losna fraa ei Bergsida og sturta ned paa Flata. Men elles er denne Krafti lettaste aa merka i Vatnet, med di at det er so tunnt og rørlegt, at det kann jamna seg til ei Flata, kvarhelst som det kjem. Naar det fyrst heve samnat seg til ein liten Bekk, so leitar det alltid upp den laagaste Dypti og holar seg ei Grov elder Renna til aa laupa i. Raakar det paa sprokkutt og steinutt Grunn, so kann det og renna inne i Jordi og sidan koma uppsprettande paa ein laagare Stad; daa verd det ei Kjelda elder Ila. Kjem Vatnet ned i ei stor Dypt og ikkje kann finna nokot laagare Avlaup, so fyller det heile Dypti, til det naar upp til den laagaste Avlaupsstaden; daa verd det ein Hyl elder eit Vatn, som me kalla det. Kjem Elvi fram paa ein bratt Bakke elder Berghamar, so støyter ho seg ned i ein skumande Foss; kjem ho derimot ut paa ei Flata, so sig ho stillt og seint fram; men endaa stadnar ho ikkje, fyre ho naar ned til Sjoflata.

Paa Landjordi vil Vatnet soleides alltid strøyma ned imot Sjoen: men i Fjordom og i Havet er ogso ymse Strøymingar i andre Stemnor. Mest kunnig er den Rørsla, som me kalla Sjofallet, og som heve si visse Tid, so at det verd Flod og Fjøra tvo Gonger i Døgret, med di at Sjoen stig elder fløder i seks Timar upp imot Flodmaalet og sidan fell i seks Timar ned imot Fjøremaalet. Det høver so til, at den eine Flodi kjem, naar Maanen er i Sud (elder i Middagsstriket), og den andre, naar han er paa Nordsida, og difyre verd det soleides uttydt, at Maanen heve eit Tildrag, som verkar paa Havet, so at der verd ei Strøyming imot Maanen paa den eine Sida og derimot ei Fraastrøyming paa den andre, til dess at der verd Jamvegt paa baade Sidor. Elles er det og sagt, at Tildraget imot Soli verkar nokot med. Sjofallet kann vera myket ulikt paa ymse Stader, av di at der er Tverrbakkar i Grunnen, som møta Havstraumen elder driva honom til Sida. I store Fjordar, som liggja langt ifraa Havet, er det ofta liti elder ingi Flod, og endaa i vaart eiget Land er der paa Sudsida ymse Fjordar, der det er vandt aa sjaa nokon Skilnad paa Flod og Fjøra; men derimot hava me paa Vestersida eit stort Sjofall, umkring som fjore elder fem Alner i Høgdi. Denne Rørsla er Orsak til mange Straumar i Sjoen og viser seg mest paa slike Stader, der det er eit trongt Innlaup til ein stor Fjord, for der strøymer Sjoen so fort som ei Elv og gjeng ut elder inn, etter som Sjoen fell elder fløder.

Grunnen i Havet er ujamn liksom paa Landet; sumstad er det store Djup, og sumstad er det Skallar og Grynnor, som stiga nokot nær uppunder Sjoflata. Dei Vidderna paa Jordi, som era yverflødde med Vatn, era myket større en det, som er Land; og det er endaa utreknat, at Landet er berre ein Tridjung, men Sjoen derimot tvo Tridjungar av Jordflata; framfyre annat er det det store Sudhavet elder Stillehavet, som tek upp ein stor Part av all denne Viddi. Den største Mengdi av Sjo er paa sydre Sida; den største Landmengdi er derimot paa den nørdre Halvparten av Jordi.

Kor Jordkloten er lagad innantil elder inn i Midten, er oss ukunnigt; men ein merkeleg Ting er det, at det paa ymse Stader er Teikn til store Rørslor inn i Jordi. Paa ymse Tider kann det koma ei Risting elder Skaking i Grunnen med ein dundrande Ljod; det er det Tilfelle, som dei kalla Jorddune elder Jordskjelv, og som paa nokre Stader kann hava slik Styrke, at baade Hus og heile Byar kunna brotna og rynja ned. Nokot likt med detta er eit annat Tilfelle, som kann ovra seg i ymse Berg elder Jordtoppar, som dei kalla Eldberg (elder Vulkaner); det gjeng so til, at der paa ymse Tider sprett upp ein Strøym av Eldmyrja og stundom ei sjodande og gloande Røra, som sig ut yver Berget og sidan storknar og brest isunder og verd liggjande som ei Steinurd kring um Opningi. Slike Eldberg er der paa Island og ved Midelhavet, men dei fleste av deim liggja paa Vestersida av Amerika og kring um det store Sudhavet. Paa nokre Stader er det ogso Merke til, at der eingong heve voret Eldberg, som sidan era utbrende og avsloknade, so at der berre stend atter ein rund Topp med ei Dokk i Midten.