Heimsyn/II. Um Luft og Veder

Fra Wikikilden
I. Um Jordflata Heimsyn
II. Um Luft og Veder
av Ivar Aasen
III. Um Himmelklotarne


II. UM LUFT OG VEDER.

Lika eins som Vatnet ringar seg kring um Jordi og fyller alle dei laagaste Dypter, soleides heve Jordi ogso eit annat Umlag av eit myket lettare og rørlegare To, som me i dagleg Tale kalla Vind elder stundom Luft, og som i ei vidare Umsyn kann heita Vindheimen elder Luftriket (Atmosfæra). Lufti er so tunn og gjenomsynleg, at me ikkje sjaa henne med Augom; derimot kunna me kjenna henne baade med Andedraatten og med berre Handi, naar me sveiva nokot sterkt med Armen; lika eins kann ein sanka Luft i Belgjer elder Blaasor og fylla og tøma deim, ettersom ein vil. Soleides kann ein suga Lufti ut or ei Røyr elder Pipa, og naar ein set Enden av Røyri ned i Vatn elder Væta, so kann ein dermed draga Vatnet upp igjenom Røyri; for det vindtømde Romet vil hava si Fylling, soframt som der er nokot, som kann renna inn i Romet. Ein kann ogso gjera seg ei kunstig Sugerøyr elder Pumpa (som dei kalla det) til aa tøma Vatn or Farty og meir slikt. Der kann ein segja, at det er Lufti, som dreg Vatnet etter seg; og dermed viser det seg daa, at Lufti heve større Seigd og Styrke, en som ein skulde vona etter fyrste Svipen.

Den frie Lufti kjenna me best, naar ho er i Rørsla elder Strøyming, og det er det Tilfellet, som me jamnaste kalla Vind. Ei slik Rørsla kann stundom koma av eit Varmeskifte i Lufti. Naar Landjordi er vel uppvarmad paa ein klaar Sumardag, vil der ut imot Kvelden koma ei kaldare Strøyming fraa Havet inn igjenom Fjordarne; det er den Blaastren, som me kalla Havgula elder Utrøna. Naar derimot Jordi er tillagd med Snjo elder Is og difyre er kaldare en Sjoen, so vil der strøyma ei kald Gust ifraa Dalsladom ut yver Fjordarne; denne Blaastren kalla me Dalsnoa elder Skjella. Det er ogso kunnigt, at Nordanvinden jamnaste er kald, og Sunnanvinden derimot er mild, av di at Sudsida er den varmaste; men elles kann det og vera nokot ustødt med Varmen; for det gjeld um, kor langt det er, at Vinden heve gjenget beint i same Stemna. Um dei største Vindstraumarne er det upplyst, at dei ganga i store Ringar elder Kvervar, so at det, som her er Vestanvind, kann lenger i Aust vera Nordanvind, og lenger i Sud derifraa kann det vera Austanvind. Og det høver ogso ofta til, at der paa den eine Sida av Landet er ein stor Storm, medan det paa den andre Sida er Stilla elder iminsto eit annat Vindslag.

Ymse Umskifte i Lufti koma av Eimar, som stiga upp fraa Jordi; for baade det store Havet og Landjordi vil jamlege giva fraa seg ei stor Mengd av Gova elder Vaatrøyk, som stig upp i Høgdi og fer svivande att og fram, etter som Vinddraget strøymer. Detta Uppstiget kann lenge vera so smaatt og tunnt, at me ikkje sjaa det; men sidstpaa verd det daa synlegt som eit Musk i Høgdi, som me kalla Sky; stundom kann detta Musket ogso leggja seg ned paa Jordi, og daa kalla me det Skodda elder Toka. Naar Skyerna hava sankat seg og siget i Hop, so at Væta er for tung til aa sviva i Lufti, so fell ho nedatter paa Jordi, og det kalla me Nedburd. I mildt Veder vil Væta falla i runde Dropar, og daa er det Regn; men naar det er kaldt i Høgdi, so kunna Vatsperlorna vera samanfrosne i runde Korn, som me kalla Hagl, elder ogso frjosa dei saman i fine tunne Flokar, og daa heiter det Snjo. Elles kann det ogso koma ei Væta paa Jordi i klaart og turt Veder; det er den Væta, som me kalla Dogg, og som kjem av ei Avkjøling i Lufti um Kvelden, naar Soli er nedgjengi. Og stundom kann Lufti verda so kald, at Doggi frys paa Marki; daa heiter det Hela elder Rim.

Desse Tilstand i Vedret kunna skifta seg i mange Slag, etter som Vind og Varme raader i Lufti; og sume av desse Umskiftom kunna vera vandslege nog til aa skyna. Eit av dei undarlegaste Tilfelle er det, som heiter Eldingar elder Ljon; det er ein Eldgneiste, som kveikjest i Skyom og skyt seg ut med ei unemneleg Hast og med ein brakande Ljod, som me kalla Tora. At ei Regnsky skulde kveikja Eld, maatte synast utrulegt; men endaa sjaa me, at det kann ganga fyre seg. Der er ei Kraft i Skapningen, som her kann heita Ravkraft, og som viser seg i ymse Ting soleides, at naar dei verda hardt strokne elder skurade, so kunna dei draga ymse lette Ting til seg elder støyta deim fraa seg, og dertil kunna dei ogso skjota Gneistar med ein knettande elder smellande Ljod. Denne Krafti var fyrst uppdagad i eit Slags Steinkvaada elder Perlestein, som heiter Rav (1); men seinare heve den same Krafti vordet funni i mange andre Ting og nøytt og freistad paa mange Maatar, so det vilde verda for langt aa tala um alt, som dertil høyrer. No verd det soleides utlagt, at der paa ymse Tider, og helst i Varme og Regnveder, er ei stor Mengd av Ravkraft i Lufti, og at detta verkar til ei Strøyming og Strjuking i Skyom, so at det stundom vil smella laust med slike Utbrot.

Nokre Syner i Lufti koma berre av ei Avspegling elder Brøyting i Ljosstraalom; dertil høyrer Regnbogen, som viser seg fyre oss, naar me hava klaar Sol paa den eine Sida og ein tjukk Regn-eling paa den andre. Di større og breidare Elingen er, di vænare verd Regnbogen; og i beste Høvet sjaa me endaa tvo Bogar, den eine upp-yver den andre, og eit myrkt Skybelte imillom deim; men naar Elingen er nokot tunn og liten, so sjaa me berre ein Stubbe av Bogen; det er det, som dei kalla Vederstuv elder Elhovud. Og slike Bogestubbar sjaa me ogso i ein Foss og i drivande Vatn, naar det kjem i den rette Høgdi, der som Vatsdroparne kunna avspegla Solstraalarne fyre oss. For den beine Lina fraa Soli og fraa vaar eigen Synstad raakar ikkje paa sjølve Regnbogen, men paa Midten i den runde Ringen, som denne Bogen vilde fylla, naar han ikkje vardt avbroten ned ved Jordi. Difyre er det so, at Regnbogen stend høgst, naar Soli er laagaste, men naar Soli er høgst, sjaa me ingen Boge.

Elles er det ymse andre Tilfall i Lufti, som berre visa seg i Myrkret elder paa Nattartider. Dertil høyrer den braglande Ljosken, som er kallad Vederlyse elder Nordlyse og som helst viser seg paa Nordsida, so at Folk so ymist hava trutt, at det skulde hanga saman med Dragsteinskrafti; det er det Laget, som viser seg i Dragsteinen elder «Magneten», at naar han er so uppstellt, at han kann sviva kringum ein Stake elder Stolpe, so vil han alltid draga seg mot Nordsida elder mot Polen. Men elles heve det voret so mange andre Gisningar um denne Ljosken, at det er vandt aa vita, kvat som er det vissaste. – Eit annat Slag er det, som me kalla Stjernerap, av di at det syner seg som ei fallande Stjerna; og nokot dilikt er ogso desse Eldkulorna, som me kalla Vederbrand elder Drake. Det verd so uttydt, at det er nokot, som kjem inn i Lufti utanifraa og som kveikjest og lyser paa sin Gang igjenom Lufti. Der er eit Slags Malmklumpar, som skal vera tilkomne av slike Eldkulor, som hava fallet til Jordi; men kvar den Malmen heve skapat seg til, er nokot uvisst aa vita.

Upp i Høgdi verd Lufti tunnare og tunnare, og paa dei høgste Fjellom paa Jordi skal der vera so tunn Luft, at det er knapt ein kann draga Ande. Etter alt, som er kunnigt, rekk ikkje Luftlaget meir en nokre faae Miler ut ifraa Jordi, og sidan er det berre den klaare Himmelrømdi utanfyre. Der maa det daa vera tomt og audt fyre den Lufti, som høyrer til Livet paa Jordi; og dertil maa der ogso vera ein Kulde, som er større en alt, som Folk hava freistat.

(1) Det græske Namnet paa Rav er «Elektron», og deretter er denne Krafti kallad «Elektricitet». Det er eit Namn, som me ikkje kunna bruka.