Heimsyn/III. Um Himmelklotarne

Fra Wikikilden
II. Um Luft og Veder Heimsyn
III. Um Himmelklotarne
av Ivar Aasen
IV. Um Jordbolkarne


III. UM HIMMELKLOTARNE.

Etter det, som fyrr er sagt, er Jordi sjølv ein svivande Klump elder Klot i den store Himmelrømdi; og av slike Klotar er der ogso fleire, som me alle sjaa med Augom, av di dei visa seg fyre oss som Ljos elder lysande Ting. Dertil høyrer no fyrst «dei tvau store Ljosi», som er Sol og Maane. Av desse er det Maanen, som er næst ved Jordi; det kunna me sjaa paa Skinet, med di at han verd myrk, naar han kjem paa den Sida, der Soli er, og kann fyrst faa sitt fulle Skin, naar han kjem paa den andre Sida av Jordi. Dermed viser det seg og, at han i seg sjølv er lika so myrk som Jordi, og at han berre lyser med eit Atterskin fraa den Sida, som vender mot Soli. Med Solljoset er derimot eit annat Lag: Soli stend alltid med fullt Ljos, alltid lika bjart og brikjande, so at den Sida av Jordi, som vender imot henne, vil alltid faa sitt fulle Dagsljos, og um Lufti stundom er full av Skyer, so er Ljoset endaa sterkt nog til aa trengja seg igjenom og gjera Dag paa Jordi.

Fyre Augnesyni viser det seg so, at Jordi stend fast i Midten av Himmelrømdi, og at Sol og Maane og Stjernor ganga rettsøles i ein Ring elder Boge um Jordi. Difyre segja me og, at Soli gjeng upp og ned, og Maanen lika eins; for det fell oss so kvæmt og høvelegt, at me ikkje kunna segja det paa annan Maate. Det heve ogso voret lange Tider, daa alt Folk trudde, at alle Himmelklotar gingo rundt um Jordi, men i seinare Tider, daa Jordi vardt umsigld, og Himmelbularne vordo grannare ettersedde, viste det seg, at desse Tilhøvi maatte hava ei onnor Tyding. Og sidstpaa vardt det daa avgreidt so, at det er berre Maanen, som gjeng rundt um Jordi, men at Jordi sjølv gjeng rundt um Soli, og at der endaa er fleire Klotar, som ganga i Kring um Soli, og at sume av deim ogso hava sine Maanar med seg.

Etter denne Tydingi heng det soleides saman, at Soli stend paa sin eigen Stad som ei onnor Stjerna, og at Jordi gjeng i ein avlang Ring um Soli, so at ho fullfører denne Umgangen paa eit Aar; og paa denne Vegen fylgjer Maanen med, so at han gjeng rundt um Jordi tolv Gonger og nokot paa den trettande, fyrr en Aaret er utlidet. Men med det same heve Jordi ogso ei onnor Rørsla, med di at ho snur seg rundt i Kring og fullfører denne Umsnuingi paa fjore og tjuge Timar, som me kalla eit Døger. Og desse Rørslorna ganga so jamt og stødt i den store Rømdi, at me ikkje kjenna nokot til deim; den eine Umgangen er so lik den andre, at me ikkje kunna sjaa nokon Skilnad paa deim.

Daa no Soli alltid er lika ljos, vil det alltid vera ein Halvpart elder ei Sida av Jordi, som heve Ljos og Dag, medan den andre Sida stend i Skuggen og heve Natt. Og daa Jordkloten er skapad som ei Kula (som fyrr er sagt), so verd det alltid berre ei liti Flata, som vender beint imot Soli. I Midten av Dagsida verd det ein liten Kuv, som heve Soli beint upp yver seg; utanfyre den Kuven verd det ein stor Ring, som hallar nokot burt ifraa Soli, og utarst i Dagsida hallar det so sterkt, at Soli stend tett ved Landbruni elder i laagaste Himmelsynet. Men daa no Jordi alltid held paa med ei Umsnuing, so vil denne Dagsida alltid flytja seg etter Soli fraa den eine Flata til den andre. Og deretter vil ogso Varmelaget retta seg; der som Soli stend høgst, verd Varmen størst; men ute paa Sidom verd han mindre, og i Skuggen elder paa Nattsida verd han alltid minst.

No er det aa merka, at detta Umsvivet gjeng alltid i same Stemna (fraa Vest mot Aust), og at der er tvo Flator elder Rundingar, som alltid halla nokot burt fraa Soli og aldri venda beint imot henne. Det er dei Rundingarne, som dei kalla Polar (Nordpolen og Sudpolen). Paa ei Kula, som snur seg rundt, er det alltid ein Prikk paa kvar Sida, som ikkje snur seg; lika eins paa eit Nysta, som heng i ein Traad, so at alle Sidorna kunna sviva i Ring: den øvste og den nedste Toppen kjem so midt i Ringen, at han ikkje kann sviva. So er det med Jordkloten og: dei tvo Polarne standa paa sin visse Stad, medan heile Umkverven snur seg kringum deim, og det heile Umsvivet gjeng so stødt og trygt, som um Jordi hadde ein Aas elder Nagle til aa snu seg paa; difyre verd det ogso talat um Jord-aasen (elder Axen), endaa der er ikkje annan Aas en berre det beine Striket i Himmelrømdi. Detta Striket stend ikkje beint i Tverlina fyre Soli, men alltid nokot hallande til den eine Sida; og denne Hallingi gjerer so myket, at Jordi fær ein Gong Sumar paa Nordsida og ein annan Gong paa Sudsida.

Ein Gong um Aaret hallar Nordpolen so langt ifraa Soli; at ho ikkje naar til aa skina paa den Landbolken, som er lengst i Nord; det er ved Jole-Tider, og daa hava me her paa Nordsida den lengste Natti; men dei, som bu paa Sudsida, hava lengste Dagen og høgste Sumaren. Tri Maanadar deretter heve Jordi gjenget ein Fjordung av sitt lange Skeid kring um Soli; daa er ho komi i det Tilhøve, at Solljoset naar Nordpolen og lika eins til Sudpolen, so at Dagen er lika lang som Natti kring um heile Jordi; difyre heiter det Jamdøger. Medan Jordi sidan gjeng den andre Fjordungen av Umvegen sin, hallar Nordsida meir og meir aat Soli alt fram til Jonsvoko-Tider; daa er Nordpolen lengst inne paa Dagsida, og daa hava me lengste Dagen her; men paa Sudsida hava dei lengste Natti og høgste Vetteren. Dermed byrjar det andre Halvaaret, daa Jordi kjem bakleides paa andre Sida aat Soli; etter tri Maanadar er det Jamdøger paa nytt, og Nordsida hallar meir og meir fraa Soli, til dess ho kjem atter i det same Stødet, der ho var fyre eit Aar sidan. Daa heve Jordi fullført sin Umgang og byrjar den same Langferdi paa nytt og med same Gangen som fyrr.

Fraa vaar eigen Bustad viser alt detta seg so, at Soli laagnar um Hausten til Midvetters Tid; daa stend ho so laagt, at det er litet ho kjem upp yver Himmelsynet; men so tek ho til aa stiga og gjeng høgre og høgre alt fram til Midsumars Bil; daa gjeng ho so vidt i Kring, at det er berre nokre faae Timar, som ho er burte. Sidan laagnar ho paa nytt, so lenge til ho kjem atter i Midvetters-Maatet. Men no vita me og, at der er stor Skilnad imillom Nord og Sud. Naar Folk fara berre so langt nord som til nørdste Enden av vaart eiget Land, faa dei alt sjaa ein annan Solargang: midt paa Vetteren sjaa dei berre ein liten Ljoske av Dagen, men ingi Sol; midt paa Sumaren sjaa dei Soli heile Døgret igjenom; der verd ingi Natt, for Soli gjeng aldri ned. Naar Folk fara langt i Sud, faa dei derimot sjaa, at Soli gjeng høgre en her, men brattare upp og ned. Ved Mid-Lina (Æqvator) elder i Tverstriket midt paa Jordi gjeng Soli beint upp og midt yver Hovudet; og naar ein kjem nokot langt Sud um Lina, kann ein endaa faa sjaa Middagssoli paa Nordsida.

Med Umsvivet millom Aust og Vest er det nokot likt som med Vendingi millom Nord og Sud, med di at me berre sjaa ei Vending paa Himmelen, men ikkje paa Jordi; det er mest so, som naar me sigla langs med med Landet med ein makleg Byr; me tykkja, at det er Landet, som sigler, og ikkje Baaten. Etter vaar Augnesyn kjem Soli upp paa Austersida og gjeng i ein Boge mot Sud og Vest, til dess at ho sig under elder «gjeng i Havet», som me segja. Men no vita me, at det alltid er ei heil Sida elder Halva av Jordi, som vender mot Soli og heve Dag; og daa no Jordi alltid sveiver seg rangsøles i Kring, so maa denne Dagsida alltid flytja seg smaatt i Senn fraa Vest mot Aust. Naar no vaart Land kjem aust um Dagsida og inn i Skuggen, so hava me Natt, og sidan gjeng Landet aust igjenom Skuggen, til det møter Dagsida paa nytt; daa sjaa me fyrst ein liten Ljoske paa Austersida, og sidan hava me Dag, til dess at Skuggen kjem atter austantil. Dermed kunna me ogso skyna, kor det heve seg, at Klokkeslættet er so ulikt i Aust og Vest. Naar me fara nokre Miler mot Vest, so verd Klokka vaar for snar, og fara me mot Aust, so verd ho for sein; og di lenger Vegen er, di større er Skilnaden. Auster i Russland er det Middag tvo Timar fyrr en her; ute paa Island er det tvo Timar seinare, og vestanfyre Havet (so som i Ny-York) er Middagen seks Timar seinare en hjaa oss. Og so paa Lag maa det vera, naar Dagen skal koma rundt i Kring paa eit Døger.

Av alt detta kunna me merka, at Soli heve ein overslege stor Verknad paa Jordi. Men um sjølve Soli vita me litet meir, en at ho er mange tusund Gonger større en Jordi, og at ho er so langt burte, at der er tvo Klotar (elder Planetor), som standa imillom henne og Jordi, og endaa er desse Klotarne so langt fraa oss, at dei visa seg berre som Stjernor paa Himmelen. Serdeiles merkverdig er den Varmen, som fylgjer med Ljoset fraa Soli; og difyre høyra me og so mange undarlege Gisningar um, kor denne Varmen skal koma til. Snaraste vilja no Folk tru, at Soli berre varmar fraa seg som ein annan Eld, men detta kann ikkje vera den rette Tydingi; for dertil er Soli for langt burte og dernæst so sjaa me, at ho alltid varmar mest paa Laaglandet og minst i Høgdi, so at der endaa i varmaste Jordbolken kann vera Fjell med Is og Snjo paa Toppen. Det einaste visse er, at Ljoset fraa Soli heve ei serleg Kraft til aa vekkja Varme paa Jordi elder til aa varma det Luftlaget, som er næst ved Sjoflata. Denne Krafti er nokot vandsleg til aa skyna og tyda; men so er det og med mange andre av dei store Krafter i Skaparverket.

Maanen er oss myket nærre en alle andre Himmelklotar, og difyre synest han vera so stor, endaa han er berre liten imot andre Klotar. Maaneljoset er, som fyrr sagt, berre eit Atterskin; og derav kjem det, at det veks og minkar. Naar Maanen stend imillom Jordi og Soli, so vender han Baksida til oss og er myrk; men etter tvo-tri Dagar er han komen so langt auster um Soli, at me sjaa ein Trøm av den ljose Sida paa honom, og sidan verd denne Ljossida større fyre kvar Dag. Etter fjortan Dagar er han komen paa Baksida av Jordi, so at han vender heile si ljose Sida imot oss; det kalla me «full Maane». Deretter gjeng han um paa vinstre Sida, og daa vender den ljose Maanesida meir og meir ifraa oss, til dess at ho kverv reint burt; og daa verd det «ny Maane» atter. Denne Umgangen kjem nær inn paa tretti Dagar (eigenlege 29 1/2 Dag), og deretter er Maanadstalet reknat; men daa det verd nokot meir en tolv Umgangar i eit Aar, so er nokre Maanadar reknade til tretti Dagar, og nokre til ein og tretti, so det kann høva saman med Aarsgangen. For eit Aar er det same som ein Umgang um Soli og heve alltid si visse Lengd, som er try hundrad og fem og seksti Dagar og seks Timar, so at fjordekvart Aar verd ein Dag lenger.

I den Timen, daa Nymaanen gjeng auster um Soli, hender det stundom, at han kjem so beint i Striket millom Sol og Jord, at han halvt elder heilt kann skyla Soli fyre oss, med di at Jordi daa kjem inn i Skuggen av Maanen. Det er det Tilfelle, som dei kalla ei Formyrkning. Eit annat Tilfelle er det, at Jordi kann koma beint i Striket millom Sol og Maane, so at Skuggen av Jordi kjem inn paa Maanen; daa er det so aa sjaa til, som det var ei rund Skiva, som kom sigande inn yver Maanen; og det er ogso eit Merke paa, at Jordi er rund. Desse Formyrkningar hava sine visse Tider, so at kunnige Folk vita grant, kvat Dag og Time dei skula koma; og dei kunna endaa rekna det ut fyre mange Aar fram igjenom Tidi. Slik ein jamn og stødug Gang hava desse Klotarne paa sin avstakade Veg i den store Himmelrømdi.

Dei andre Klotarne, som me sjaa i Himmelromet, kalla me allesaman Stjernor; men det er upplyst, at nokre av deim era myrke Klotar, som berre lysa med eit Atterskin fraa Soli og ganga kringum Soli lika eins som Jordi. Dei era kallade «Planetor», det er Flutningsstjernor, av di at dei flytja seg fraa den eine Himmelbolken til den andre. Tvo av deim standa imillom Soli og Jordi (som fyrr er nemnt); det er «Merkur» næst Soli og «Venus» næst Jordi. Paa andre Sida av Jordi er fyrst «Mars» og so ein Flokk av Smaaklotar, som era litet kunnige; deretter kjem der fjore store Klotar (Jupiter, Saturnus, Uranus og Neptunus), som kvar fyre seg heve eit litet Fylgje av Maanar kringum seg. Nokre av Planetom era so ljose, at ein ser deim godt med berre Augom, og tvo av deim (som er Venus og Jupiter) hava endaa so bjart eit Skin, at dei stundom visa seg som dei største av alle Stjernor. Naar me no tenkja oss, at Jordi sjølv i langt Fraastand maa visa seg som ei Stjerna, so kunna me ogso tenkja, at vaar Jord er sjølv ei Planeta, som stend i tridje Staden fraa Soli, midt imillom Venus og Mars; og so faa me det ut, at heile denne Flokken er eit Solfylgje (Solsystem), med di at heile Radi svingar seg kring um Soli og fær sitt Ljos fraa henne.

Utanfyre desse Flutningsstjernorna er der ogso nokre som dei kalla Kometor, det er Haarstjernor, av di at dei hava nokot med seg, som er likt til ein Hale elder Dusk; men desse Synerna era vandslege aa skyna, og det er uvisst, um det er nokot hardt elder heilt To i deim. Det kann ogso vera mange Aar, at ein ikkje ser deim.

Dei andre Stjernorna era jamt aa finna paa same Staden elder i same Bolken som fyrr; og difyre era dei kallade faste Stjernor (Fixstjernor). Dei era uteljande mange, som ein kann sjaa med Augom, og endaa fleire, som ein ser med Glas; men dei era so udømelege langt burte, at ein fær ikkje sjaa nokot stort meir en ein lysande Prikk, som det skulde vera ei Sol i eit umælelegt Fraastand. Og difyre hava Folk ogso tenkt, at det maa vera Soler, som standa lika so langt ifraa kvarandre som fraa vaar eigen Synstad, og at det er mogelegt, at dei hava sine Fylgje-Klotar elder Planetor kring um seg likasom vaar eigi Sol. Vistnog er detta nokot, som me ikkje kunna vita til Fullnad; men er det so som det synest vera, so maa baade vaar Jord med all sin Storleike og endaa vaar Sol med alt sitt Fylgje vera berre ein liten Deil av det store Skaparverket. Og dermed kunna me daa faa eit Hugbod um, kor litet det er, som me vita, og kor liti all Magt paa Jordi er imot den Magti, som styrer det store Verket i den umælelege Himmelrømdi. Men med det same maa me ogso minnast, at Skaparen er lika so stor i det smaae som i det store og heve Tilsyn med det smaae sovel som med det store. «Han kjenner kvar Saal i sitt Rike», som det heiter i Salmen; og um no hans Rike er større en alt, som me kunna skyna, so faa me endaa tru, at han er allstad lika nær og alltid lika vakande.