Heimsyn/IV. Um Jordbolkarne

Fra Wikikilden
III. Um Himmelklotarne Heimsyn
IV. Um Jordbolkarne
av Ivar Aasen
V. Um Skapningen paa Jordi


IV. UM JORDBOLKARNE.
Etter det, som no er umrødt, er det liti Raad fyre oss til aa vita nokot stort um alt det, som er utanfyre Jordi; og difyre faa me daa nøgja oss med aa skoda paa den Kloten, som me ganga paa. Men so er der og so myket til aa sjaa og skoda paa sjølve Jordi, at me hava riklege nog fyre ein lang Alder. Det er store Vidder paa Jordflata, som hava voret lenge ukjende, og der er endaa ymse Land, som Folk vita litet um. Det kann paa mange Stader vera so myket Ulende og Uføre og so mange Faarar i Vegen, at der knapt er farande fyre Folk; og daa er det faae, som vilja vaaga seg paa Ferdi berre fyre Kunnskaps Skuld, soframt som der ikkje er nokon annan Vinning til aa trøyta seg etter. Paa sume Stader er Solvarmen so stor, at det er mest utolande utan fyre deim, som era barnfødde i Landet; paa andre Stader er Kulden for stor, so som under Nordpolen og endaa meir under Sudpolen, med di at store Vidder er so tillagde med Is, at ein ikkje rett kann vita, kvat Grunn som er innunder.

Til Merke fyre dei ymse Bolkar elder Deilder paa Jordi bruka Folk aa nemna deim etter visse avmælte Strik og Linor, som ein kann teikna paa eit Landkort elder helst paa ein rund Klot (Globus). Dei Striki, som ganga nord og sud fraa den eine Polen til den andre, heita Lengdarstrik og verda reknade etter Lengdi mot Aust elder Vest fraa eit visst Middagsstrik (Meridian). Eit annat Slag er Tverstriki, som ganga i Aust elder Vest i ein Ring um Jordi og verda reknade etter Breiddi fraa Midlina og til Polen; dei era kallade Breiddarstrik og era ulike paa Lengdi, med di at alle Ringar minka fraa Midlina og ut imot Polen, so at det sidstpaa verd berre ein liten rund Kringel um Polstaden. Den største Ringen er den, som gjeng midt yver Kloten og er allstad lika langt ifraa Nordpolen som fraa Sudpolen; det er det Striket, som Sjomennerne kalla Lina elder Midlina (Æqvator), og det gjeng tvert yver Afrika og Sud-Amerika. Ein slik Ring er reknad til 360 Grader (elder Mælingstig), og daa no ein Grad paa Midlina er 10 norske Miler (lik 15 tydske elder geografiske Miler), so verd heile Lina 3600 norske (elder 5400 tydske Miler), og det er daa Lengdi paa den heile Umferdi kring um Jordi. Hermed fylgjer daa ogso, at ein halv Ring er 180 Gradar, og ein Fjordungs Ring er 90 Gradar; og soleides verd det nitti Gradar (elder 900 Miler) fraa Midlina til Polen.

Etter det, som fyrr er sagt um Solgangen og um Tilsnuingi paa Jordi, gjeng Soli det eine Halvaaret nord um Midlina, og det andre Halvaaret sud um henne. Paa Nordsida kjem Soli so langt, at ho er yver det Striket, som er 23 Gradar fraa Midlina; det heiter det nørdre Vendingsstriket (elder ogso Krabbestriket, etter eit visst Stjernemerke paa Himmelen). Paa Sudsida er det lika eins, at Soli kjem so langt som yver 23 Gradar, og der er daa det sydre Vendingsstriket (som er kallat Steinbukk-striket). Imillom desse Solvendingsstrikom er det soleides ein Teig elder Bolk, som gjeng rundt i Kring fraa Aust til Vest og er 46 (elder 47) Gradar i Breiddi fraa Sud til Nord; og i denne Bolken er det allstad ei viss Aarstid, daa Soli gjeng beint yver Hovudet elder midt igjenom Toppmaatet (Zenith), Dermed fylgjer daa ogso, at der alltid er stor Varme, og difyre er det kallat det varme Jordbeltet.

Nordanfyre Varmebeltet er det nørdre halvvarme (elder tempererade) Jordbeltet, og det strekkjer seg igjenom 43 Gradar fraa Vendestriket (23 1/2) til Pol-Ringen (66 1/2), som er det nørdste Striket, som Solskinet naar til paa Midvetters Tid. Nordanfyre detta Striket er det kalde Jordbelte kringum Nordpolen; der er det eit Bil utan Sol, og eit annat Bil med Sol igjenom heile Samdøgret. – Sunnanfyre Varmebeltet er det lika eins, med di at Sudsida ogso heve sitt halvvarme og sitt kalde Jordbelte med same Storleike som paa Nordsida; og soleides verd det heile fem Jordbelte imillom Sudpolen og Nordpolen.

No er det aa merka, som fyrr er sagt, at det er berre som ein Tridjepart av Jordflata, som er turt Land, og at den største Landmuga ligg paa nørdre Sida av Jordi. Dertil kjem no ogso, at Landet er myket ulikt med Tilhøvet til Buland elder Bustader fyre Folk, og at ymse Vidder (so som i dei kalde Jordbolkom) ikkje kunna vera nokot buande Land. Snaraste skulde ein daa tru, at den varme Jordbolken maatte vera den rikaste og høvelegaste til Bustad, og i Vissa er det nog so, at der er den største Rikdom av Vokster og Liv og den største Pryda paa Jordi av alle Slag; men so er der ogso ymse Meinleikar med, so som av skadsame Dyr, elder av Udæme i Lufti, og av ein kvæveleg Varme. Paa nokre Stader er det store Øydemarker, som era ubyggjande fyre Vatsløysa, med di at Grunnen er so uppturkad, at der bid ikkje annat en fjukande Sanden. Difyre høyra me og, at det er ikkje just dei varmaste Landi, som er dei folkerikaste, men at derimot den halvvarme Bolken er best fullsett med Folk, og det nørdre halvvarme Jordbelte heve alltid voret liksom Heimstaden fyre dei største Folkeslagi. Den sydre halvvarme Bolken heve berre liti Folkemengd, av di at der er langt meir Sjo en Land.

Og lika eins som det allstad verd kaldare Vederlag, di lenger ein kjem fraa Midlina til Polen, so verd det ogso allstad kaldare, di lenger upp ein kjem ifraa Sjoflata, so det endaa i eit mildt Land kann vera ymse Bolkar, som era ubyggjande fyre Kulde og Voksterløysa. Me kunna sjaa det paa vaare eigne Fjell, at naar det ber nokot høgt, so minkar Skogvokstren og Grasvokstren, so at det sidstpaa verd berre Snaudberg, og naar der daa er store Dypter paa Fjellet, so kann Snjo og Is verda liggjande i store Bredar, som ikkje tøya upp, um det er aldri so varm Sumar. Men elles kann det og vera myket Land, som heve baade høveleg Høgd og høvelegt Varmelag, men endaa er nokot ulagat til Buland, av di det anten er for myket brattlendt og bergutt elder for myket myrlendt og vaatsamt. Det høvelegaste Land til Bustad er eit Laaglende, som er nokot jamt elder flatt, men daa ikkje flatare, en at Vatnet kann hava godt Avsig. Og so er det og eit godt Lunnende fyre eit Land, at det heve mange Fjordar og Vikar elder lange Elvar og Vatsdrag, som era farande med Baat og annan Farkost. Difyre sjaa me og, at Strenderna langs med Fjordom og Elvom jamnaste era nokot tettbygde, soframt som dei ikkje era for myket bratte.

Um alle dei einskilde Land paa Jordi med deira serlege Skap og Lag vilde det her verda for langt aa tala; men so faa me daa leggja nokre Ord til um dei store Jorddeilderna, som fyrr era nemnde.

Europa er den minste av dei tri store Jorddeildom, som me hava kallat Gamleheimen; men det er myket folkerikt og fyre det meste vel lagat til Buland. Det ligg i det nørdre halvvarme Jordbeltet; men paa Nordsida rekk det ogso inn i Kuldebeltet. I Auster er det landfast med Asia; men elles heve det Hav paa alle Sidor: Ishavet i Nord, Vesterhavet (elder Atlantarhavet) i Vest og Midelhavet i Sud. Serskilde Greiner av Vesterhavet er Nordsjoen, som skil Engelland og Skotland fraa Fastlandet, og dernæst Øystersjoen, som gjeng langt inn imillom dei nørdste Landi. Langs med Vesterhavet ligg: Norig og Sverike nordanfyre Øystersjoen, og dernæst Danmark og ei Hyrna av Tydskland; dernæst er Holland og Flamland (elder Belgia) paa Fastlandet, og Øyarne Britland (elder Engelland med Skotland) og Irland utanfyre Nordsjoen; og sunnanfyre Flamland er Frankrike, Spania og Portugal. Langs med Midelhavet er fyrst Sudsida av Spania og Frankrike og dernæst Italia, Grækarland, Tyrkriket og ei Hyrna av Russland. Lenger inn fraa Sjoen er Ungarland, Austerrike, Tydskland og Sveits (Schweiz) og ymse andre Land, som era lagde inn under andre Rike; derimillom er det gamle Polsland (elder Polen), som no er reknat nokot til Russland og nokot til Tydskland. Det største Riket er Russland, som rekk alt fraa Midelhavet til Ishavet og endaa heve ein stor Part av Asia med seg.

Dei synnste Landi era gode Buland med lang Sumar og ein rik Vokster; dei nørdre Landi hava lenger Vetter og mindre Varme; men endaa hava dei ein god Skogvokster og Grasvokster. Til dei nørdste Landi høyrer vaart Land Norig; det er so langt fraa Midlina paa Jordi, at nørdste Enden av det rekk langt inn i Kuldebeltet og ser ingi Sol ved Midvetters Tider. Men med alt detta heve daa vaart Land eit mildare Vederlag en andre Land, som liggja so langt nordarlege; for dei Landsbolkarne, som liggja beint austanfyre (sosom Nordparten av Russland og Asia), hava ein Kulde, som er langt større og lenger varande. Det mildaste Luftlaget er ved Havet paa Vestersida, og det skal hava si Orsak i ein Havstraum, som gjeng ifraa Varmebeltet nord med Amerika og derifraa yver til Nordvest-Kanten av Europa.

Asia er den største av alle Jorddeildom og fem Gonger so stort som Europa. Det ligg jamsides med Europa i den halvvarme Jordbolken og nokot inn i Kuldebeltet, men paa Sudsida rekk det myket lenger, so at det naar langt inn i Varmebeltet. Paa Vestersida naar det til Midelhavet, og der er dei gamle vidgjetne Landi: Litle-Asia, Syria og Judeland. Paa Sudsida er Arabia, Persia og India med nokre store Øyar, som liggja midt i Varmebeltet. Paa Austersida er det store folkerike Kina og Øylandet Japan. Paa nørdste Sida er det store Sibiria, som no høyrer til Russland. Lenger inn ifraa Sjoen er ymse store Landvidder, som era kallade Mongolland, Turkestan elder Tatarland og fleire. Med si store Vidaatta heve Asia alle Slags Landskapnad fraa det laagaste Flatland til det høgste Bergland og dei høgste Fjell paa Jordi; lika eins heve det alle Slags Varmelag fraa den sterkaste Solbakster (som i Arabia og India) til det hardaste Frost (som i Sibiria).

Asia kann med god Rett heita den store Folkeheimen; for det heve eit Folketal, som er reknat til 500 Millionar, og det er umkring som Halvparten av Folketalet paa heile Jordi. Det er ogso trulegt, at Menneskja heve havt sin fyrste Heimstad der og sidan dreivt seg ut derifraa til dei andre Jorddeilderna.

Afrika er den synnste Parten av Gamleheimen og ligg fyre det meste i det varme Jordbeltet, men det rekk ogso inn i det halvvarme Beltet paa Nordsida og lika eins paa Sudsida. Det kann soleides framfyre alle andre Jordbolkar heita eit Varmeland, og paa ymse Stader er Jordi endaa reint uppturkad av Varme og Vatsløysa, so som i den store Sandmoen Sahara, som er frammot 500 Miler lang. Paa mange Stader er Landet ogso ukjømt og vandslegt aa fara i; og difyre er det myket av Innlandet, som er litet kunnigt. Langs med Sjoen er myket Folk og mange Smaarike; men det er faae av deim, som hava nokor Velmagt.

Afrika er mest aa kalla som ei Øy elder eit Land fyre seg sjølv, med di det heve Hav paa alle Sidor so nær som ei liti Flata, der det heng saman med Asia. Denne Flata er det namnkjende Suez-Eidet, som er berre 10 Miler breidt og møter Midelhavet paa Nordsida og Raudehavet paa Sudsida. Detta Eidet er no i dei sidste Aar gjenomgravet, so at der no er eit Farvatn elder ein Sundveg (Kanal) fyre dei Skipom, som fara til India og andre Land paa Austerleidi. Næst ved detta Eidet ligg det gamle Ægypten, som alltid heve voret eit vidgjetet Land.

Amerika ligg serskilt fyre seg sjølv imillom Vesterhavet og Stillehavet. Det heve ei stor Lengd i Nord og Sud, so at det rekk alt til Ishavet paa Nordsida og langt inn i den halvvarme Bolken paa Sudsida. Det er ogso nokot breidt baade i Nord og Sud, men i Midbolken er det so mjaatt og smalt, at det paa ein Stad, som heiter Panama-Eidet, er berre nokre faae Miler fraa det eine Havet til det andre. Dermed deiler Landet seg i tvo store Halvdeilder: Nord�Amerika og Sud-Amerika. Dei største Riki era «dei sambundne Statarne» i Nordamerika og Keisardømet Brasilia i Sudamerika.

I nørdste Enden bøygjer Landet myket mot Vest, so at der er berre eit Sund (Behrings-Strætet) imillom Amerika og Asia. Nordanfyre Fastlandet er der nokre Øyar og Landskagar, som høyra til Ishavslandi; dertil høyrer ogso Grønland, som ligg langt imot Aust. Imillom Fastlandet og Ishavslandi er der store Sund; men dei era ikkje farande fyre Is og Frost.

Australia, som er den femte Jorddeildi, ligg i Sudhavet sunnanfyre Asia, nokot i det sydre halvvarme Jordbelte og nokot i sjølve Varmebeltet. Hovudlandet er eit stort Land, som er kallat Ny-Holland, og alt det andre er Øyar, som liggja vidt og breidt i Kring i Sudhavet. Innlandet i Nyholland er litet kjent, av di at det er nokot ukjømt og mødesamt aa fara igjenom.

I dei fyrre Tider var det ingi Sjoferd til slike fjerrliggjan�de Land som Amerika og Australia, og difyre var desse Jorddeilderna ukjende fyre Folket i Gamleheimen. Daa dei spanske Sjomennerne i Aaret 1492 hadde funnet Øyarne austanfyre Amerika, trudde Folk, at desse Øyarne høyrde til India, og difyre vardt det Landet kallat Vest-India. Men etter den Tid var det mange, som foro vidare i Kring paa Havet, og daa vordo Øyarne i Sudhavet ogso uppdagade. Og baade i Amerika og Australia var der Folk fyrr, daa Sjomennerne fraa Europa komo der. Kor detta Folket hadde komet der, er vandt aa vita; men ventelege maa deira Forfeder eingong i Forntidi hava komet fraa Asia.