Side:Fylgjesvennen.djvu/5

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


Dagsens Evangelium.
Math. 23, 34 fg.

Difyre, sjaa eg sender til dykker Profetar og Vismenner og Skrivtlærde; sume av deim skulo de drepa og korssfesta og sume av deim skulo de hudflengja i Synagogom dykkar og forfylgja deim fra By til By; so at det skal koma yver dykker alt rettferdig Blod, som er uthellt paa Jordi, fraa Blodet av Abel den rettferdige til Blodet av Sakarias Barakiasson, som de draapo millom Templet og Altaret. Sanneleget eg segjer dykker, det skal koma alt detta yver denne Ætti. Jerusalem! Jerusalem! som slær i Hel Profetarne og steinar deim, som til deg ero sende, kor ofta heve eg viljat samna Borni dine, likasom ei Høna samnar Ungarne under Vengjorna sine, og de vilja inkje. Sjaa dykkar Hus skal verda lagt i Øyde. For eg segjer dykker, heretter skulo de inkje sjaa meg, til dess de segja: „velsignad vere den, som kjem i Herrens Namn!“

Brøder og Syster i Jesu Kristo, vaar Herre! Naade vere med dykker og Fred fraa Gud vaar Fader og den Herre Jesu Kristo!

Me hava no høyrt um Fyregangsmannen, og me hava høyrt um Frelsaren sjølv, korleides han vardt fødd paa ein undarleg, løyndomsfull Maate av Jomfru Maria. Idag skal me festa Augat paa Fylgjesveinen, paa Stefanus; difyre verd denne Dag ogso kallad St. Stefanus Dag. Me skal taka honom til Mynster fyre oss, so me kunde læra av honom at verda sanne Jesu Vitne og gode Jesu