Fyregangsmannen

Fra Wikikilden
Fyregangsmannen.
Preika
paa
tridje Sunndag i Advent.
————————
Av
Kristofer Janson.
————————
Bergen.
Hjaa Edv. B. Giertsen.
————————
Prentat hjaa I. D. Beyer.
Bøn.

Herre Jesus Kristus! me koma til deg og beda deg um din Naade. Me trenga so hardt til honom, for me er inkje, som me skulde vera. Me skulde tru, og me tru altfor litet; me skulde vera heilage, og me er alt annat; me skulde ganga den tronge Stigen, som ber til Himmelen, og me ganga so mange den breide Vegen, som ber til Helvite. So er det nog Naudtorv til, at Johannes Døypar kjem imot oss med Krossen sin og segjer: vend um, vend um, her er inkje Frelse at finne denne Vegen! At me daa vilde lyda etter dette Aalvorsordet hans, at me maatte skyna, me endaa trenga Ordet um Bot og Bøn, at me endaa trenga, at ein syner oss Vegen, og gjev me daa alle i Hop maatte koma til deg Herre Kristus, og audmjuke segja som Petrus: „Herre! kven skulo me ganga til, du heve det evenlege Livsens Ord.“[1] Amen!

Tekst.
Math. 11, 2—11.

„Men daa Johannes høyrde i Frengslet Kristi Gjerningar, sende han Bod med Læresveinom sine og sagde til honom: er du den, som koma skal, elder skulo me venta nokon annan? Og Jesus svarad og sagde til deim: Gange burt og kunngjere Johannes det, som de høyra og sjaa: blinde sjaa, og halte ganga; spitelske verda reinskade, og dauve høyra; daude standa upp, og fatige faa høyra Evangelium. Og sæl er den, som inkje støyter seg paaa meg. Men daa desse vaaro burtgjengne, tok Jesus til at tala til Folkehopen um Johannes: kvat gingo de ut i Øydemarki til at skoda? ei Røyr, som rigar fyre Vinden? elder kvat gingo de til at sjaa? ein Mann klædd i sine Klæde? sjaa dei, som vera fine Klæde ero i Kongsfardom. Elder kvat gingo de til at sjaa? ein Profet? ja eg segjer dykker, myket meir enn ein Profet. For denne er det, som det er skrivet um: sjaa eg sender Engelen min fyre Andlitet ditt, og han skal jamna Vegen din framfyre deg. Sannelega, eg segjer dykker, av deim, som ero fødde av Kvinnor, er ingen større uppstaden enn Johannes Døypar; men den minste i Himmeriket er større enn han.“

Brøder og Syster i Kristo Jesu, vaar herre! Naade vere med dykker og Fred fraa Gud vaar Fader og den Herre Jesu Kristo!

Me skal i Dag festa Augat paa Johannes Døypar, han Fyregangsmannen, som Kristus talar um: „sannelega, eg segjer dykker, av deim, som ero fødde av Kvinnor, er ingen større uppstaden enn Johannes Døypar“. Det var vel stort Ord at høyra detta og sagt av Gud sjølv. So var det fulla sant, for Gud kan inkje taka i Mist. Johannes Døypar var største Mannen paa Jordarike, likefraa Adam til honom, som stod og talad desse Ordi. Noa, den rettvise, Abraham, Guds Vin, Moses, den megtuge Mannen, som førde Jødafolket fraa Trælalandet til Fridomslandet, David, Kongen etter Guds Hjarta, Elia, som foor i Eldvogni til Himmels, alle desse var som inkje at reikna mot Johannes Døypar. Maa me so inkje hava Age fyre denne Mannen, som me standa Andlit til Andlit med i Dag, og maa me so inkje med Aalvore i Hugen lyda paa det, som Evangelieboki fortel, og som vaar Gud og Frelsar talar um honom i dei Ordi me nyst hava leset?

Me hava fyrr høyrt gjetet denne Johannes. Me lesa soleides i Evangelieboki etter Lukas[2], at han vardt fødd ved eit Underverk, daa Moder hans var ut or Barnseign, og at Engelen, som kunngjorde detta fyre Faderen, sagde, at han skulde verda fyllt med den Heilage-Ande fraa Moderliv av. Me hava likeins høyrt, at Johannes, daa han vardt vaksen, vardt ein streng Mann, som livde ut i Øydemarki i Bot og Bøn, og endelega trod fram etter Guds Ord og preikad attmed Elvi, som heitte Jordan, og døypte der i Elvi ei Mengd med Folk[3]. Ja me hava høyrt, korleides Kristus sjølv kom til honom og vardt døypt av honom i Jordanelvi[4]. Kvat var det no av alt detta, som gjorde Johannes so stor, at han laut vera Størstemannen? Jau det var det, at Gud hadde utvalt honom til at vera den Reidskap, som skulde brøyta Vegen fyre Guds eiegen Son, som skulde preika yver alt Jødalandet, at no var han komen, som Folk hadde ventat og lengtat etter so lenge, han som skulde „leggja paa seg vaare Sjukdomar og vera vaare Pinslor, han som er saarad fyre vaare Misgjerningar og sleger fyre vaare Synder.“[5] Han var fulla kunngjord fyrr denne Frelsar og Løysningsmann, som all Skapningen sukkad etter; han var kunndgjord likafraa det fyrste Upphavet, daa Gud tilsegjer Adam, at Kvendeavkoma skulde krasa Hovudet paa Ormen[6], men alle dei gamle Profetarne dei saag det liksom i Dimma og kunde berre utropa: ein Gong skal han koma. Men han kom inkje. Ætt paa Ætt gjekk i Gravi, og han kom endaa inkje. Daa stod Johannes Døypar fram. Han turvte inkje lenger segja: „ein Gong skal han koma“, men han kunde peika paa Mannen og segja: der er han, der gjeng han. No er Himmeriket stiget ned paa Jordi, Frelsar vaar er komen, vend no um fraa Synd og Billa og kom til honom, som heve Kvila fyre alle.

Og Johannes fylde trufast den Ærendi, han hadde fenget. Han stod ved Jordanelvi og utropad fyre heile Mannamengdi, daa han saag Jesus koma: „sjaa det Guds Lamb, som ber Verdi si Synd!“[7] „Eg heve set det og vitnat, at denne er Guds Son.“[8] Og dette Vitnesmaal bar han fram, likatil han vardt kastad i Fengsl av Herodes. Han sagde all Ære ifraa seg og med Maning til Bot og Bøn synte han Folket burt til Kristus. Men her i Fangahuset ber det til eit merkelegt Hende, og det er nettupp dette, som Teksti fortel oss um i Dag.

Der stod: „men daa Johannes høyrde i Fengslet Kristi Gjerninger, sende han Bod med Læresveinom sine og sagde til honom: er du den, som koma skal, elder skulo me venta nokon annan.“ Kvat skal detta tyda? Johannes, han som hadde vitnat, at Kristus var Guds Son, han som hadde peikat paa honom og sagt: „sjaa det Guds Lamb!“ han spyr no, um det er sant detta, som han sjølv hadde vitnat. Han som hadde set Himmelen open og Guds Ande som ei Duva fara ned yver honom, og som hadde høyrt Røysti fraa Himmelen: „denne er min kjære Son, som er meg tekkeleg,“[9] han spyr no, um det var sant detta, som han haddet set og høyrt. Detta er fulla merkelegt! Og Orsaki til dette undarlege Spursmaalet, det var, stod her, at han høyrde um Kristi Gjerningar. Korleides skal me no finna Grunn i detta? Trudde Johannes elder trudde han inkje? Hadde han trutt fullt og fast, so turvte han inkje senda Bod, og det var han, som spurde og inkje nokon annan. Johannes trudde soleides inkje, elder rettare, han kunde inkje sjaa klaart lenger, han visste det, og han visste det inkje. Han kunde inkje rima i Hop detta, som han høyrde um Kristus, med det, som han hadde tnekt seg, han skulde gjera. Det var Kristi Gjerningar, som var komne imillom. Johannes Døypar var ein Jøde av rette Slaget, som fylde Mose Log til den minste Bokstaven, og so tenkte vel han soleides, som flestalle av Jødarne tenkte, at den Messias, som skulde koma, vilde og vera ein Jøde av rette Slaget, fylla Mose Log etter Bokstaven, liva strengt og treda fram med Storvyrde, som det sømde seg Jødakongen. I den Trui var det, Johannes hadde døypt honom, og i den Trui var det, han hadde peikat paa honom som Frelsar. Daa no Johannes vardt kastad i Fengslet, so var han glad og frihugad, av di han visste, at no skulde Guds Son byrja, der han slapp og stiga fram i all sin Byrdnad. Og korleides gjekk daa Guds Son fram? Jau som ein fatig Stakkar, som inkje aatte det, han kunde stydja Hovudet til, som ein Vin av Toldarar og Syndarar, som inkje skydde dei sjuke og verkbrotne og spitelske, som ein Mann med Handi lyft mot Farisæar og alt Slag skinheilage, men med Famnen open fyre alle, som kom til honom med angrande Hjarta. Han preikad mot alle deim, som trudde at gjera seg sæle ved ytre Fasta og Bot og so og so mange Bøner og med at gjeva Olmosor til dei Fatige, og han kærte, at det inkje galdt Logi etter Bokstaven men etter Anden, at Kjærleike gjev Logi Fullnad.

Sjaa detta var inkje etter Johannes sin Hug, og so sat han daa der i den myrke Fangastova og grundad og grundad, og fyrr han visste Ordet, sat han innspunnen i Tankar som Kongla i Beven og kunde korkje sleppa att elder fram. Kannhenda var det ein Draum elder Synkverving detta, han hadde høyrt og set, kannhenda hadde han teket i Mist av seg sjølv, han var inkje Fyregangsmannen, og denne var inkje Messias; kannhenda var denne, han høyrde um, Fyregangsmannen, og at det skulde koma ein annan Messias. Men Duva han hadde set, Røysti han hadde høyrt — nei det laut vera denne likavel. Aa — kvar som heve voret andleg sjuk, som heve voret freistat og heve stridt, han veit, korleides eine Tanken kann taka hin, so ein sidstpaa inkje veit, kvart ein skal snu seg, og han vil og kunna skyna Johannes, som sit sjuk i det myrke Fangaholet sitt og strider med Tvilen. So kom Læresveinarne hans til og øste honom upp, av di det gjerna vilde gjera sin Herre og Meistr til øvste Mannen, og so stod inkje Johannes i det lenger men sender Bod til Jesus og spyr: „er du den, som koma skal, elder skulo me venta nokon annan?“ Men nettupp detta, at han sender Bod til Jesus, det synest segja, at han aldri rett heve trutt paa, at Jesus inkje var Messias, for var han inkje Messias, so var han ein Lygnar, og til ein Lygnar vilde visst inkje Johannes senda Bod. Det er soleides eit Rop um Hjelp til honom, som kunde hjelpa, eit Rop fraa eit Hjarta, som er uppetet av Tvil, lik Mannen, som ropar: „Herre eg trur, hjelp mi Vantru!“[10] „Eg veit du er Messias, Guds Son,“ meiner Johannes, „men eg veit det inkje rett, for korleides kann ein Messias fara soleides aat, som dei segja, du gjerer. Difyre seg berre eit Ord, eit visst Ord, at du er det, so vil eg tru.“

Svarar no Jesus dette visse Ord? Nei. Han segjer berre: „gange burt og kunngjere Johannes det, som de høyra og sjaa: blinde sjaa, og halte ganga; spitelske verda reinskade, og dauve høyra; daude standa upp, og fatige faa høyra Evangelium. Og sæl er den, som inkje støyter seg paa meg.“ Kvat meinte Jesus med dette Svaret? Jau han vilde gjera Johannes skamfull, og so vilde han, at Johannes skulde faa friare og reinare Syn paa, korleides ein sann Messias skulde vera, at han skulde rista av seg alle denne Dumba, som hadde lagt seg paa Saali hans. Han syner honom berre dei same Gjerningar, som Johannes hadde vanvyrdt, men stutt og greidt og i all sin Storleike, og so legg han til, at den er sæl, som inkje støyter seg paa honom. Det er, liksom han vilde segja: tykjer du detta er uverdugt fyre Guds Son, at lækja dei sjuke, at retta upp dei verkbrotne, at hjelpa dei lidande, at syna dei fatige, dei i Anden fatige, Vegen til Himmelen og turka Graaten av alle Augo? Tykjer du detta er uverdugt fyre Guds Son, so lyt du tenkja upp atter og tenkja betre, til du fær det rette Syn paa, kvat det vil segja, at Guds Son er komen og vil reisa den falne Mannaætti.

Kvat gjorde no Johannes, daa han fekk dette Bod? Evangelieboki segjer inkje nokot um det; men ver viss um, at Johannes skamfull heve fallet paa sine Kne og bedet Gud tilgjeva seg Syndi si, at han heve styrkt Læresveinarne sine ved eit megtugt Vitnesmaal og synt deim burt til honom, som eien bar Frelsen i si Hand. Me kann skyna dette, av den Maaten, som Kristus talar um Johannes paa, etter at Læresveinarne hans er gjengne. For hadde han, Hjartakjennaren, visst, at Johannes vilde hardna i Villa si, so hadde han inkje talat um honom, som han gjerer, so hadde han inkje sagt, at han var største Mannen paa Jordarike.

Sjaa detta var no Segni, som Bibelen ber upp fyre oss i Dag. Kvat kann me no lære av denne Forteljing? for eitkvart maa me kunna læra, sosant det her er Gud, som talar til oss gjenom sine Reidskapar. Me kann fulla inkje lesa i Bibelen som i ei onnor Morobok, der me inkje leggja stort Lag paa, kvat dei segja elder drøsa um. Nei Bibelboki talar i kvart sitt Ord til deg og til meg og til oss alle i Hop. Kvart det Ordet Jesus talar til dei sjuke og verkbrotne og spitelske, det er eit Ord til deg, av di du er andleg sjuk og verkbroten og spitelsk, kvart det Ord han talar til Farisæarne, det er sagt til deg, soframt du er skinheilag og dyrkar Gud med Munnen og inkje med Hjartat, kvart Ordet til dei Fatige er eit Ord til deg, soframt du er fatig, andleg fatig. Naar han dømer, er det deg, han dømer, naar han reiser upp, er det deg, han reiser upp, naar han huggar og trøystar, er det deg, han huggar og trøystar. Difyre er Ordi i Bibelen slike dyre og heilage Ord, som ein aldri kann lesa og grunda i for myket.

Soleides maa og Segni i Dag vera slik ein Spegel, der me kann sjaa vaart eiget Andlit. Og kven er det vel bland oss, som kann segja med Gud og Sanning, at han aldti heve tvilt, aldri heve klagat seg fyre Gud? Maa me inkje myket meir skjemmast yver, kor vesall og laak ein Mann er, som inkje kann tru og inkje vera tru desse faae Aari, han gjeng hernede, endaa Gud leider hoonom fram gjenom Dimma og Myrkr og Vaas og Møda, og tusund og atter tusund Gongjer gjev honom Prov paa, at han er den gode Hyrdingen? Maa me inkje fæla fyre oss sjølve og tenkje: „korleides kann eg arme Syndar standa, naar Johannes, han den største fall?“

Og skulde her vera sume, som tykjest kjenna seg frie, som hugheilt vil segja, at Trui og Voni og Kjærleiken er som dei skulde vera i Hjarto deira, som kjenna seg støde paa, at dei aldri skal falla — kom sjaa i Spegelen! Daa Johannes stod og døypte Jesum i Jordanelvi, daa vilde han og hava sagt for visst, at han aldri skulde fallet, men sjaa — Dagen er inkje runnen, fyrr Soli heve gladat, og det kann henda so mangt fraa Vogga til Gravi. Berre ei lit Uheppa, ein liten Motbyr, so missa me Modet strakst, so orvonast me og gløyma baade Tru og Vissa. Nei hugsa paa Johannes og døme inkje.

Det var ein Vismann i Grekland, som skal hava sagt til ein storlaaten, rik og megtug Konge, som syntest, han var den øvste og lukkelegaste av alle daudlege: „lova ingen lukkeleg, fyrr han er i Gravi si.“ Du er inkje trygg, fyrr Moldi fell paa Kisteloket; daa vaknar du — til Doms.

Dei største Pinslarvitne, dei hava og havt sine myrke Stunder, daa Tvilen er komen, skulde so me tru oss betre? Nei me maa nog triva i vaar eigen Barm og ropa: „Gud ver meg arme Syndar naadig.“[11] Me lyt nog lyda paa dei Ordi, Frelsaren talar til oss, naar han segjer: „vake og bede, at de inkje skulo koma i Freisting. Anden er viljug, men Kjøtet er veikt“;[12] me maa nog „arbeida paa vaar Frelse med Otte og Skjelving.“[13] Men ganga me ved det, at me er Syndarar, som tidt falla i Freisting, som vera modlause, det minste det myrknar kring oss, som inkje hava nokor Æra fyre Gud, daa er det og Uppreising fraa Fallet at finna, soframt me vil søkja henne paa same Stad, som Johannes følte henne, hjaa Jesu Kristo, Guds Son, vaar Frelsar. Johannes gjekk til Jesus, av di han visste, at han var den einaste, som kunde lækja. Og her syner han seg ogso som Fyregangsmannen vaar. Fyrste Gong er han Fyregangsmann, naar han preikar Umvending og Bot, for utan Umvending og Bot nyttar det inkje at koma til Kristus, utan Umvending og Bot gjevst det inkje Frelse, finst det inkje Tru. Andre Gongen syner han seg som Fyregangsmannen, no daa han gjeng med Tvilen sin til Jesus Kristus og til ingen annan. Kom difyre, lat oss og ganga til Jesus med alle vaare Tvil, med alle vaare Spursmaal, han skal lækja. Det er ingen for laag, for det er nettupp dei laage, han vil reisa, det er ingen for sjuk, for det er nettupp dei sjuke, han vil lækja, og er du for laak til at slæpa deg til Kyrkja, so veit du fulla, at han er at finna alle Stader, at han stend attmed Kvila di, berre du ropar paa honom med eit angrande og naadetyrstande Hjarta, at han breider Armarne mot deg, kvar du fer, paa Veg og paa Fjell og paa Sjo. Sannelega han er inkje vand at finna. Og heve Djevelen fenget slik ei Magt yver deg, at du tvilar paa, at denne Jesus, du les um i Bibelboki, er Kristus den Guds Son, so er det inkje onnor Hjelp fyre deg enn at siga i Kne og syrpja honom i Bøni: „er du den, som koma skal, elder skulo me venta nokon annan.“ Og daa skal han minna deg um Daupen sin, um Ordet sitt, um Nattverden sin, og er du endaa tvihugad og hard, so skal han peika paa Gjerningarne sine, so som han gjorde med Johannes og segja: „kven annan enn Guds Son kann gjera slike Gjerningar.“ Aa Gud er langtolug mot oss, han slepper oss inkje so snart, berre er Gneiste av Von atter, so held han oss; „han skal inkje brjota sund ei krasad Røyr og inkje slekkja ein rjukande Veik.“[14] Og i Bøni er det me skal ganga til honom og spyrja honom. Bøni er Bodberar millom Himmel og Jord, og denne Bodberaren han tarv inkje lang Tid til at gjera seg i Vegen, men han gjeng, kvat Tid du vil, og flyg fram likso fljott, som du tenkjer. Og han finn Vegen, anten det so er myrkt elder ljost, og han kann bera Fred til deg baade ved Dag og ved Natt. Og um du bøygjer Kne som ein sann, audmjuk Kristen, gjeng ved, at du er ein Syndar, som inkje fortener Guds Naade og bed, at du inkje maa falla som Johannes, so skal Jesus Kristus reisa deg og lata denne Bodberaren kviskra deg eit Ord i Øyrat, som vil fylla deg med stor Gleda: ottast inkje! „den minste i Himmeriket er større enn han.“ Merkelege Ord! det er nokon, som er større enn han, som alt til Kristus kom var den største paa Jordi, og denne, som er endaa større, det er inkje nokon Greive elder nokon Konge, men det er du og eg, det kan vera den ringaste Fatigmannen, soframt me kann segja med Sanning, at me høyra til Himmeriket. Korleides er det mogelegt detta? men det er Kristus sjølv, som segjer det, so maa det fulla vera mogelegt og vera visst. Jau, det store Skil millom Johannes og oss er, at han høyrde til det gamle Sambandet millom Gud og Jødafolket fyre Kristus, men me høyra til det nye Sambandet millom Gud og Kristefolket etter Kristus. Johannes hadde det i so Maate betre, enn dei gamle Profetarne, at han kunde peika paa Kristus og segja: no er han komen! men han fekk inkje sjaa Kristus lida Soningsdauden fyre oss, han fekk inkje smaka Velsigningi fraa Daupen og Nattverden hans, soleides som me no gjera det. Difyre er me større. Me kann slaa upp i Bibelboki og lesa um, at Jesus Kristus, vaar Frelsar, er daaen fyre oss og heve krossfest Skuldbrevet vaart, der han sjølv vardt krossfest, me kann bera Smaaborni vaare burt aat Døypefatet og kristna deim i den trifalde Guds Namn, so dei fyllast av den Heilage-Ande, me kann bøygja Knei vaare ved Nattverdbordet, og njota Guds Likam og Blod under Braud og Vin, til at styrkjast i all andleg Strid og Møda. All denne uendlege Rikdom av Naade og Velsigning kunde inkje Johannes faa, av di Kristus fyrst laut lida Soningsdauden, fyrr Daupen og Nattverden kunde vera det dei no er, daa dei baade to er grunnlagde paa Jesu Offerdaude. Kristus mæler soleides inkje Storleiken hjaa ein Mann etter den Givnad, han heve, etter det Modet, elder den Viljestyrken, som han syner i Livet. Kor ulikt er inkje dette Maalet fraa Verdi sitt Maal. I Verdi gjeld ein fyre Storkar, naar ein kann kara seg fram til Magt og Æra; men i Himmeriket er der korkje Snakk um eigen Styrke elder eigi Verdskyld, men den verd størst, som kann gjera seg so liten, so andleg fatig, so tom fyre all verdsleg Hug som mogelegt, for nett i det tome Kjeraldet er det, Gud kann fylla dess meir.

Just detta, at Himmeriket slett inkje kjærer seg um verdsleg Klokskap og Visdom og Starv, men segjer reint ut, at det duger inkje som Lykel til Himmeldyri, nett detta gjerer Kristendomen til Forarging fyre so mange. Mannen vil so gjerna bjoda fram nokot av sitt eiget, vil so gjerna vera med i Guds Verk til Sæla hans, so myket han kunde faa litetvetta Verdskyld han og, men Gud — nei han er ein streng Herre soleides, han vil hava Æra fyre seg sjølv, han vil, at Mannen skal ganga ved, at han er vorden bergad „utan nokor hans Verdskyld, men eine og aaleine av Guds faderlege Godvilje og Miskunn.“ Gud mæler Storleiken hjaa ein Mann etter Velsigningi, han gjev og kann gjeva. Sjaa no dei gamle Profetarne, dei var store, av di Gud fylde og kunde fylla deim med Spaadomsande um honom, som skulde koma; Johannes var større, av di Gud fylde og kunde fylla honom med Vissa um honom, som var komen, og me i Himmeriket paa Jordi, i den kristne Kyrkja, me er dei største, av di Gud fyller oss og kann fylla oss med sine himmelske Gaavor fraa Ord og Sakramente. Kor takksame maa me daa inkje vera, at me er fødde og uppalne i dette nye Sambandet, som gjerer oss større enn Johannes, men for eit Andsvar ligg det inkje ogso i detta til at nytta Herrens Gaavor flittelega og rettelega. Og so er det ein Ting, som ein vel maa gjeva Gaum etter. Her stend, at den minste i Himmeriket er større enn Johannes. Du maa soleides vera i Himmeriket, fyrr du kann vaaga deg til Likning med honom, det nyttar inkje utan. Og det nyttar helder inkje at hava voret i Himmeriket, nei du lyt vera der. Kor mange er det inkje, som hava voret i Himmeriket! Ja me hava alle voret der, daa me som Smaaborn vardt borne fram til Daupen, men kor mange er det vel, som er der? Kor mange er det inkje, som hava mist Trui baade paa Guds Ord og Daupen sin, som liva i Synd og Villa, som skjemma Kristennamnet sitt, av di dei berre gjera det til eit tomt Namn; som kannhenda tenkja, at Gud ser deim inkje, elder at han inkje er so streng, som Presten segjer. Og kor mange er det inkje, som liva utvertes reint og ulastelegt, som korkje svika elder gjera Næsten Urett, men som hava kaldt desse maa inkje treda fram og ropa: „me er større enn Johannes Døypar,“ dei høyra inkje med til Himmeriket, for det er inkje Namnkristne, Gud vil hava, og som han let upp fyre, men det er Gagnkristne. Difyre agta deg, at du inkje trur deg sjølv stor, for daa er du paa ein faarleg Veg, men ver audmjuk av Hjarta, og kjenn deg sjølv liten, so liten, at du synest inkjevetta kunna til din eigen Frelse, men maa taka alt som ei Naadegaava av Gud, daa skal Kristus segja til deg, (for sjølv vaagar du inkje segja det), at du er stor større enn Johannes Døypar var. Og endelega for ei Trøyst ligg det inkje i detta, at den minste i Himmeriket er større enn Johannes Døypar. Me er større, av di me hava fenget meir, Daup og Nattverd, høyrde me, men nett desse Gaavor me hava fenget, gjera oss og dubbelt so sterke til at standa mot kvar Freisting. Jødarne, som og Johannes høyrde til, dei hadde inkje slik ei Kjelda, der dei kunde drikka seg til Styrking, naar Saali var tyrst; dei hadde Guds Ord um honom, som skulde koma, men inkje Sakramente. Og eg kann spyrja kvar og ein: korleides vilde de vera hugade, naar dei tok Daup og Nattverd burt ifraa Kyrkja? vilde de inkje synast, at no hadde de mist beste Styrkemidel mot all dagleg Strid og Stræv? at eit Band var sprunget, som heldt Hjartat fast til Gud? Saa maa me daa vera uendleg takksame mot Gud, at han inkje berre heve gjevet oss sitt velsignade Ord, men og gjevet Daup og Nattverd, der han paa ein underleg, løyndomsfull Maate velsignar og styrkjer oss, og inkje døma Johannes og hine gamle Jødar, fyredi dei hava havt sine myrke Stunder av Tvil. Og so lyt me vera frihugade i all Freisting, og hugsa paa, at Gud aldri freistar oss meir enn me kann tola, og at han kann styrkja oss i Striden vaar langt betre, enn han kunde gjera med Johannes. Ottast difyre inkje, um Ulukka paa Ulukka kjem veltande inn paa deg som svarte Bylgjor paa Sjoen, for Gud i Himmelen veit det, han ser deg, og han held deg. Elder trur du, at Armen hans er stuttare no, enn han var, daa det raude Havet stod som Murar paa baade Sidor, medan Jødefolket gjekk turrskott yver, elder daa han let Storm og Jordskjelv og Eld fara framfyre Augat til Elia? Nei han ser og han vakjer; det minste Flyet og den minste Blomen og den største Mannen dei gjøyma seg alle under Bengjorna til hans Kjærleike.

Brøder og Syster i Kristo! Me hava no set eit Bilæte av Johannes Døypar, og me hava og set, kvat me kann læra av dette Bilætet. Han var Fyregangsmann, og naar Herren er komen, so heve ein som tidaste inkje Bruk fyre Fyregangsmannen lenger. Heve daa Kyrkja, og hava daa me inkje Bruk fyre Johannes? Jau visselega. Han stend i Dag, og han skal standa i all Æva med den manande Fingren sin lyst mot oss, peika paa Jesus Kristus og segja: „vend um, vend um! gakk til honom det Guds Lamb, som ber Verdi si Synd!“ Brøder og Syster, me trenga nog um Maning, me vil so gjerna ganga alle andre Stader enn til honom, me vil ganga til vaar eigen Styrke, til gode Viner, til megtuge Folk, til deim som Pengar eiga, og me tenkja inkje paa, at alt detta kann Ulukka elder Sjukdom elder Daude riva burt i ei einaste Natt. Og me vil so naudlega ganga den smale Vegen gjenom Graat og Sukkar og Liding og Strid og Spott, men me fylgja so gjerna med Straumen, som gjeng lett og leikande radt til Helvite. At daa Johannes maatte standa paa Vegen, stogga oss med Handi og ropa! „vend um, vend um! og gakk til det Guds Lamb, som ber Verdi si Synd!“ at me maatte lyda paa desse Ordi hans! Me skal no til at halda Jolahelg. Gjev me daa alle maatte bjoda Fyregangsmannen Johannes til Gjest, at han kunde rydja i Hjartat vaart og fjelga i Stova vaar til at taka imot deg Herre Jesus Kristus. At me inkje med Svir og Drykk og Banning og Nattarlauping maatte skjemma den Helgi, daa du kom til Verdi, men stendigt sjaa fyre Augat vaart honom, Fyregangsmannen, som stend der streng med Krossen i Handi, manar til Bot og Bøn og peikar paa Jesusbarnet i Vogga. Ja vaar Herre og Frelsar! bøyg vaart harde Hjarta, at det vender seg til seg, som eine heve Frelse i Fanget. Lat oss alltid kunna fylgja den varande Fingren til Johannes, han som i sin myrkaste Time inkje visste annan Stad at ganga enn til deg Herre og Frelsar! Og gjev oss so alle ei velsignad Jolahelg!

Amen, i Jesu Namn! Amen!

  1. Joh. 6, 68.
  2. Luk. 1, 5 fg.
  3. Luk. 3, 2 fg.
  4. Math. 3, 13 fg.
  5. Ef. 53, 4. 5.
  6. 1 Mos. 3, 15.
  7. Joh. 1, 20.
  8. Joh. 1, 34.
  9. Math. 3, 17.
  10. Marc. 9, 24.
  11. Luk. 18, 13.
  12. Math. 26, 41.
  13. Phil. 2, 12.
  14. Math. 12, 20.