Side:Fylgjesvennen.djvu/4

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

Libertiner- og Kyrenæer- og Aleksandriner-Synagoga, og sume av deim fraa Kilikia og Asia, og trætad med Stefanus, og dei vunno inkje standa mot den Visdom og Ande, som han talad med. Daa sette dei løynlega Folk til at segja: „me hava høyrt honom tala Spottord imot Moses og Gud.“ Og dei øste upp Folket og dei Eldste og dei Skrivtlærde, og dei foro inn paa honom og drogo honom med seg og førde honom fyre Raadet. Og dei hadde fram Ljungvitne, som sagde: „denne Mannen held inkje upp med at tala Ord mot den heilage Staden og mot Logi; for me hava høyrt honom segja, at denne Jesus fraa Nasaret skal brjota ned denne Staden og brøyta dei Skikkerna, som Moses heve gjevet oss.“ Og daa dei feste Augo paa honom alle som i Raadet saato, saago dei hans Andlit som eit Engels-Andlit. — Men daa dei høyrde detta, skar det deim i Hjarto deira, og dei bito Tennerna i Hop mot honom. Men full av heilag Ande skodad han mot Himmelen og saag Guds Æreglans og Jesum standa attved Guds høgre Hand, og han sagde: „sjaa, eg ser Himlarne opne og Menneskje-Sonen standa attved Guds høgre Hand.“ Men dei ropad med høg Røyst og heldo fyre Øyro sine og foro samhugade inn paa honom; og daa dei hadde støytt honom ut or Byen, steinad dei honom. Og Vitni lagde Klædi sine fraa seg attved Føterne til eit Ungmenne, som heitte Saulus, og dei steinad Stefanus, som aakallad og sagde: „Herre Jesu! tak imot Anden min!“ Og han fall paa Kne og ropad med høg Røyst: „Herre! lat deim inkje forskylda denne Syndi.“ Og daa han hadde sagt detta, somnad han av. —