Frelsaren
Herre Jesus Kristus! me standa i Dag med Hyrdingarne og skoda paa deg, som i Krubba ligg. Det er sagt oss, at du er vaar Frelsar, me sjaa det, og me tru det. So bøygja me daa Kne ved Vogga di og beda deg um, at du vil taka mot oss. Me koma med ei stor Byrd paa Ryggen, ei Byrd, som tyngjer oss ned, so me lyt sjaa mot Moldi og inkje kann venda Andlitet mod Himmelen, ei Byrd av Synd og av Veilor. Men du vil taka Byrdi fraa oss, er det sagt, og venda Andlitet vaart upp mot Stjernorna, som lysa i Himmelsalen, der du vil laga Sess fyre oss. So kasta me daa hugheile Byrdi ned fyre Føterne dine, og takka og lova det heilage Namnet ditt, du velsignade Frelsarmann, som gjev Fridom fyre Trældom, Liv fyre Daude. Det er fulla eit Underverk, me skyna det inkje, men Kristendomen trur paa Undervek. Du ser fulla liten og ring ut, der du ligg i Krubba paa Halm, men me veit, at du er stor, større enn Himmel og Jord, at du er Gud allmaattug, som Himmel og Jord eg skapt ved. So kann du full ogso berga ei vesall Mannasaal, naar du vil vyrda oss somyket, naar du heve slik ein brennande Kjærleike til oss, at all vaar Synd og Usseldom inkje kann slekkja honom. Je velsignat, lovat vere ditt heilage Namn i all Æva, du som heve sendt Fred paa Jordi, du som heve sonat Mann og Gud! Amen!
„Men det hende i det Bilet, at det kom Bod fraa Keisar Augustus, at all Heimen skulde skrivast. Denne fyrste Innskriving vardt, daa Kvirinius var Hovding yver Syria. Og alle gingo dei til at lata seg skriva, kvar til sin eigen Stad. So foor og Josef fraa Galilæa or Staden Nasaret upp til Judæa til Davids Stad, som heiter Betlehem, med di han var av Davids Hus og Ætt, og skulde skrivast med Maria, Festarkona si, som var med Barn. Men det var til, medan dei vaaro der, at Dagarne fullendadst, daa ho skulde føda, og ho fødde Son sin, den fyrstefødde, og lindad honom og lagde honom i ei Krubba, for det var inkje Rom aat deim i Herbyrget. Og i same Bygdi var det Hyrdingar, som vakte ute um Natti yver Fenaden sin, og sjaa — Herrens Engel stod hjaa deim, og Herrens Ljoske skjein i Kring um deim, og dei ottadst storlega. Og Engelen sagde til deim: „ottest inkje, for sjaa, eg kunngjerer dykker ei stor Gleda, som skal vera fyre alt Folket, for i Dag er det i Davids Stad født dykker ein Frelsar, som er Kristus, Herren. Og detta skal vera dykker Teiknet, de skulo finna eit Smaabarn lindat liggjande i ei Krubba“. Og braadt vardt det hjaa Engelen ei himmelsk Hermengd, som lovad Gud og sagde: „Æra vere Gud i Høgdi og Fred paa Jordi og Godtokke yver Menneskja.“
Brøder og Syster i Kristo Jesu, vaar Herre! Naade vere med dykker og Fred fraa Gud vaar Fader og den Herre Jesu Kristo!
Det er i Dag ein Gledesdag fyre Kyrkja. „Ottest inkje,“ segjer Engelen til oss, „for sjaa, eg kunngjerer dykker ei stor Gleda, som skal vera fyre alt Folket, for i Dag er det i Davids Stad født dykker ein Frelsar, som er Kristus, Herren.“
Me hadde soleides Orsak til at ottast, me hadde Orsak til at vera uglade, fyrr Frelsaren kom, alle saman; men fraa den Dagen, at Engelen steig ned til Jordi med den Bod, at no var Frelsaren fødd, fraa den Dagen hava me Orsak til at vera glade, og det storlega glade. Denne Dagen, Joladagen, som me kalla honom, stend soleides som Merkedagen fyre heile Mannaætti. Kring honom sviv heile Mannaheimen som Stjernorna kring Soli. Fyrr Himmelljoset var kveikt i Stallen i Betlehem, sveiv heile Verdi i Myrkr. Mannatankarne ragad som drukne Mannen og trivlad seg fram som gjenom ei myrk Gong og vilde finna fram til Ljoset, men dei fann det inkje. Dei visste, det galdt um at finna Ljoset, men dei fann inkje Ljoset. Og Ætt paa Ætt gjekk i Gravi, den eine steig upp paa Akslerna til hi og kagad som Sjomannen etter Land men saag inkje meir enn det store, tome Rom. Heidningarne kveikte seg Ljos med sine eigne Tankar og skapte seg Gudebilæte, som dei tilbad med dette Ljos, men Ljoset slokknad det eine etter det andre, og Budebilæti ramlad ned og slo seg sjølve isund. Berre Jødafolket sat fyrt og ventad, liksom Mannen, som stirer mot Aust etter Dagen, naar han er faren vill paa Viddi. Gud hadde sjølv snutt Augo deira paa rette Leid, so sat dei og stirte paa Voni i mange, mange hundrad Aar, men dei saag inkje Ljoset. Daa let Engelrøysti: „ottest inkje! for i Dag er det i Davids Stad født dykker ein Frelsar, som er Kristus, Herren;“ og som Eldingen kløyver Skyi og gjerer Natt til Dag, soleides vardt dei kløyvde alle dei Skyerna, som Mannatanken hadde myrkt Sanningi med, og Dagen vardt kveikt, so dei kunde sjaa, kvar dei var alle desse, som gjekk og staakad i Myrkret. Og korleides tok daa Mannaætti mot Ljoset? korleides fagnad dei sin Frelsar? Jau sume vardt reint som blinde og gjøymde seg som Adam millom Trei i Hagen, sume gjekk glade med Hyrdingarne til Krubba og lovad og takkad Gud, og sume snudde seg burt i Traass, vilde inkje kannast ved dette Ljoset, som inkje var deira eiget, og som gjorde alle deira Hjartatankar openberre. Og du og eg — kvart er so me gjengne? Me veit, at Herodes leitad etter Barnet, for han vilde drepa det. Hava no du og eg ogso lyft Sverdet og vil slaa i Hel Jesubarnet, vaar Herre og Frelsar? Kom, kom, lat oss ganga i denne Stund til Stallen i Betlehem og stira inn i det velsignade Andlit, som ligg i Krubba, og tenkja paa, kvat det er me eiga i denne Frelsar, og korleides me kann faa Lut i den Gleda, som skal vera fyre alt Folket. Guds eigen Heilade-Ande blaase Liv i Ordet, at det maatte vera eit sant Guds Ord, som kunde festa Rot i Hjartat!
Me trenga alle um ein Frelsar, det lyt me no fyrst og fremst tenkja paa. „Alle hava syndat og det skortar deim Guds Æra,“ segjer Bibelboki.[1] Og um Boki aldri sagde det, so laut me ganga ved det, kor som var, at me er synduge. me kjenna det altfor vel i oss sjølve, korleides Syndi heve Magt yver oss baade i Ord og Gjerd og Tankar. Samvitet klagar oss rett som det er, og dei tie Guds Bodord standa der som Domen yver oss. Og um me aldri so lenge og aldri so vel hadee sett oss inkje at synda meir, so laut me sidstpaa segja med St. Paulus: „det gode, som eg vil, gjerer eg inkje, men det vonde, som eg inkje vil, det gjerer eg.“[2] Naar so Boki kjem til og stadfester denne Røynsla vaar, so hava me inkje nokot meir at leggja imot, so lyt me berre vera med paa og underskriva denne Domen yver oss: „sannelega, det bid inkje ein rettferdig Mann paa Jordi, som gjerer godt og inkje syndar.“[3] Og so fortel Boki oss, at denne synduge Hug hava ma ervt fraa Foreldri vaare og desse atter fraa sine Foreldre og soleides uppigjenom Ætterna likatil det fyrste Mannahjonet, Adam og Eva. „Ved eit Menne er Syndi innkomi i Verdi og ved Syndi Dauden, og soleides kom Dauden til alle Menne, i di alle syndad.“[4] Og David segjer: „sjaa i Misgjerning er eg fødd, og i Synd heve Moder mi fenget meg.“[5] So er det daa inkje mogelegt fyre oss at frelsa oss sjølve, naar med er dømde synduge radt fraa Moderliv av. Og naar det no til denne Ervesynd kjem alle dei openberre Synder, eg heve gjort gjenom heile mitt Liv, so verd galet verre. Eg merkar, eg støyter mod Guds Logbok kvar Dag paa ein elder annan Maate, og det er skrivet: „forbannad vere kvar den, som inkje held seg til alt det, som skrivet er i Logboki, so at han det gjerer.“[6] So er daa kvart Mannaliv paa Jordi forbannat likafraa Fødsla av, soframt det inkje finst Frelse paa eikor Vis. Det er likso umogelegt fyre Mannen at treda fram fyre Gud i Syndaklædnaden sin, som det er fyre Jordi at lyfta seg til Himmels, som det er fyre kvart at verda kvitt. Gud er den heilage og reine, han toler inkje annat enn heilagt og reint i Nærleiken sin. Korleides skal me daa kunna verda frelste, korleides skal me kunna verda heilage og reine, naar me inkje duga til detta sjølve? „Ottest inkje, sjaa eg kunngjerer dykker ei stor Gleda, som skal vera fyre alt Folket, for i Dag er det i Davids Stad født dykker ein Frelsar.“ Me hava soleides funnet ein Frelsarmann, som vil taka paa seg alle Synderna vaare, sona fyre deim og so gjera oss heilage og reine. Men kvat kann detta vera for ein Mann, som stend so høgt, at hans Soning kann vera fullgod fyre heile Mannaætti? Han lyt fulla vera Mann, for annars kunde han inkje sona fyre Mannaborn, men han lyt og vera meir enn Mann, for annars kunde han inkje sona fyre alle Mannaborn. Kven er han daa denne Frelsar? Han er „Kristus, Herren,“ segjer Teksti oss. Kristus er det same, som paa Jødamaalet heitte Messias, han som var lovad Jødarne ved Abraham, han som var lovad alle Folk ved Adam, daa det vardt sagt, at Kvendeavkoma skulde krasa Hovudet paa Ormen. Denne Messias verd alt i den gamle Pakti kallad Guds Son. „Du er min Son, eg fødde deg i Dag,“ let David Gud Fader segja til honom i den andre Salmen. Han er soleides Herren, Herren yver Himmel, Herren yver Jord, Herren yver Liv, Herren yver Daude, Guds Einberning. han er sann Gud og sann Mann, som Luther segjer i Tydingi til andre Artikelen. Og dette at han var sann Gud og sann Mann, synte han gjenom heile sitt Liv hernede. Han lækte ulækjande sjuke, han uppvekkte daude, han vardt forklaarad paa Berget, han gjekk paa Sjoen, han stilte Vinden, han gjorde uteljande Underverk, han hadde Magt og kalla fram heile Englaheren — kven annan kunde gjera detta enn sann Gud? Og han var sann Mann. Han var Kjøt og Blod, han aat og drakk, han gret og bad, han leid og stridde som alle andre Mannaborn — kven annan kunde detta enn sann Mann? So vardt daa denne Kristus, Herren, som Engelen kunngjerer oss i Dag, vaar dyre Frelsarmann fraa Synd og fraa Daude og Satans Rike. Korleides vardt han no detta, og kvat var det, me maatte krevja av ein, som skulde vera Frelsarmann fyre oss? Jau me maatte krevja tri Ting: han laut lida, han laut læra, han laut sigra.
Han laut lida. Ja for annars kunde han inkje frelsa oss. Paa Syndi fylgjer Straff, og me hava alle syndat. So laut han daa lida denne Straff, som er Dauden. Heve han daa lidet Dauden? Ja myket meir. Han heve lidet fyre vaar Skuld, alt fraa han saug det fyrste Andadraget i Krubba i Betlehem-Stallen. Han vardt forfylgt og etterleitat alt som Sogbarn, so Foreldri laut fly med honom til Ægypti Land. Daa han vardt vaksen, vardt han paasett baade av Djevel og Mann. Djevelen freistad honom i Øydemarki og vilde hava honom til at svika si Frelsarærend og selja Mannaætti til seg fyre Gods og Gull. Mannen freistad honom, kvar han ellest gjekk og vilde hava honom til at svika si Frelsarærend ved at ganga undan si Liding og sin Daude og byta Herskarstolen i Himmelen med Herskarstolen paa Jordi. Han band Frelselæra si til alt Folket, og alt Folket mistydde henne. Dei skrivtkloke og store snudde seg burt, og vilde inkje høyra henne, og dei ringe og fatige høyrde henne men vilde inkje skyna henne. Han var kringsett av tri Slag Folk. Farisæarne og dei srkivtkloge hatad og forfylgde honom, Folkahopen krossfeste honom, Vinerne sveik og rømde fraa honom. Eine Luten laut han kalla Ormungar,[7] andre Luten arme Blindingar, den beste Læresveinen sin laut han kalla ein Satan.[8] Var inkje detta at lida?
Og so visste han alt fyreaat likafraa det fyrste Upphavet. Naar Folket foor etter honom og vilde gjera honom til Konge og helsad honom med Fagnadrop: „velsignad vere den, som kjem i Herrens Namn, Hosianna i Høgdi!“[9] so visste han, at denne same Folkahopen nokre Dagar etter vilde ropa: „krossfest honom! krossfest honom!“ Naar Læresveinarne hans sagde for vist, at um alle sveik honom, so skulde dei fulla inkje gjera det, — so visste han, at den beste vilde negta honom, dei andre røma fraa honom. Naar han laag og stridde og bad i Getsemane Hagen, so Sveittedroparne vardt som Blod, som draup til Marki, so visste han, at det nyttad inkje Bøni, so visste han, at han laut tøma Bikaren til Botnar. Er inkje detta Liding?
So kjem den sidste tunge Ferdi. Judas svik honom, og han kysser Judas. Han som var Frelsar fyre heile Mannaætti og berre av fri Kjræleike var komen til Jordi, han verd slæpt fyre menneskjeleg Domstol, og dømt som den verste Brotsmann. Røvaren Barrabas verd tillyst at vera betre enn Guds Son. Han verd hudslengd og sputtat paa og lætt aat og so slæpt til Golgata og krossfest millom tvo Røvarar. Mannahopen stend ved Foten av Krossen og rister paa Hovudet aat honom. Men Gudskelov, han hadde daa Gud og Faderen atter denne Frelsarmannen — nei han kjenner seg sviken ogso av Gud. „Min Gud, min Gud, kvi heve du gjenget fra meg?“ styn han paa Krossen, og soleides heng han der millom Himmel og Jord, burtstøytt av Jordi, burtstøytt av Himmelen. For ei Rædslestund, for ei Liding, som inkje Mannatanken kann sjaa Botn i! Og alt detta gjorde han fyre vaar Skuld. „Kristus kaupte oss frie fraa Forbanningi av Logi, daa han vardt ei Forbanning fyre oss, di at det er skrivet: „forbannad er kvar den, som heng paa Tre,“ soleides skriv St. Paulus til Galatia-Mennerne.[10] Er det so inkje sant, at han er vorden oss ein dyr Frelsarmann.
Men det var inkje nog, at Kristus, Herren, leid. Han laut og syna, at han var Herre yver Dauden, annars so rakk inkje han helder lenger, enn kvar Mann kunde rekka — til Gravi. Kristus, Herren, laut sigra. Heve han daa sigrat? Me veit, at han stod upp fraa Daude paa tridje Dagen, daa Engelen velte Steinen fraa Gravi, me veit, at han uppfoor til Himmels og siter no ved høgre Handi til Faderen. Det var fulla Siger det. So heve daa inkje Dauden Magt til at halda oss helder. Der Herren og Meistren vaar foor i Fyrevegen, der skal me fylgja etter. Gravdyri er opi, Himmeldyri er opi, og han heve Magt til at draga oss fraa Gravi til Himmelen. Likamen vaar skal vel folna som Lanvet og verda til Mold, som han er teken av, men ein Gong skal Luren skrella til Doms, og alle dei daude Likamar skal reisa seg. Steinen er velt fraa Gravi, Dauden er glupt av Sigren, og med forklaarad Hold liksom han skal me møta Herren og Meistaren vaar i Skyi. „Kristus skal umskapa vaar vesalle Likam, som han verd lik med hans Ære-Likam etter den Kraft, som han heve til at leggja alle Ting under seg;[11] for „eg er Uppstandingi og Livet. Den, som trur paa meg, han skal liva, endaa han døyr, og kvar den, som liver og trur paa meg meg, skal i all Æva inkje døya.“[12] So er daa Dauden inkje lenger myrk og skræmeleg, men ljos og lokkande. So er Gravi inkje lenger Porten til Helvite men Porten til Himmelen fyre kvar truande Saal. So kann me no gledja oss i Livet og gledja oss i Dauden og gledja oss i Himmelen, og alt detta berre fyre vaar kjære Frelsar si Skuld. Er han so inkje ein dyr Frelsarmann?
Men det var inkje nog endaa detta, at han leid Dauden fyre oss og opnad Gravi og vardt den sterke Sigrar yver Djevel og Helvite. Korleides skulde alt detta hjelpa oss, naar me inkje kunde faa Lut i denne Frelse, som skulde vera fyre alt Folket. Og Ordet er inkje soleides at mistyda, at kvar Mann skal verda sæl, etter at Kristus er komen til Verdi, han vere so gudlaus og sidlans han vera vil. „Gud vil, at alle skulo verda frelste,“[13] men inkje alle vil verda frelste av Gud. Det er ein viss Frelsesveg, og utanfyre den Vegen finst inkje Frelse. Det gjeld soleides um at finne denne Vegen, at verda upplyst um denne Vegen. Soleides laut Kristus, Herren, inkje berre vera Sonar og Sigrar, naar han vilde vera Frelsar, men han laut og vera Lærar. Heve han daa voret Lærar? Ja vel heve han voret det. Solenge han gjekk hernede paa Jordarike lærte han, etter at han var uppstaden, lærte han, etter at han var faren til Himmels, lærte han. Paa Kvitsundagen sende han den Heilage-Ande paa Apostlarne og Næmingarne, so dei vardt uppglødde av himmelsk Visdom og preikad Ordet fyre heile Mannamengdi fyre kvar i hans Tungemaal. So foor dei ut i vida Heimen og lærte, og i Kyrkja, som vardt grunnfest av deim, vardt det lært og verd det lært den Dag i Dag um Frelsesvegen, soleides som Kristus, Herren heve lært det sjølv. Kvat er det so fyre Vilkor Frelsarmannen set fyre oss? kvat er det, han krev av oss, fyrr me kann faa Lov til at fylgja honom paa Sigersferdi hans? Jau det er fyrst, at du lyt segja fraa deg alt ditt eiget, at du trur fullt og fast, at du inkje kann gjera det minste til Sæla di, korkje fraa elder til, men maa taka alt som ei Naadegaava, av Herren; dinæst at du vil tru fullt og fast, at han, Jesus Kristus, sann Gud og sann Mann, er einaste Frelsar din, som heve kaupt deg med sitt Blod, og so endelega, at du vil fylgja honom etter same Vegen, han gjekk, gjenom Trengsla og Liding til Dauden, men so og gjenom Siger og Sæla til Himmelen. Det høyrest so lett detta, og naar ein veit, at det er einaste Maaten at verda sæl paa, skulde ein tru, at kvar og ein vilde triva etter desse Vilkori med Gleda. Men nei, det er inkje so. „Mange ero kallade, men faae utvalde,“[14] segjer Herren sjølv. Det er so vandt at gjeva upp seg sjølv, me vil so gjerna hava litet vetta Æra med, og det er so vandt at segja ifraa seg alt det, som Hjartat heng ved, det vere godt elder vondt, det vere Kona, Born, Foreldre, Gods elder Æra. So kann det finst dei, som tru seg sterke i Trui, men naar so Trengsla kjem og skal røyna deim, so verda dei rædde og draga seg undan. Aa Mannen er veik! Moldi heng ved oss, me er inkje gode til at lyfta Augo og riva Hjarto lause fraa Jordi, me er tekne av. Ja ein kann fritt segja det, at um inkje Mannen hadde sterke Hjelpesmenner, so stod han inkje i at halda Trui, han hadde fenget. Men ogso detta heve Frelsarmannen vaar dreget Umsut fyre. Han heve gjevet oss sin Daup og sin heilage Nattverd, han heve gjevet oss sitt Ord baade i Munn og Bok, han syner ofta i Livslagnaden vaar, korleides den usynlege Handi hans er med oss og leider oss framigjenom. I alt detta er det so rik ei Trøyst, at naar me berre rett vilde nytta Gaavorna hans og hadde Syn fyre, kor uendeleg god og tolug han er mot oss, so skulo me verda sterke og hugheile og inkje ottast korkje Spott elder Naud elder Faare.
Kjære Viner! Kristus er fødd fyre oss, men er han no ogso fødd i oss? Elder med andre Ord: hava no me denne sterke Tru paa honom, som kann bera oss yver Daude og Grav? er det til oss, til deg og til meg, at Engelen segjer: „ottest inkje, sjaa eg kunngjerer dykker ei stor Gleda, for det er i Dag i Davids Stad født dykker ein Frelsar.“ Gud gjeve, eg kund svara det so sant fyre alle. Elska me Kristus, takka me Kristus, fylgja me Kristus? det er Spursmaali, som du i Dag skal svara paa fyre ditt eiget Samvit. Det er Frugterna, som spretta fram av Trui og bløma fyre Verdi, og paa Frugti skal Treet kjennast.
Elskar du Kristus? Veit du ingen Ting so godt at tenkja paa som hans Kjærleike? er du god til at segja ifraa deg, kvat det skulde vera fyre hans Skuld? Naar Foreldre elder Born elder Kona elder Husbond vil freista deg til det, som rangt er, det vere stort elder litet, er du daa god til at segja, som Kristus sagde til Petrus: „vik fraa meg Satan!“[15] Naar dei anten lova deg baade Rikdom og Æra, elder truga deg med Hat og Forfylging, soframt du berre vil segja elder gjera det og det, som inkje er rett, er du so god til at riva deg laus fraa deim og vera trufast mot Herren og Meistren din? Og detta lyt du vera, soframt du vil elska Kristus, som du skal. Og naar dei spea og spotta deg Grannarne dine, og du gjeng som ei onnor Bygdarskam, av di du inkje vil vera med paa at drikka og banna og gjera nett som dei gjera, er du daa god til at standa stødt? Det er ingen Ting, som bit seg so inn i Mannen som Spe. Ein kann tola baade Hogg og Slag og Skjemdaord, men at verda lætt aat, det er verre. Og naar Sjukdom og Naud kjem paa, og du misser baade Gods og Born og lyt skilja deg ved alt, som gjorde det hyggelegt i Heimen din, er du daa god til „at vyrda det alt fyre Skarn, so du kunde vinna Kristum?“[16] Detta lyt du gjera, soframt du rett vil elska Kristum? Det kann vera tungt fyre Kjøt og Blod meir enn ein Gong detta, men naar dun tenkjer paa alt det, som Kristus heve lidet og stridt fyre deg, og det av fri Kjærleike utan nokor Naudtorv til, so lyt du vel ganga ved, at det vesle ein Mann kann hava at lida hernede, verd inkjevetta at rekna imot hans Liding fyre vaar Skuld. Og naar du tenkje paa, kor brennande Kristus elskar deg, at han inkje einaste heve kaupt deg med sitt Blod men og fylgjer deg med sin Naade, kvar du gjeng, og styrkjer deg i Møda di og leitar etter deg som Hyrdingen etter Sauden sin, naar han er komen paa Villstig — ja so lyt du nog segja, at den veike Kjærleike, som du kann hava at bjoda honom, kverv burt liksom Dogg fyre Soli, naar han verd liknat i Hop med hans. Me skal soleides inkje tru og meina, at me gjera nokot stort, naar me halda fast paa Herren og Meistren vaar i Trengsla og Naud, tvertum er det berre vaar ringaste Skylda. Og me skal helde audmjuke synast, at det er fulla litet at bjoda fram eit Hjarta fullt af Synd og Beilor, men so er det no det einaste og største me hava, og me veit, han er nøgd med det Frelsaren. Kor faae er det inkje, som gjeva Frelsaren Hjartat sitt. naar me lesa, korleides han Gong etter Gond spurde St. Petrus: „Petrus, elskar du med?“[17] og spurde uppatter og uppatter, endaa St. Petrus kvar Gong svarad, at han det gjorde, so maa me av detta kunna skyna, kor laakt det er voret med oss, og kor litet me duga til at elska Frelsaren, som me skulde. At me daa allesaman maatte rett ut av Hjartat beda honom um, at han vilde verma upp Hjartat vaart, som me kunde koma til at elska honom nokot litet meir enn me gjera.
So skal du takka honom. Gjerer du det? Du skal takka honom inkje einaste, naar han sender deg Gleda, men og naar han sender deg Sorg. Det høyrest undarlegt detta, og det er inkje greidt at skyna fyre Borni av denne Verdi. Men ein Kristen skynar det. Han veit, at all Sorg, som verd send, berre er ei kjærleg Refsing, som vekkjer ein og manar til Bøn og Bot og til at vera aarvak. Og han veit, at naar Sorgi verd teki paa rette Maaten, vil ho berre bera Fred og Velsigning med seg. Ein Kristen kann „umskapa Taaredalen til kjelderik Grunn,“ som David so fagert segjer.[18] „Dei som saa med Graat, skulo skjera med Gleda. Graatande gjeng han og ber Saadkornet, som han straar; med Glederop skal han koma heim og bera Kornbondi sine.“[19] Ein Kristenmann er sterkaste Mannen paa Jordarike. Naar andre er rædde og korkje finna Fred elder Svevn, av di alt gjeng galet fyre deim, so er Kristenmannen logn og hugheil; naar andre reint gjeva seg upp i Orvon og sukka og ropa og riva seg i Haaret, og inkje veit, kvar dei skal søkja Berging ifraa, so er Kristenmannen sterk og glad og kann lova og syngja. Og alt dette kjem seg av di, at Kristenmannen inkje heve bundet seg so fast til nokot her paa Jordi, at det skulde riva honom med seg, um det seig og slokknad. Han heve bygt sitt Hus paa Berget, som er Kristus, han heve lagt Skipet fyre Anker i Himmelhamni. Men naar Kristenmannen er so sterk, at inkje nokot kann vinna paa honom, naar han er so sterk, at han kann vera frihugad og glad, medan alle andre er raadlause og rædde, daa var det vel verdt at vera ein Kristenmann. Men so lyt du elska Kristus, Herren, meir enn alle Ting, og so lyt du takka honom fyre alt, som hender.
Og so var det det tridje, me talad um, det at fylgja honom etter. Var ein viss um, alltid at elska Kristum, som ein skulde, og alltid at takka honom, som ein skulde, so kom det av seg sjølv detta at fylgja honom etter. Men daa me veit, at Mannen er veik og som tidaste gløymer Kjærleiken til Gud fyre Kjærleiken til Verdi, so verd det inkje so beint helder. Korleides ein no skal syna det i eit og alt, at ein fylgjer Kristum etter, det skal eg nærmare utgreida i ei onnor Preika, som eg vil kalla Fylgjesveinen. Her vil eg berre segja, at naar ein rett vil fylgja Jesum etter, maa ein ingen Stad ganga og ingen Ting gjera, som anten strider mot Guds Bodord elder der ein veit, at Kristus inkje kann fylgja med, der ein veit, ein kann taka Skade paa Saali si. No er Mannanaturi so undarleg skapt, at det som ein kann hava Lov til, det kan inkje ein annan, og det som ein hugheilt kann gjera ein Stad, skal ein inkje gjera ein annan Stad. Her gjeld det at fara aat med Apostel-Klokskap og inkje vekkja Forarging hjaa sine veike Brøder. Og framfyre alt gjeld det inkje at vera ein Skrymtar, so ein inje letst retta seg etter alt, som sjuke Hovud og inkje Hjarto kann finna paa, naar ein inkje meiner med det, for daa verd ein som dei gamle Farisæarne. Alt som ein kann taka mot som ei god Gaava av Guds Hand og takka fyre, det kann ein og hugheilt njota, og all Stad, der ein kann bera Gud med seg i Hjartat, der kann ein og frihugad ganga.
So leide du oss daa vaar kjære Frelsarmann fram paa Vegen, som der til ditt Rike, at me kunde vera sannferdelege og reinhugade og taka Krossen upp og fylgja deg etter. Ja kveik i oss den same Eld, som i Apostlarne Kvitsundagen, at Bilætet av deg, som elskad oss meir enn alle Ting, som leid og som døydde fyre vaar Skuld, maatte standa fyre Augat vaart stendigt og mana oss til med Gleda og med lyst Andlit at skrida fram den tronge Vegen, der du foor fyre. Ja lat oss inkje gløyma i Staaket og Strævet hernede, at me er nokot meir enn Mold, at me hava ein udaudled Ande som er ættad fraa Himmelen og som skal venda atter til den høge Heimstaden sin. Lat oss inkje gløyma, at det kostad Blod og det Blodet av Guds eigen Son, fyrr Himmeldyri kunde verda upplati atter, Himmeldyri, som me hadde læst ihop ved vaar eigen Traass og Ulydugskap. Ja kjære Frelsarmann, verd inkje kjeid og leid av oss, naar me endaa er trege og kalde og utakksame, me som skulde hjartaglade triva Frelsen med baade Hender og lova oss lukkelege kunde me koma til at lida fyre di Skyld. Verd inkje kjeid og leid av oss, men tak oss, som me er, fulle av Synd og Beilor. Di Kaapa av Kjærleike er fulla so stor, at ho kann gjøyma Syndamengdi, og du heve sagt, at du er komen til dei sjuke og inkje til dei heile. So tilgjev oss daa alle vaare Synder fyre ditt dyre Blods Skuld, og tak mot oss, naar me koma, og lat oss saa vera dine Brøder og Syster.
„Daa verd det Jol i Stova,
naar Jesus han er min,
daa kann eg Herren lova,
som gav meg Sonen sin,
daa smiler eg aat Verdi
med hennar Sut og Strid,
eg heiv ein Bror paa Ferdi,
min Frelsar sterk og frid.
Lat Livsens Stormar truga,
eg vyrder deim ei no,
lat Storm og Armod kuga,
i Jesus hev eg Ro,
han held meg traust i Armen
fram gjenom Strid og Haad,
Med Herrens Fred i Barmen
verd alle Vander smaa.“
Amen i Jesu Namn! Amen!