Hopp til innhold

Side:Fylgjesvennen.djvu/6

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

Fylgjesveinar. Og so skal me taka Jødarne, som steinad honom, til Varegsla, so me inkje kasta Stein paa nokon Jesu Fylgesvein, inkje reka nokon truande Mann burt og stengja Dyri baade fyre honom og fyre Jesus Kristus, som gjeng i Fylge med honom. Kven var daa denne Stefanus? Me hava høyrt um honom fyrr i Apostla-Gjerningarne, at han var utvald til at vera Fatigforstandar fyre Menigheiti i Lag med 6 andre, og det Stykket, me hava leset i Dag, fortel oss, at han var ein Mann „full av Naade og Kraft,“ og at han „gjorde Under og store Teikn millom Folket.“ Han maa soleides hava voret ein mann, som heve aatt Guds Naadesgaavor i stort Maal, og som heve brukat desse Gaavor til at vitna um og utbreida hans Namn, som hadde gjevet honom Gaavorna, hans Namn, som han kjentest ved som sin Herre og Meistr, Jesus Kristus. Detta forargad Jødarne, men Stefanus gav seg inkje. Han sagde, som Apostlarne sagde, at „ein lyt lyda Gud meir enn Mann,“[1] og so var han lika urædd som fyrr. Daa var det, Jødarne tok honom og laug paa honom og sidstpaa steinad honom, soleides som me hava leset i Dag.

Kjære Viner! me maatte nog ynskja, at me kunde liva soleides og vitna soleides og faa døya med slik Gleda, som Stefanus gjorde det. Han var eit san Herrens Vitne denne Stefanus — men er det berre han, som skal vera detta? elder høyrde det verre den Tid til at vitna og lida fyre Jesu Skuld? elder gjeld det berre Læra’rne, dei som er utvalde til at preika og hjelpa

  1. Ap. Gj. 5, 29.