Side:Fylgjesvennen.djvu/7

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

Menigheiti i all andleg og likamleg Naud? Nei kristne Viner, det gjeld kvar Mann. Me skal alle vera som Stefanus fulle av Naade og Kraft, me skal alle vera som Stefanus Jesu Vitne kvar i sitt Stand, me skal alle liksom Stefanus vera ferduge til at lata Livet fyre Trui si Skuld. So styrkje du oss daa du gode Heilage-Ande til rett at grunda paa i denne Time, korleides me, kvar einaste ein, skal vera eit Jesu Vitne, og korleides me skal vera ferduge til at lida alt fyre hans Skuld.

Me skal alle vera Vitne; for Skrifti segjer:[1] „um du vitnar med din Munn um Herren Jesum og trur i ditt Hjarta, at Gud heve uppvakt honom fraa dei daude, so verd du frelst; for med Hjartat verd det trutt til Rettferd, men med Munnen vitnat til Frelse.“ Det gjeld soleides um at vitna, soframt me vil verda sæle, og detta er fulla greidt at skyna. Det som Hjartat er fullt av, det fløder um Munnen. Er no Hjartat fullt av sann Tru, so lyt ein tala som ein truande, um so denne Tale berre verd millom deg og Gud i Bøni i den vesle Stova di. Me lyt soleides vitna. Difyre er og det fyrste, du gjerer framfyre Gud, det at vitna; for naar Presten paa Guds Vegne ved Daupefatet spyr deg Sogbarnet, som ligg paa Armen, um du trur paa Gud Fader, Gud Son og Gud den Heilage Ande etter dei tri Artiklarne, so svara dei, som bera deg fram, paa dine Vegne: „ja, eg trur,“ og so fær du Daupen. Og denne Vitnesburd, som du byrjad med, den skal du og

  1. Rom. 10, 9, 10;