Side:Fylgjesvennen.djvu/8

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest


enda med, og den ſkal du hava i Hjartat ditt og paa Tunga di ſtendigt heile Livet igjenom. Men ſkal eg daa fara ut paa Gator og Vegjer og preika Kriſtus? elder ſkal eg treda fram i Kyrkja elder Samlingshuſet og halda Møte? elder ſkal eg gjera, ſo ſom mange i vaare Dagar, fara ikring fraa Bygd til Bygd og preika og halda Bibelleſingar? Nei du ſkal inkje gjera nokot av alt detta, med minder du dertil heve fenget eit ferlegt Kall, og Menigheiti heve kravt det av deg. Det er mange i vaare Dagar, ſom er gripne av ſlik utidig Vitnelyſt, at dei inkje hava Ro paa ſeg, fyrr dei kann faa treda fram offentleg og preika fyre ei heil Mannamengd. Og ſo preika dei ſolenge fyre andre, at dei ofta gløyma at preika fyre ſeg ſjølv um Audmykja og ei ſtillvori Tru. Detta kann no ſlett inkje vera rett. Og naar no desſe reikande Predikarar endaatil, ſom det ſtundom hender, ſtemna til Møtes, utan at Preſten veit um det elder ſamtykkjer, ſo maa det no vera reint galet daa. For detta verd inkje annat enn at freiſta at lokka Menigheiti fraa Preſten, og ſkipla iſtadenfyre at ſkipa. Det maa no ogſo vera reint at mistyda Guds Ord detta at tru, at ein er ein betre Kriſten elder vitnar um ſin Gud meir rettelegt, naar ein kavar med at faa i Lag Uppbyggelſar og ſovoret, og renn rundt paa deim, naar ein kann koma ſeg til, paa ſame Tid, ſom ein dermed vanſkipar og vanſteller Huſet ſitt og Borni ſine. Til deim, ſom tru at tena Gud paa den Maaten, vil eg ſegja, at dei tente Gud betre med at arbeida paa Marki elder ſitja med Rokken ſin. Og den ſom trur, at Kyrkja,