Side:Fylgjesvennen.djvu/9

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

og alt som til henne høyrer, stend for høgt til at verda neddregi i det daglege Strævet, han syner, at han inkje heve Syn paa, kvat Kristendom er elder skal tena til. Kristendomen skal nettupp vera Surdeigi, som fyrer all den daglege Gjerdi, den største som den minste. Den som soleides trur, at han er ein god Kristen, av di han gjeng i Kyrkja og paa Uppbyggelsar og held dagleg Bøn og snakker myket um Kristus, samstundes som han syner seg storlaaten, pengagirug, ukjærleg og fer med Drøsor kringum i Bygdi, han spottar snarare Gud, enn han vitnar um honom. Nei, Gud kann og skal verda umvitnat av kvar einaste ein s oss gjenom det daglege Arbeidet vaart, kvat Stand han so høyrer til. Er du Fiskar, skal du tena din Gud med at vera Fiskar, stella med baaten og Nøterna dine; er du Bonde, skal du vera Bonde, driva Jordi og stia Fenaden; er du Prest, skal du vera Prest, læra Guds Ord skirt og reint og stjorna Sakramenti; er du Kaupmann, skal du vera Kaupmann, selja og kaupa og gjera Rett og Skil mot kvar Mann. Men med alt detta skal du likavel vera eit Jesu Vitne stendigt. Korleides kann no detta hanga i hop? Det skal me no syna. Soleides er det, at du skal vitna um Jesus Kristus inkje einaste i Ord men og i Gjerd, fyrst og fremst i Ord men ogso i Gjerd. Men at vitna um Jesus Kristus i Ord vil inkje segja det same som at snakka um honom stødt, for so fekk ein fulla inkje gjera annat. Den rette Kristen heve det inkje somyket i Munnen, han er meir stillvoren av seg. OG so lyt ein hugsa paa, at alle hava inkje same Lag elder same