Kumdersjersanten

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Det norske Samlags Forlag (s. 61-63).

Ei tom Hønd i eit fremmant Land æ Hjartesørg, segja dei gamble, o no vil e fortelja de um ein, so skjele vart tomhendt i eit fremmant Land. Dæ va endaa ein Kumdersjersant. Han va den klokaste, dei hadde her i Bygden i dei Tien; difør let han se leie te fara ne te Kjøpenhamn i Danmark mæ noko Bønskrifte te Kunga. So han kom te Kjøpenhamn, vart dæ so varmt, at Kumdersjersanten to te sveitte, so dæ silte taa hono, o han tytte dæ skulde vera gøtt o lauge se, gjekk so neaat Fjorde o klædde taa se.

Mea han laag svamde o blaskra uti Vatne, kom dæ rekandis ein Fant o fakka Klæo hass o alt, han aatte o hadde. Han saag dæ nokk Valdrisen o hadde se te Lands dæ fortaste han hadde lært o skreik te Skarvefante, at han laut daa i dæ minste tøme otor Lummo o Skreppun hass dei Papire. „Dei era kji te Gagdn før de, men nemmar te uppedaga, at du te ein Tjuv o ein Kjeltring“. Fanten lydde kji ette dessa han; han to Føtadn te vare o dæ tvert.

Der sto no Valdrisen att i Skjinnskjurtun o visste kji, anten han skulde stupe se uti Sjøen, ell um han skulde gaa ifraa Vete, ell um han skulde gaa fram ell attende; trøytty o svøltin va han mæ. So han hadde stae o tenkt ei Ri, kom han i Hug, at han hadde mykji gøtt lell, ja, at han hadde atte dæ allebeste – ein, go Kjaft; før den, so har ein go Kjaft, kann ha dæ gøtt all sin Levedag, o Kjaften hadde daa kji dæ Sylekrøtøre faatt støle ifraa hono likevæl. Han saag kji Liknils te Følk nokorstane. So han hadde gange eit Leite, møtte han ei Fatikjering. Ho vart rædd o to Hyven. Han skreik o ba henne stogge, ve han fekk tala ei nokre Ord ve henne; men te meir han skreik o blaka mæ Kjafte seno, te fortare høkla ho. Valdrisen va friskare han o to ho trast atte. So ba han ho hyle inni Staen o fortelja, at dæ va ein nørsk Mann burtve Fjorden, so dei hadde støle Klæo taa, ve han lauga se, Kjeringe so gjorde, o dæ va sakte ikji lang Snerta, før dæ kom ein Kar kjøran mæ fulle Klæo aat hono o to han mæ se inni Byen. Daa synte dæ se, ko Kjaft han hadde, før han fekk utretta mest alt, han skulde; han visste sakte, ko so sto i Brevo han, før han hadde skreve dei sjøl, o Kungen trudde hono paa hass Ord; han o mange taa Øfsero hass gøvo hono mykji Peinga o anna, so Kumdersjersanten va mykji rikare, daa han foor heimatt, en daa han reiste burt.


PD-icon.svg Denne teksten er offentlig eiendom fordi forfatteren døde for over 70 år siden.