Svartedauin

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Det norske Samlags Forlag (s. 56-61).

Mest kort einaste Liv, so fannst o va her i øvre Valdris, døydde burt, den Ti den, Farangen gjekk, so dei kalla Svartedauin. E ha høyrt ei Seigdn um, at dei, trast før han kom i Grende, saago ein øldroge Mann o ei øldroge Kjering. Han va krokggryggja o kruksin o skjølvandis, so han laut bruke Stav; ho hadde ein Stakk paa se, so va so rau so ein Løge, o hona gjekk mæ ein Sopling i Hønden. Desse tvu kreko kringo Bygde o softe Dørahelludn aat Følk; o der so,dei foro, o so so dei foro, kom Svartedauin ette. Der, so dei softe heile Hella, døydde dæ kor einaste Sjæle; der, so dei esla att ein liten Flekk, der va dæ eit Miniskji, so kom te staa Liv. Difør skulde dei paa Leine uppi Vang ha reve ne Brune, so gjekk over Aane; dei vilde kji sleppe desse tvu over te sope Dørasteinadn deiris; men jaumi komo dei over likevæl, før kort biande Live, so fannst v va i Vangsokn, strauk ve, so ner so dæ vart atte ein Gut paa Leine. Taa di at dæ vart atte ei Minniskje ileine der, sko dei ha take te kalla Garden Leine. Summe segja, atte dæ ogso levde atte ein Kvemmann[1] paa Kvie. Uti Slire vart dæ att ei liti Gjente paa ein Gard, eite Reie. Hona va frisk, daa alle andre der paa Garde va vørtne klene. Difør bar dei inn noko Dunsenga o laga te so eit lite Rei paa Lag ell ei Lego aat henne paa Borde o sette Mat o Drikke utmæ. Hona slapp taa di o levde, te ho vart gamal, o Seigdne seie, at ho vart gjifte mæ dei Gute paa Leine; are segja, at ho vart gjifte mæ ein Gut, so levde atte eistan i Heggjibygden austa Aasen.

Fere Svartedaua va dæ mangestane stora, gjilda Bygda, so dæ no æ berre eit Stølsæte. Soleise æ dæ for utta Tvel, at dæ ha vore ei noko lite Bygd i Grunke burt i Vestfjello. Dæ æ ein makalaus fin o løgn Dal detta, o dæ va no alti mykji løgnar i dei Tio, før dei hadde røtt ne Skogen paa Fjello der umkring. Dæ æ greitt o veta, at dæ ha vore mykji meir Skog der daa, en dæ no æ. Hadde me kji noko anna gaa ette, so kunna me skjøne dæ paa mange taa Nøvdno paa Stølo der. Soleise æ dæ eit Stølssæte der, so eite Tyrisølt – Tyrishølt æ dæ no rettar o segja –; eit eite Gauklie, eit Kjinnhølt, eit Grøneli, eit Murkeli. Over alle dessa Fjelle æ dæ no so snautt so paa Høndebake meno. Ja dæ æ sannt, atte dæ æ noko Kvitvie o engon Briskekrakin der; men taa di bli dæ no kji korkji „Li“ ell „Hølt“ – alleminst noko „Tyrishølt“ ell nokor „Murkeli“. Gamble Følk veta ogso o segja taa, at Faer deiris ell Gofa deiris fortelde, at i hass Uppvekstre gjingo dei dit o dit, ner dei vilde reie upp Tyri o leggje ihop Ve, o der o der o det hadde dæ vore so glupe Timberskoga o so fina Bjørkelia, at Krøtøre vørto heilt gjøymde, ner dei komo burti der. Dette æ no synnanfør Grunke, men nordanfør ha dæ vore likeins: Sumblestane burtpaa Vangsgjeld-eigno æ dæ enno engon Bjørkepinnin; men dæ bli no alti kji lengji, før dæ bli so trebert der ogso, at ein ikji kann spikke se ein Selapinne; før dæ æ kji lenger en sia i Summar, den, so skrive dette, saag dæ va Taksten aat sumble; at dei hoggde ne o blekte Smaabjørke o la ihop te Veakøsta. Dei vilde ha dæ paa Stølen te Løste-ve. Ein Mann va dæ vissa, so hadde bøte se drjuglaga fælt aat mæ Skoge seno. Verre han fekk Løste-ve, han, mea han levde o kanskji Ungadn hass, va han like sæl, ko so vart att aat heno, saag dæ ut te. E hadde spenna go Hug te rundjula dene Mann, so elska sitt Land o sitt Sokn so klent; e ha gjort dæ mæ, ha e trutt me te. O so usselt so Beite bli! Følk klaga paa, at Beite bli klendre o klendre Aare kort. Kunne dei vente anna, ner dei øyeleggji Skogadn! – I sjølve Grunke ha dei no alti ei fin Bjørkeli; men dæ ha vore meir Skog der mæ før, en dæ no æ.

Men e kom burt ifraa di, e tala um, at Folk ha hatt sin Heimsta i Grunke heile Aare ikring. Dæ visast enno atte engor liti Aakerlægja der, o dæ ha vørte fønne imse Ting i Jorden der. Inkji lenger en sia ifjor va dæ ein Husmann sye Øyebygden, so fann tryaa Pileødda taa Jødn o ei Krukke, ve han grov ette noko der eistan. „Dæ mæ so va dæ noko Jord paa Krukkun, so e vilde reinske taa mæ Grævsnibbun, o daa viste e kji Orde taa, før Krukka rauk sund i smaa’a Molo“; seie dene Mann, so fann ho. Ha han visst, ko mykji ho va værd o vøre lite ræddar um ho o so skjikka ho inn te Universitete, so kanskji den Professoren der, so æ so kunnig i sleke Ting, ha kunna fortelt, ner ho hadde vørte nesett. – Dæ skulde vore mykji Øske o brende Bein i henne. At ho va nesett fere Kristendommen kom te Nøri, veta me før visst, di dei ikji hadde før Vane o brenne Like o ha Øska nepaa Krukko, ette Følke voro kristna. – Sumble segja, at dei, so budde i Grunke, toko se fere mæ røva Folk baade i Valdris o i Hallingdal. Dei skull hatt noko Hio o noko Gjøymslo der, so dei gjøymde aav Tjuvegosse sitt i, o ner Følk komo leitte, fønno dei ingjin Ting. Um detta æ sannt ell ei, veit e kji.

Nord heima Grunke æ dæ ein makalaust fin liten Dal mæ høge Fjell paa bæa Sio. Igjøno heile Dalen renn dæ eit vakkert lite Vatn, kallast Helin. Paa øystre Su’n aat desse vesle Fjorde, paa Helestrønden, ska der ogso ha vore buande Folk fere Svartedauin. Der ter dæ enno atte Tørte ette Kjyrkjun, dei hadde; Laftsteinadn sko liggje der den Dag i Dag æ, o „i mit Uppvekstre“ – fortel ein gamale Mann – „laago Dørahelludn der mæ; men dæ æ væl engon, so ha take dei te Salthello. Dene Kjyrkjitørte æ endaa trast synnanfere noko Smaaberg. Aakerlægjudn liggji so fina: den beste taa dei høyre no te Støle aat Vangsprestgarde“. Dæ maa kji ha vøre so liti Bygd der paa Helestrønden heldan, før dæ gaar enno Seigdn um, at dæ va ei Gong, dæ kom kji mindre en „tolv ringskodde, bingselgrima[2] Øykji derifraa te Vange ein Joledag.

Nordpaa Fillefjell norda Nystogo ska dæ ogso ha vøre Bygd. Der paa Kjyrkjistølo – sto dæ ei Kjyrkje eitte Tømmøskjyrkja; dæ æ kji mange Aare, sia ho vart ne-revi. Dæ va Messe der ei Gong i Aare; men daa samblast dæ so mykji Halling o Valdris o Nordfjellung der, o so bar dæ te mæ Slagsmaal o Drykk o an Olevna, so at dæ jamble vart engon atteligjan paa Stae. Teslutt vart dæ førbøe halde Messe der meir. Ei taa Tømmøskjyrkjiklukko heng no uppi øvre Dale. Dæ ska kji finnast hennar Make paa lang Lei. Dæ gaar enno ein Laatt her, so kallast Tømmøsklukkelaatten, o han æ makalaust fine. – Burta Kjyrkjistøladn ska dæ ha vøre glup

Timberskog; dæ finnst atte Kølmilo der o store Hauga mæ Smiosinder, so dæ æ mange so meine, at dæ ha vare Jødnsmeltri der eit Bel i Verd’n. Jau, kor æ Skogen no!

Austi Myte ska dæ ogso ha vøre Heimsta’a fere Svartedauin; der ska dæ ogso ha stande Kjyrkje. Dæ æ no alti kji so skjele visst; men atte dæ va mange fleire Kjyrkjo her i Bygden i gamale Ti, dæ æ før utta Tvel. Soleise sto dæ eit Kapel paa Kaarsta imyljo Garde hass Tølleiv o hass Nils. Dæ leve Følk enno, so minnast, dæ sto atte noko taa Muro. Eit Kapel sto dæ paa Nerre-Høve, eit paa Lome tett ve ein stor Kjempehaug, kallast Hallvardshaugen; eit sto dæ paa Hausaaker, eit uppi Slirebakko; ei Kyrkje sto dæ paa Øye; der staar dæ enno atte noko taa Stupule, ei sto dæ paa Fystro o eit Kapel paa Viste paa ein liten Pall, so kallast Kjyrkjireina. Summe segja, dæ sto eit paa Rebne ogso.

Slirekjyrkja ha no vore te alder solengji hona. Dæ ter paa henne dæ, at ho kji vart uppsett igjaar.


PD-icon.svg Denne teksten er offentlig eiendom fordi forfatteren døde for over 70 år siden.
  1. Eit Kvinnfølk. Gamalnorsk: kvennmaðr; karlmaðr: Karmann.
  2. Paa dei Øykjo, so voro ringskodde, voro Hestskosaume neattbøygde, o i kort Saum hekk dæ ein liten Ring. Bingselgrimudn hadde fullt mæ smaa’a Bjøllo ette heile Grimeskafte. „Dæ ringla o tingla o singla so fint, ner Øykjidn voro ringskodde o hadde Bingselgrimo paa se“.