Segner fraa Bygdom IV

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Det norske Samlags Forlag (s. iii-vii).
Segner fraa Bygdom.
IV.


Sogur m. m. fraa Valdris og Hallingdal
vеd
Hallvard Bergh.



Kristiania.
Det Norske Samlags Forlag.
Ringvolds Boktrykkeri.
1879.
Fyreord.

Alt i Masjonsaaret tok eg til aa uppteikna Æventyr og Folkesegner og fekk ikkje so reint litet helder. Det umsette eg daa paa Bokmaal; men som ventande var, misste dei fagre Folkedikt daa baade Daam og Lit: det var knapt nokk, eg sjølv drog Kjennsl paa deim i den nye Bunaden. So vart eg kjeid og grytte det alt paa Elden.

Fyrr ei nokre Aar sidan fekk eg Hug til aa freista aanyo; men i Millomtidi hadde me fenget fleire Kransar av Folkedikting herifraa. Allemann spaadde paa, at ikkje berre dei vænaste, men alle Blomarne voro longo sidan avhøystad; eg meinte det halvt so sjølv og; men med Kjærleik til Verket tok eg fatt: gjekk drjuge Snertand etter ei nokre Ordtøke og gjorde heile Dagsskeid etter eit Æventyr, som eg hadde fenget Spurlag paa, og idag hev eg daa den Gleda aa gjeva Sambygdingarne mine, og andre, dei beste Frukterne av dette Arbeidet mitt. Eg gjet um dette her, so eg fær Høve til aa uppmana Menn i andre Bygdarlag til aa skunda seg teikna ned den Folkediktning, som enno finnst, fyre det vert for seint. Nokot finnst det altid. Kor aud og arm ei Bygd er paa Dikt, so eig ho daa iminnsto Ordtøke. Tyskland og Spania hev ein Ordtøke-Samning paa 30,000, Ryssland endaa fleire. Gamle Norig kann her møta fram med berre eit litet Band: – dei ero ikkje uppskrivne!

Um Boki, som ho no er, hev eg faatt aa segja. Æventyri og største Deildi av Segnerne ero uppteiknad i Valdris; ein liten Lut av deim er ifraa Hallingdal; her hev eg og funnet ei nokre av Gaaturne. Maalet og Skrivemaaten er – som Lesaren ser – ikkje heiltupp eins allestader. Detta kjem seg nokot av di, at Manuskriptet hev vortet til smaatt um Senn, og nokot av di, at eg vilde faa Uttala i Valdris til aa høva ihop med Landsmaalet – Skilnaden imillom deim er i Grunnen heirsleg liten –; men den største Orsaki til dette er, at Boki er meint paa skal vera ein Spegill av Maalet, som det talast (av dei aldrugaste) i heile øvre Valdris. Eg hev soleids stendigt teket dei Ordi, som stod Fornmaalet nærast – det hev kvittad eit fyr meg, anten dei so hev høyrt heime i Vang, i øystre elder i vestre Slire. Eg veit nokk, at det eine Sokn hev Hug til aa sinna aat Tala i eit annat eit; – men jamleg er det dei ægtaste norske Ord, det vert lætt aat. Det er soleids berre Faakunna, som lær aat slikt. Nei! det eine Sokn hev myket aa læra av hitt. Nær Lesaren finn fleire ulike Former her jamsides i Boki, so er soleids detta ikkje berre Vingl, men med Vilje gjort so. – Fyr at Boki kunde verta lett-lesi er Skrivemaaten nokoleids etter Uttalen. – Eg lyt ikkje gløyma aa takka paa det beste E. Moen og mine mange andre Forteljarar.

Daa eg budde so langt ifraa, og Tidi var stutt, fekk eg Høve til aa lesa berre ei nokre Korrekturark, og dei med berre ein Gong. Dei verste Mistak, som ero komne inn i Boki, finnst uppreknad paa Misprentingstavla.

Fann daa Einkvar Hugnad i denne vesle Sogebundelen, skulde eg aldri ira paa alt Strævet med aa faa sankat og bundet han.

Ellestad den 17de Mai 1879.

H. B.

Innhaldstavle.
Pag.
Fyreord V.
Fraa Valdris:
Folke-æventyr:
Stygbødne 1.
Sutter-o-Sørg 7.
Børgarfrua 16.
Øskefot 31.
Guten so alder va rædd nokon Ting 26.
Ungdomsboke 28.
Friaren 38.
Seigdne:
Den store Foroe austpaa Ullvillsæte 39.
Dragardokka 43.
Maro 45.
Presten paa Vøss 47.
Presten i Lisslomisprestgarde 48.
Svenisen 49.
Røisen 51.
Han Hallvard paa Støle 53.
Han gamble Gudbrand Røbøle 53.
Peingkjelen nie Garde paa Høve 54.
Riddarsvae 55.
Svartedauin 56.
Kumdersjersanten 61.
Han Hallvard ve Lykkja 63.
Tenistgjenta 66.
Ho Rangdi Budeia 69.
Lærdølidn o Kungensteniste 70.
Han Jørn Hilme 72.
Eit o anna or Skulehistorien i Valdris 74.
Laatta:
Voggelaatt 100.
Dokkelaatt 100.
Huldrelaatt 100.
Bulaatt 100.
Ordtøkje 102.
Hermestev 114.
Sporak ell Noperi 117.
Svar te Sporako 128.
Seigni fraa Hallingdal:
Han Thrond Grøndale 129.
Bjødnson i Liagardo 130.
Ho Birgjit Høvtuno 133.
Han Aadne Høvtuno 135.
Koparringja paa Thørpo 137.
Thronde’n 138.
Den fyste Garden i Gol 139.
Prestkjeringji paa Nes 139.
Høvtunskjeringji 140.
Ordtydingar 143.
Misprentingar.
Sida 3 Rad 19 ovantil: ti skal vera te
4 20 de
5 24 set sett
6 18 elste ellste
7 6 gyllande gjyllande
8 16 stelte stilte
10 17 ho ho’
10 29 demæ dæmæ
15 21 Sutter-o-Sørg Sutter o Sørg
17 10 Falskheite Falskheit te
18 22 Kjensl Kjennsl
20 16 vill vil
21 9 Fo’rstain Forsta’in
22 15 nei Stain nie Sta’in
24 5 en daa endaa
26 4 gjeva gjera
29 10 upp, o upp o
32 16 faa se di faa se te di
33 20 Liv, fyste Liv fyste
35 15 Dala; ifraa Dala, ifraa
37 18 dessa dena
39 12 Neven Nevin
42 29 laga lage
44 3 Javdnen Javndnin
Sida 64 Rad 29 ovantil: Ljo skal vera Ljø
65 2 børa bora
67 8 ent ennt
68 16 Sukkervatne Sukkervatn
71 21 Kanona Kanono
74 2 traakint traukint
75 7 seta sita
75 13 han hono
76 15 versle oversle
79 24 Skulemeistara Skulemeistaro
81 18 halt hælt
82 8 aa aat
85 7 Lodda Labba
86 31 Bilæte Belæte
88 18 Roto Rote
89 13 held dagstøtt held paa dagstøtt
91 1 vet Vet
91 9 Takstin Taksten
92 26 høyres høyrist
94 1 Svenskan Svenskadn
96 22 Tjedne Tjedn
104 7 i Lummun aat Lummun
110 29 leva, so feig æ, so lei æ,
119 13 ein Herre sin Herre
120 6 lætst letst


PD-icon.svg Denne teksten er offentlig eiendom fordi forfatteren døde for over 70 år siden.