Han Hallvard ve Lykkja

Fra Wikikilden
Det norske Samlags Forlag (s. 63-65).

Før um Lag hundre Aar sta va dæ ein Mann i vore Bygd, eitte Hallvard; han va uppalin i Lykkjun, o taa di kalla dei han Hallvard ve Lykkja. ’Na Hallvarden va so frisk, at han va namgjetin over sjau Prestegjeld. Dæ gjekk den Seigdne, at Mor hass hadde gjeve ho Bikkjemjølk mæ di sama, han va tekomin. Han hadde ein Bror, eitte Ola, han va so sterk o magtige, at han dro dei Løsse, so ein Øyk ikji va go fere dra. „Gu’ glea ho Mor, so ga me fyste Drykken!“ va rae Ordtøkji hass; dei meinte dæ sumble, at Mor hass hadde gjeve ho Maramjølk, ve han va liten. – Ei Gong laag dæ noko Valdrisa austa Vingstre o fiska. Der bar dæ so te, at dei komo i Basketak mæ Gudbrandsdølo um Fiskehole. Karadn røko ihop o slogost i mange Dage. Den Ti dei saago, at dæ inkji va noko o gjeva imyljo paa dei, o at dæ inkje vart arleise, vørto dei einse um dæ, at dei skull ta Hyven heimatt ette ei taa glupaste Kjempo or kor Bygd. Valdrisadn føngo mæ se han Ola ve Lykkja, o Gudbrandsdølidn føngo att mæ se eit Revbeist so illhærvele stert, so høg so ei skjikkele Grøn o so brei, so ei Bakstefjøl. Men han laut no alti ha ete meir en ein Graut, so skulde gjera noko hjaa hono Ola ve Lykkja, endaa han skull kji ha vore overse trekvoksin, men mjo o slintrin, senaberr o leog o mjuk so ei Vio – ei Sleto, so inkji va likt te nokos; men han treiv Dølen i Brokebøtten o tryste han neaat, so dæ dunde i Galde. Dølekjempa kjende, dæ va tryggast, ho ga se tast trast, før han Ola held henne so støtt, at ho laag so ho ha vøre skruva fast i eit Skruveste’, o ho kjende, dæ svei lite realt ette Loko hass. Dei andre Dølekjempudn likte kji dæ, at dei skulde vera klendre en Valdrisadn, o ei taa dei gauv paa han Ola o vilde hjølpe desse fyste. Detta va no kji skjele rettigt, før dei hadde vørte einte um, at dæ skulde veta berre ei Kjempe ifraa kor. Sinne to han Ola, o før Gudbrandsdalen visste Orde taa di, sto Nakkin hass i Bakka o Føtadn hass ende te Vers. Ro klemde han Ola han unde se, sette Knjøne si paa Bringa hass, krabba o kraup, hoppa upp o let se gaa neaat att mæ heile si Tyngd, so dæ gol i hono, so unde laag. Dæ va skjele Gut so dansa Kruke paa Bringespolo aat Gudbrandsdøle. Dæ va no kji undrandis paa, at Dølidn komo o vilde hjølpe desse stakkars Brimøstlengden, so hadde trutt, han va Gokar; men han Ola va kji sein, treiv Dølen i Langskjækadn o to te gaa ikring o ikring o svinga han rundt i Vere so illhærvele fort, at ingjin kunna koma hono numme ner. Han Ola ha kome te gjort aav mæ Dølekjempun han, ha kji han Hallvard, Bror hass, vore so treisk, so han va. Han sette i mæ eit illhærvele Ljo o skreik o eia se, at Dølidn vilde ta han. Han Ola grytte Kjempa engorstane aav o strauk sta skulde hjølpe Bror seno. „Korhelst era Kjeggludn, korhelst era Preinuden!“ skreik han Ola o sprang ikring o ikring o grurte o bora, før ner han vart skjele sinnt o uppøst, so gjorde han korkji høyrde ell saag. „E va rædd, du kunna kome te vorte lite før hardhendt ve dena Dølen, difor hadde e Hug te ertast lite ve de, Broe,“ sa han Halvar o fulgliste. „E ska ertast ve de e!“ skreik han Ola o vilja røke kav paa Bror sin. Han Halvar te Sprangs. Jau, ta han daa atte! Han fannst væl kjii Næri den, so to hono paa Sprange, veit e. Ve han Ola rende over Fjell o Finne ette hono Halvar Bror seno, hadde Dølidn laga se te o sylte austover Aasadn dæ fortaste, dei hadde lært, so dei fingo so stor Undamune, at han Ola kji brydde se um seta ette dei. Dei hadde kji eigong take se Stunde te ta att mæ se Fisketøludn sena, o dei komo no heldan alder att ette dei, før dei ha agta se væl for o køme aat Vingsteren o fiska meir.

Han, Halvor va Skulemeistar i mange Aar. Han va ogso den fyste her i Slire, so va brevsynt. Ve han va ung, hadde han vore i Hauksund, o dæ va der, han hadde lært dæ. Ver ein vilde ha lese eit Brev ell ogso skreve eit, gjorde han rae Bø ette hono Halvar ve Lykkja. Han va ogso so overse go te rekne, at han fann ut, ko gamal han skulde bli, o korhelst han skulde blia negravin. Dæ va endaa uppi Dale, o han laut soleise um tvær Kjyrkjo – baade Høre o Vange. Daa han kjende, dæ to te lie innaat, to han Stavin sin o krusla uppover aat Dale. O „der va dæ ein, so to ’n ve ’n va levandis o la ’n i Kjista o grov han ne paa dei Kjyrkjegarde“.


Denne teksten er offentlig eiendom fordi forfatteren døde for over 70 år siden.