Hopp til innhold

Tenistgjenta

Fra Wikikilden
Det norske Samlags Forlag (s. 66-68).

Ei Gjente or Ettendale va utpaa Bygdo o tente. Ho va berre ei Husmannsdøtte, men ho va ei nett o naasin Gjente, friskdæmd o rundlagd, mæ djupa Smiledekka i Kjako, raulett o vakker so ei Soleie. So oversle gøtt hadde ho dæ, der ho tente, at dæ va ingjin Maate paa di. Endaa ho va berre ei Tenistgjente, levde ho skjele so ei Prestfrue te kor Dag. Ein heil Pøtt mæ Søtrjumme laut ho drikke paa Sengen o Mednadn, o ner ho sto upp, fekk ho dei allebeste Rettidn, so kunna upptenkjast. Dæ ha no væl alder vøre Tenistgjente, so ha hatt dæ bere en ho, veit e, før dæ æ ganske klent i Køste utpaa Storbygde, høyre e, dei segja, dei so ha vøre der. Gjenta seitna te kor Dag o vart endaa meir friskdæmd o endaa meir rundlagd undaa raulettar, en ho va før ogso. Daa detta hadde vara ei Ri, to Mann te tøma ho ikring Halsen o vilde kjenne, ko tjukk ho va vørti umkring Live o vilde jamt o samt faa sjaa Leggjidn hennar. Han vilde kjenne ette, um ho hadde taki se o va vørti bra feit, sa han. Ho le se lie mæ detta ho o to da upp berre før Spøk taa Manne.

Ein Dag vart ho sett te vaske upp ei Tynne, men dæ skulde gjevast so før mykji væl, at dæ va ingjin Maate paa di. Ho trudde kji, ho ha faatt Tynna reine nokk. O Kvelden ho va nie Fjøse mjølka, kom dæ nie te henne ein liten Gjenteomage, Døtte aat Manne o ga se i Tale mæ henne, so so ho jamble hadde gjort før ogso, taadi Gjentungen likte Tenistgjenta. Daa sat ho tralla o song aat Kjyro o va lett o gla taa se. „E synist so Synd i de e,“ sa den vesle Tuppa. „Du tar nokk inkji vera so sæl, før i Kveld ska du drepast o leggjast nie den Tynna, so du vaska no lite sia.“ Tenistgjenta skvatt upp unda Kjyren o rende uti Døre. Der saag ho dæ brann Ljøs i alle Glaso inne. O so hugste ho ette di ogso, at de va komin ein graaklædd Kar dit um Dagen, o han hadde eit stort Sylkjitørklæ over Munn o Nasa. Ho hadde kji ennt noko ette di daa; men no skjønte ho, at han va or Trynetyrkrie; o so kom ho ogso i Hug, at Mann, ho tente hjaa, va Frimaur. Ho va kji dyr der ho sto, grytte Mjølkespanne engorstane aav o to Fotadn te vare; ho sprang o ho gjekk, o ho gjekk o ho sprang, alt ho orka o meir te; graate vilde ho, men ho tørde kji, før ho va kji komi langt Snertande ifraa Huso, før ho høyrde, dei komo ette setandis, mæ Ljøs o Lykte o to te leite. Daa ho saag dei skulde te dra innpaa se, snart ho te burt unde ei Luddegrøn o sat der so dørgend still, at ho alder blega ell røyvde se dæ minste Slag; ho tørde kji eigong teva; Dei leitte væl allestane kringo Grøne mæ Ljøs o Lykte o store Tyriløgo; daa dei inkji fønno ho, drogo dei se lenger o lenger ifraa Gjøymslun hennar: den so va fæl, dæ va Gjenta. Ress so dæ va, kom Gardshunden te henne o to te kvinke o gaule v høppe uppaa ho. Ho sat, so ho skull sete paa Gløna, før dæ hjølte kji, at ho tala te ’o, ska e tru; han vart berre værre taa di, før han kjende henne o vilde friklast ve ho; han skjønte kji, ko vilt han bar se aat. So kom ho paa dæ, at ho to o la han i Fange sitt, held over Kjaften hass mæ eine Hønden o strauk o klappa han mæ dei are, o daa laag han so still, at de alder knatt i hono, han berre knaula o kvinka lite engor Gonge, ner dei lokka paa han. Daa da inkji va Raae skaft aa finne ho nokorstan, vøro dei nøygde te snu heimatt førutta Gjenta. Daa sprang ho burt te ein taa Granno o fekk Hus der um Natti. Um Morgo’n laga ho se te o dra heimatt te Følke sena. Sia løto dei elste Brødn hennar reise utattover ette Løn hennar o dei Duntrie, ho hadde attestandan der, ho hadde tent. Dei vøro kji viar um dæ, men dæ va ingjin an te di. Men dei slifte no baade Tøllknivadn o Smelleknivadn sine skjele rettele væl o fingo se endaa fat paa kor sin gjilde Uskepeis. Ha kji Frimauren hatt Vet te vare fin Gut o slegji se i Blimæle mæ dei, so ha han no faatt so mykji Juling, at han ikji ha fyst paa meir daa den Gonge, inkji. Men ha e vøre mæ, so skulde han ha faatt dæ lell. Um han ha vøre so bli so ei Smørøskje – ja, um han ha vøre so bli, at da ha drøpe baade Smør o Sukkervatn taa ho, sa skull me banka han so te Gagdns upp, han skulde alder ha vøre værre ute, sia han gjekk i Kjol o fekk Høgg hjaa Mor sena. Dæ ha kji faatt hjølt, um dei are Frimauradn i Lande ha kome paa uss; me ha faatt gjeve dei taa di, me ha hatt beste Raae paa me. Hellist so æ dæ no alti dæ tosknaste, ein kann gjera, aa erte ein Frimaur paa se, di dæ seiist, at dei era go fere drepa ein Mann berre dei skjeldre han ut o so taka ei Knappenaal o stikke hona igjøno Skjeldrerie beint neai vingstre Vortun. Ner dei bli ille paa ein, Frimauradn, skjeldre dei han ut o hengji Bilæte hass upp i Frimaursale, o no leve han kji lenger, en dei vilje.


Denne teksten er offentlig eiendom fordi forfatteren døde for over 70 år siden.