Guten so alder va rædd nokon Ting

Fra Wikikilden
Det norske Samlags Forlag (s. 26-28).

(Fragment).

Dæ va ei Gong langt lengji sia ein Mann, o han hadde ein Gut, so alder va rædd nokon Ting. So trefte Klukkaren te koma te Far hass o fekk høyre gjete ’se Gute. „Du lyt gjera han te me du“, sa Klukkaren, „so sko me sjaa aat, um han kji ska bli rædde“. O ja, Guten kom. Ein Kveld stelte Klukkaren hono aat Kjyrkjun te ringje Taarnklukkudn. Sjøl klædde han se ut i kvite Klæo, stilte se ette o sto likeso ein Draug i Kjyrkjistega o sette Huvu uppigjøno Luka i Himlingen. Den Ti Guten hadde taagjort mæ Ringjingen, kom han o vilde neatt han, men der sto detta Spøkjilse mitt i Vege o møtte hono, so han kji slapp nokorstane. So rofte Guten hono aav fyst ei Gong, men Klukkaren svara kji. So rofte han hono aav ei te Gong; o nei, dæ knatt alder i Klukkare; so rofte han hono aav trea Gonge o sporde, um dæ va Følk ell dæ va Trøllskap, men Klukkaren tagde heilende still. Den Ti Guten inkji Svar kunna faa, sette han te Klukkara mæ Fote, so han kanta aav nepaa Gølve. Guten gjekk no neatt o innatt han, o hin laut liggje, der han laag.

Daa dæ lei te Kveldset, toko Følke te undrast, ko Klukkaren gjorde so lengji ute. Kanskji dæ va han, so sto i Kyrkjistega“, sa Guten; „e roste han aav tryaa Gonge e, o daa e kji daa fekk Orde taa hono, sette e te hono me Fote e; so han tulla ne“, sa Guten. Dei te aat Kyrkjun i Huvustup; der laag Klukkaren hadde brøte aav bæi Lære paa se.

Daa dæ kji va nokor Raa, at Klukkaren var go fere gjera hono rædd, skulde han sita i eit Hus mott ileine ei Natt. O ja, dæ va Guten hennt um mæ; men han vilde faa Lov te taka mæ se try Ting: Varme, eit Skruveste o ein Dreiebenk; o de fekk han. So han daa va komin aat dei Huse um Kvelden, gjorde han upp paa Peise o sette se te verme Føtadn sene. Ress so han sat vermde se, viste han kji Orde taa før dæ kom dettandis ein hælv Manneskrøtt nie gjøno Peispipa te hono. „Korhelst æ hin Helmingen daa?“ sa han, o dæmeso kom han dettandis hin Helmingen ogso. O ja, Guten viste kji meir en ei Raa han, han to høvde ihop att bæi Stykkjo, so de vart ein Kar taa di te Slutt.

Dene Karen vilde no ha Guten mæ se te spela Terning; men han hadde kji anna noko Manneskølta te Terninga. O ja, Guten va reiog o viljog paa Øgnerappe han. „Dei era so ohendigne o skruvlute, ’sa Terningadn dene“, sa han, „e meina e lyt saa Lov te seta dei i Dreiebenken o pynte taa dei lite vætta“. Dæ va Mann samtykt mæ, o Guten sette dei i Dreiebenken o svarva dei baade runde o slette. So skulde dei te spela. Men no vart han vare di, at dene Karen hadde so usnele lange Negla. „Le me seta Fingadn dene i Skruveste’e, ve e skjer Negladn dene, sa Guten. Detta mæ ga han ho Løv te. Den Ti da va gjort, bar dæ te spela mæ Karo. No æ dæ kji um dæ gjete, ko lengji dei spelte, ell ko dei spelte um, men dæ veit e, at Guten vart kji ræddare daa, en han før hadde vøre.

Sia hadde noko hatt se aat hatt levandis Fisk inni Senge hass. Han kjende dæ spelte noko kalt ikringo se i Legun; men dæ va so haalt o sleift, at dæ ikji va Raae skaft faa fat paa di: daa vart han rædd den Guten, so alder va rædd nokon Ting.

Denne teksten er offentlig eiendom fordi forfatteren døde for over 70 år siden.