Ungdomsboke

Fra Wikikilden
Det norske Samlags Forlag (s. 28-38).

Dæ va ei Gong ein Mann o ei Kjering; dei vøro unge o fine bæi tvu, men dæ lei o dæ skrei, o før dei viste Orde taa di hadde dei alt vørte gamble o skrukkute. Te kor Gong dei gjingo burti Vatsdemma spigla se, saago dei dæ, at dei va vørtne endaa ljøtar o skrukkutar, en dei før hadde vøre.

Men so hadde dei høyrt gjete, at dæ va eistan i Verd’n ei Bok so kallast Ungdomsboke. Dei, so fingo lesa i henne – dæ va sama, ko støle o stive dei vøro – vørto mjuke o sprettne so den kaataste Omage o raulette o nausine – like gøtt, ko lengji dei levde.

Dei hadde tryaa vaksne Søne. Den ellste skulde daa sta faa fat paa Ungdomsboke. Dei la i ei glup Nisteskreppe aat hono, sala den beste Hesten, so paa Garde fannst, o le han saa so mykji Peing, so han tørvde o væl so dæ, o han sette i Vegen Men paa det Leien, so han laut fara, va dæ eit Krohus paa Lag. Det va dæ Dus o Dans o Leven o so morosamt, at dæ va strislint fere allo koma um. Dei hadde alle Hug te koma inn der, maa veta. Guten hadde vørte setesagd so, at han skulde skunde se um, fortast han kunna, o inkji stire paa den Leie dæ va eigong, men Fela spelte, o dæ va slek Laatt o Læjing der, atte dæ han ikji va go fere aga se, anna han laut glytte inni Døre. Der vart han ve- rand drakk upp o spelte burt baade Nista o Hesten o kor Skjilingen han aatte o hadde, o gløymde heilt taa dei tvo gamble, so der heime søto o venta paa Ungdomsboke.

Ner ikji ellste Son kom atte, løto dei gjera den are sta leite ette baade hono o Ungdomsboken. Han fekk ogso ei glup Nisteskreppe, beste Hesten so paa Garde va, o alle Peingadn, dei hadde atte. Han sette i Vegen; men dæ gjekk samaleine mæ hono: han fekk Hug te glytte inni Døre, vart so vare Bror seno der, slo Kalas me hono o dei andre, drakk upp o spelte burt Nista o Hesten o alle Peingadn sene o gløymde heilt taa dei tvo gamble, so der heime søto o venta paa Ungdomsboke.

Den Ti dei tvo ellste inkji komo atte, vilde den yngste sta leite ette baade dei o Ungdomsboken; men Følke hass vilde kji veta taa di paa nokort Sætt ell Vis. Han va no Øskefoten han, maa veta, o dei skjønte, dæ bar vetogt i Vegen, ner han skulde te; men han knudde o ba rae o støtt, seint o tile, at han vilde faa Lov te fara. Dei saago, dæ va kji Raae skaft o stogge hono. Ellste Brødn hass hadde faatt alt, so Følke hass aatte; dei hadde kji anna ein fille Skøtøyk a gjeva hono te Skjusshest o tvær svarta Lettebrolefso te Niste o alder ein Skjiling i Peing; men Øskefoten va kji vande gjera te Lags han, ska e tru. Han la Lettebrølefsudn nie ei Skreppe, batt ho paa Filleøyken o karra i Vegen. Den Ti han kom aat dei Krohuse, høyrde han Stuk o Svall o Felelaat o Læjing inne, men han strauk um, fortaste han kunna han, so so han hadde vørte feresagd; han saag kji attende eigong. Brødn hass komo ette o vilde ha han mæ se inn dei; men han sette upp me dei o vilde ha dei te vera mæ se sta finne Ungdomsboke. Det vilde no kji dæ det, maa veta, o toko so taa hono Nista hass o Øyken o jamvæl den Tvoskjilingen, so Moer hass hadde balla inni et Fille o stappa nie Vestesikka hass, daa han ba vælleva mæ henne; men han sette i Vegen lell, Øskefoten; stogge i dei Krohuse vilde han inkji paa nokort Sætt ell Vis.

No gjekk han i sjau lange a sjau breie over Berg o Dala. Um Kvelden kom han te tvu fælande gamble Følk; der gjekk han inn ba um Husvære før Natten; o dæ fekk han. Kjeringe va so gamal o kruksi, at ho laut gaa stauke se mæ Stav rae o støtt. Den Ti dei fingo veta, ko han for ette, sa ho dæ hona: „Est du vil koma um atte hjaa me o leta me faa lesa i Ungdomsboken, ska du faa tri hundre Dalar før dæ“, sa hona, „o endaa ska du saa laant Hesten vønn te Kvelds.“ Ja dæ løvdist han te trast dæ, maa veta.

Um Mørgo’n so laante dei ’o Hesten, „men ner du kjem fram“, sa ho ska du vikje Hesten hit, leggje Pisken paa Ryggen hass o bea han ta Kvelden der, han to Bisken“, sa ho. No foor han langt o lenger en langt over Berg o Dala. Um Kvelden kom han te tvu fælande gamble Følk. Der vikte han Hesten ikring, la’ Pisken paa Ryggen hass o ba han ta Kvelden der, han to Bisken o no gjekk han heimatt sjølvo se. So gjekk Guten inn o ba han Husvære før Natten; o dæ fekk han Kjeringe der va so gamal o kruksi, at ho laut gaa mæ tvo Skava rae o støtt. Den Ti hona fekk veta, ko han foor ette, sa ho dæ hona. „Est du vil koma um att hjaa me o leta me faa lesa i Ungdomsbolen, sta du faa seks hundre Dalar fyr dæ“, sa hona, „o endaa ska du faa laant Hesten vønn te Kvelds attpaa“. Ja dæ løvdist han te trast dæ, kann ein veta.

Um Morgo’n so laante dei ’o Hesten; „men ner du no kjem fram“, sa Kjeringe, „ska du vikje Hesten ikring o leggje Pisken paa Ryggen hass o bea han ta Kvelden der, han to Bisken“, sa ho. No foor han langt o lenger en langt over Berg o Dala. Um Kvelden kom han te tvu fælande gamble Følk. Der vikte han Hesten ikring, la Pisken paa Ryggen hass o ba han ta Kvelden der, han to Bisken; o no gjekk han heimatt sjølvo se. So gjekk Guten inn o ba um Husvære før Natten; o dæ fekk han. Kjeringe der va so gamal o kruksi, at ho sat i ei Skrukke o inkji va go før røyve se. Den Ti dei fingo veta, ko han foor ette, sa ho dæ hona: „Est du vil koma um att hjaa me o leta me lesa i Ungdomsboken, ska du faa nie hundre Dalar før dæ, o endaa ska du faa laant Gamble Gomen attpaa“, sa hona. Dæ kann no kor o ein veta, at Guten va viljog te di.

Um Morgon sto Gamble Gomen nppsala o reiog. No foor Guten langt o lenger en langt over Berg o Dala, ifraa Blaane te Blaane. Den Ti dei hadde fare i sjau lange o sjaa breie, komo dei te ein greske Kungsgard. Der skulde Ungdomsboke vera. Men utfør Døren sto dæ ein Bjødn o ei Løve o held Vakt, so dæ slapp ingjin inn i Sløtte. Der sto Guten i Beit, men han hadde Gamble Gomen mæ se, o han va so go, at han svævde dei. Soleise kom Guten inn i Sløtte, „Gløym no ikji, anna du kjem atte, ner du høyre, e riste me!“ sa Gamble Gomen. Dæ løvdist Guten te. I Kungsgarde gjekk han or eit Hus aat heno, dæ eine va greskar en hitt, men han saag ikji Live der ell Liknis te Følk nokorstane, o dæ va so kurt o stilt der, so de alder skull ha fønnist Live der nokor Gong. Te all Slutt kom han aav inni eit Kammers, so va endaa greskare o gjildare en nokort taa dei are; dæ gleim o skjein o blenkte taa baade Tak o Veggji, so dei skull vøre taa Gull, o taa Gull va det ogso. I eine Ron sto dæ eit Bord taa Gull; dæ va sett mæ Mat taa allo Slago taa dei finaste o beste, so upptenkjast kunna. Attmæ Borde sto dæ tvo Stola taa Sylv, o paa dei eine laag Ungdomsboke I heno Ron sto de ei Gullseng, o i henne laag dæ ei ung Prinsesse søv. Hona va sa nausende fine, at han alder hennar Make hadde set. Han va kji go fere faa Auga taa henne, endaa han vart mest klen taa sjaa paa ho, – so fine tytte han ho va. Ress so dæ va, to Gamble Gomen te riste se. Gutten kneip Ungdomsboke hadde meint se te gange; men han va kji go te faa se te di skjele trast. Daa han hadde stande sett paa ho ei liti Ri, bøygde han se ne o kjyste ha paa Munn. Daa vakna ho, men i di sama riste Gamble Gomen se ei te Gong aa mykji sterkare en fyste Venda. Guten tytte, han saag, at Prinsessa vilde han skulde stane; han nossa daa lite te, o han aa Prinsessa laago o gosvalla ve inan, skjele so dei skull vøre gamble Kjenninga. No riste Gamble Gomen se atte trea Gonge o so hart ogso, at heile Sløtte rega. Daa tørde kji Guten, anna han gjekk, a dæ æ noko, so kor o ein kann veta, at Gamble Gomen ikji va bli o ty, daa Guten kom; han va so sint, at dæ mest tintra taa hona; dæ sto heilt paa Live mæ dei baao, før Løva o Bjødn, va ve skulde vakna. No bar dæ i Vegen paa Øgnerappe, o Gamble Gomen foor so ein Toreskjimt ifraa Blaane te Blaane.

Um ei liti Ri komo Løva aa Bjødn ette setandis mæ gapandis Kjaft; dæ va sakte kji lang Snerta, før dei naadde Gamble Gomen atte, men den Ti dei vøro so nemme, at dei glekste ette Gute, gauv Gamble Gomen te utpaa eit fælande stort Vatn, so dei skjele daa komo te. Løva aa Bjødn vart attestandan paa Strønden o laut te all Slutt snu heimatt.

Daa Gamble Gomen va komin uttum Mørereina, flaug han unda Gute, so han datt mest neaat Vatsmaale; men daa kjekste Gamble Gomen hono atte. Ress so dæ va, flaug han unda hono ei te Gong, dene Gonge datt han lykt nie Vatne, so han trudde alder, han va Live lage, men so to Gamble Gomen hono atte daa ogso. No foro dei langt o lenger en langt, men den Ti dei vøro komne eileine te Mittars paa Djupaalen, flaug Gamble Gomen unda Gute trea Venda, o no søkk han like te Bøttars; no tenkte han kji paa Liv meir; men ress so dæ va kom Gamble Gomen nie te hono o to han uppatt „So nemme so dæ va paa deno Liv fyste Gonge, e slefte de, so nemme va da paa meno Liv fyste Gonge, e riste me“, sa Gamble Gomen te hono; „o so nemme so dæ va deno Liv are Gonge, e slefte de, so nemme va dæ paa meno Liv are Gonge, e riste me; o so nemme so dæ va paa deno Liv trea Gonge, e slefte de, so nemme va dæ paa meno Liv trea Gonge, e riste me“, sa han.

No foro dei langt o lengji over Berg o djupe Dala, ifraa Blaane te Blaane. Den Ti dæ lei te Kvelds, komo dei dit, so Gamble Gomen aatte heime. I di sama dei vikte te Gards, gjorde ho Bø ut te hono den gamble Kjeringe, so va so gamal o kruksi, at ho sat i ei Skrukke o inkji va go fere røyve se, o ba hono kjære vene gjera val snøgge se inn te henne mæ Ungdomsboken. Han so gjorde, o den Ti den gamble Kjeringe hadde lese ei Ra, to ho te yngjast uppatt o daa ho hadde lese heile Boke, va ho so raulett o fin so nokor Gjente o so lett o leog o kaat o lettliva, at ho hoppa or Skrukkun, kneip Hønde aat Gute o to te danse o leike se paa Gølve. Dei nie Hundre’e, ho hadde skjilt Gute, fekk han kor Skjilingen taa, o endaa skulde han faa laant Gamble Gomen eit heilt Dagsskjei te attepaa. No foro dei langt o lenger en laagt, over Berg o djupe Dala, istaa Blaane te Blaane, o den Ti dæ lei te Kvelds hin Dagen, komo dei te dei Kjeringen, so va so gamal o kruksi, at ho laut gaa maa tvo Stava. O i di sama han vikte te Gards, gjorde ho Bø ut te hono o ba hono kjære vene gjera væl snøgge se inn te henne mæ Ungdomsboken. Han so gjorde, men fyst vikte han Gamble Gomen um, la Pisken paa Ryggen hass, takka hono før gøtt Fulgji o ba han ta Kvelden, der han to Bisken; o no gjekk Gamble Gamen heimatt sjølvo se. Den Ti den gamble Kjeringe hadde lese fyste Rae to ho te yngjast uppatt, o den Ti ho hadde lese heile Boke, va ho so raulett o fine so ei Gjente o so lett o leog o kaat o lettliva, at ho slo tvert aav Stavadn sene, høppa burtpaa Gølve o to te danse Kruke o spela o skapa se so den villaste Brasateina. Dei seks Hundre’e, ho hadde skjilt hono, fekk han ette Ord o Avtale; o endaa skulde han faa laant atte Hesten hennar eit heilt Dageskjei attpaa. Ro foor han langt o lenger en langt, over Berg o djupe Dala, ifraa Blaane te Blaane; o den Ti dæ let te Kvelds trea Dagen, kom han te dei Kjeringen, so va so gamal o kruksi, at ho laut gaa stauke se mæ ein Stav rae o støtt, o i di sama han vikte te Gards, gjorde hona Bø ut te hono o ba han kjære vene gjera væl snøgge se inn te henne mæ Ungdomsboken. Han so gjorde, men fyst vikte han Hesten um, la Pisken paa Ryggen hass, takka hono før gøtt Fulgji o ba han ta Kvelden, der han to Bisken; o no gjekk Hesten heimatte sjølvo se. Den Ti den gamble Kjeringe hadde lese fyste Rae, to ho te yngjast uppatt, o daa ho hadde lese heile Boke, va ho heilt uppattnya, so ranlett o sin so nokor Gjente o so lett o leog o kaat o lettliva, at ho slo Stavin sin i fire Molo, høppa i Stannhøpp burtpaa Gølve o to te danse ein laus ein. Dei try Huudre’e, hona hadde skjilt Gute, fekk han ette Ord o Avtale, o endaa skulde han saa laant Hesten hennar eit heilt Dagsskjei attpaa. No foor han langt o lenger en langt, over Berg o djupe Dala, ifraa Blaane te Blaane. Daa dæ lei te Kvelds, kom han te dæ Krohuse skull vera, Brødn hass fingo sjaa hono, o daa dei komo unde mæ di, at han hadde faatt fat i Ungdomsboke, slapp han det kji, anna dei voro go fere faa narra han inn i Krohuse. So laut han vikje Hesten um, leggje Pisken paa Ryggen hass o bea hono ta Kvelden der, han to Bisken, endaa han hadde tenkt se heimatt um Kvelden, før dæ va kji lenger, anna han gøtt ha rokke dæ. Um Morgon lurte Brødn se fere o la se paa Veg før hono. Den Ti han kom gangandis o inkji ennte ette noko, visste han kji Orde taa, før dei gauv paa han, dengde han dæ han trotta o væl so dæ, o toko so taa hono Ungdomsboke o alle Peingadn hass. Te all Slutt kasta dei han aav nie et Ulvestupe o løvde hono dæ, at han skulde vera trygg um lise Live, est han nokor Gong vaagde se te sjaa heimatte te Følke seno.

No bar dæ paa Heimvegen mæ dei. Daa dei komo heimatt, fortelde dei dæ, at dæ va dei, so hadde faatt fat i Ungdomsboke. Øskefoten hadde dei alder sett, sa dei. Han sat der nie Ulvestupe mott ileine mitt i villaste Mørken. Slapp uppatt gjorde han kji. Der laut han sita. I Nisteskreppun, so dei hadde grytt ette hono, hadde han kji Mat te meir en ei Mølti. Ress so dæ han hadde sete liti, kom dæ nie dettand te hono ein Graabein. Guten fløtte se væl uppi eine Rone, Graabein fløtte se endaa bære uppi hi. Daa dæ lei paa, vart Guten so skrubb-svoltin at han laut te løsa paa Skreppeløke; Skrubben kom burtaat te hono o ba um ein liten Bete mæ hono. Dæ va kji mykji gjera Byte paa. Guten tørvde nauende væl dæ vesle, han hadde, men han kløktist over Skrubben o tenkte at han va likeso trøngd um lite Mat han, so han sjøl va, o ga hono Hælte mæ se. Graabein glekste detta i se so snøgt so Vind o froga ette meir. Ja, tenkte Guten, han e større Graabein en e, dæ ska meir te livnære hono, bytte so mæ hono dæ vesle han hadde atte ogso. „Ette di du va so snill o blauthjarta“, sa Vargen daa, „so ska e freiste, um e ikji kann saa hjølt de uppatt or ’se Ulvestupe e. Ta no du Tøllkniven din du, skjer taa me noko Ragg, so sko me tvinne ihop ei Line o kaste ho uppaa dena Tveraasen o prøve tøyme uss upp ette henne“, sa Skrubben. Guten so gjorde, han to Tøllkniven, skar taa noko taa Ragge hass, o so hjøltist dei aat o tvinna ein sterk Snæling taa di, so dei tøymde se upp ette. No ska du kji gaa heimatt væl enno“, sa Graabein, „men ner dæ li paa lite, ska du saa paa de are Klæo, so dei kji draga Kjennsl paa de heime hjaa Følke deno, daa ska du gaa dit o seta de Tenist o bie der, tess du faar sjaa, kost dæ gjeng“, sa Graabein. Guten so gjorde, den Ti han kom heim, kjende dei hono inkji. Tenist fekk han, han skulde faa blia Stalldrengen aat Følke seno, før dæ va fælt te Styrna hjaa dei, no dei vøra uppattnya o føngo so mykji Peing hjaa allo dei, so Ungdomsboke vilde sjaa, at dei ikji visste, kor dei skulde faa Gjøymslo aat dei allo. Brødn hass gjorde kji noko anna heile Tie en foro ikringo i Gjestebø o toko inn Peing hjaa dei, so hadde Hug te lesa i Ungdomsboken.

Dæ lei ve dæ skrei. Te Slutt va Aare te Endis gange. Daa kom dæ seilandis eit Skjep unde Lande. Paa di va Løva o Bjødn o den Prinsessa, so va so nauende fine, at dæ kji hennar Make fannst. Hono gjorde Bø uppaa Garden ette Ungdomsboken o ein te Baadnfar; est dei ikji sende ein ne te di, vilde ho sleppe laus Løva o Bjødn, daa skulde dei lise Live alle. Mann va kji go fere skjøne, ko dena Bøe hadde paa se, gjorde so neaat ellste Son sin skulde spørja ette, ko hona vilde. I di sama han synte se, gøvo Løva o Bjødn paa han o reiv han i smaa’a Molo. Han va kji den rette, maa veta. So gjorde Prinsessa sama Bøe uppatt. Mann visste kji onnor Raa, anna han laut gjera are Son sin avsta skulde froga ette, ko so va tiss. Han va kji før komin, før Løva o Bjødn flaug paa han o sleto han sund i hundre smaa’a Spjoko. Han va heldan ikji den rette, o Prinsessa gjorde sama Bøe uppatt „E lyt nokk ganga neaat sjøl e“, sa Mann, „o faa ei Greie paa detta“. „Le me ganga istan din“, sa Stalldrengen. Mann va hennt um mæ di han. Daa Stalldrengen kom neaat Skjepe, la Løva o Bjødn se ne, saago blitt paa han o sleikte Hønde hass. Prinsessa sto mæ eit Baadn paa Arme, o dæ rofte „Papa“ i di sama dæ fekk sjaa han. No laga dei se te ture Bryllaup, o dei tura i fire Fjurtadaga, so de spordist over sjau Kungerikjo. Sia foro Prinsessa o Guten o Faer hass o Moer hass te dei greske Sløtte, so hona aatte Øskefoten vart Kunge over heile Lande. Der levde dei lengji i Hugna o Gle’e. Dæ æ væl Von, dei leva enno dei, so kunna bli uppattnya, ner dei berre las lite vætta i Ungdomsboken.

Denne teksten er offentlig eiendom fordi forfatteren døde for over 70 år siden.