Bjødnson i Liagardo

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Det norske Samlags Forlag (s. 131-134).

Far hass eitte væl Bjødn daa, veit e, ette di dei kalla han Bjødnson. Han hadde Svartebokji, aa han gløymde kji bruke ho, te ko han turde ho te. Han va ein gjøle Kar te skjøte mæ, men han skaut alder anna mæ Sprettebøgji, aa han Tølleiv, Son min, ha sagt dæ, at dæ jabnan finnst att taa Pilo ette ’o. Dei sko vera taa Staal aa artigt smidde. Naar han raakte paa ein Tiurleik, Bjødnson, tok han te skjøte nea te aa ehla Gammel’n sjøl, som sat uppi Tøppe aa saga aa let, te han hadde kaavla[1] aav alle hine. Dæ slapp ikji noko Dyr ifraa ’o, naar han fysta hadde øygt dei. Han fjettra dei han, maaveta, so dei kji voro Menne te lea paa ein Fot eigøng, før han va reiug te skjøte dei.

Ein Haust laag han paa Søreli-Nystøle aa gjerde. Der æ dæ so førsnodig ein Haug, som eite Haugskjyrkja. Han æ trillende rund paa tri Kanta, aa dæ æ paa Lag som Trappi uppigjøno heile Brøtta, men paa dei fjorde Lei’n æ han flatvøren aa heng ihop mæ Aase. Dena Haugen ser mest ut som Hahaug, som e sea ska fortelja meir om. Uppaa Tøppe paa dessa Haugji æ dæ ein erende liten Finntøpphek. Der æ dæ tvaa gryskjile store Steina; aa uppaa dei att æ dæ tvaa Varda, som sjaa ut mest paa Lag, som dei skull vera Prest aa Klukkar. Naar dæ kom engon Fremman dit, sa Folk, som voro kjende paa di: „Dæ æ noko ljøtt paa Luvun di!“ So fata dei taa se Ljuva, dei daa, maaveta, aa skulde aathuga detta. Daa eigde dei ve dei aa spurde dei, om dei toko taa se Luva før Haugspreste.

Mea Bjødnson laag der paa Søreli-Nystøle so seinhøystes so aa gjerde Briskjigard omkring Vøllen, fekk han ein Dag Auga paa ein Hauga-ukse uppaa Haugskjyrkjun. Mæ di sama fjettra han han aa skaut han sea mæ ei Staalpil. Men daa va dæ kji lang Trøyten, før Haugafølke komo drøsjan aa vilde fata Bjødnson mæ se. Men han va kji noko Eintre; sljøg aa snøgg i Snuddningo va han støtt, grytte so han se veggviopen nepaa Markji, la ei Tørve uppaa Bringa staa retta ut baae Hendadn. Daa voro Haugafølke kji Menne te gjera ho’ ei Grande. „Tvy, tvy! her ligg dæ ein Mannekrøss; han har unde Sol aa uppaa Jord aa bruka sitt eigji Vaskarhødn“, sa dei; „dæ ska kji blia de Uheppelaust, Bjødnson, te otte aa nie Le“. Detta ha heppa ette mæ. Dæ ha jabnan vøre engon i di Følkeføre, som ha vare lite faavetuge, elldaa ha dei hatt ei an Børd o bera. – Daa Haugafølke voro burte, gjikk han sta flaadde Uksen. Han fekk Haugen paa ei Rispateine mæ Plukkafeite taa hono, so du kann skjøne, dæ laut vera nokolite te Skrøtt mæ. – Aa so plent sannt, som dette æ! Dæ æ væl ikji mange Seigni, som era sannar.

Ein Haust sea ei Gøng kom dæ tvaa mæ ei Jagt taa Garnøsaase. Dæ va endaa ein Elg, dei jaga – dæ va so mykji taa dei Slagji i dei Tien, maaveta. Elgsdyre tok Laupe ifraa dei aa vilja sett over Aane – dæ va endaa Storaane, som renn ne ve Svenkjiru. Dæmæ fekk Bjødnson sjaa dæ aa fjettra dæ paa ein Grande mitt i Storaan. Han sprang ikji i Hælslykkjo, Bjødnson. Dæ laut blia staa’an der, te han tøtte, han vilde skjøte. Skjyttaradn vilde hatt heile Elgen aatleine dei; Bjødnson vilde ha sin Trealut. „Aa fær e kji dæ“, sa han, „so tæk e Skøtebogen“. Daa ha han skøre han taa baade mæ Hu aa Høld. Han laut faa dæ han vilde. Bjødnson va kji grei klaa se attaat han.

Eigøng hadde han gløymt atte Svarteboken sine unda Høvdegjerden i Sengen paa Laava i Ømmunnsli. Ei utende gamal Øndre, som eitte Storebirgjit, hadde raakt te fønne Bokji, daa ho gjorde upp – tok so hona te lesa aa løyse. Bjødnson va daa te Arbeis – e veit ikji, antell dæ va paa Eikle ell Nøreim. Han kjende dæ paa se, at dæ sto gale te; men daa va dæ helde kji lang Ævu, før han va over Aane komen. Han tok Laupe, so han gjikk i Tudn uppigjøno Brøttudn ovafør Høvtuno. Dæ sto heilt.paa Heringo, anna ho Storebirgjit skull vørte overkuva taa Englo. Han fekk no sveitte mangein Drøpe me, før han va Kar te faa Helda attpaa dei.


PD-icon.svg Denne teksten er offentlig eiendom fordi forfatteren døde for over 70 år siden.
  1. Kaavla aav ɔ: gjort Ende paa, drepe.