Ho Birgjit Høvtuno
Du veit væl nemme, kor Steinstøladn era du. Dei liggji upp i Aase ovafør ein Aasgard, som eite Tubbehaugen. Hona Birgjit Høvtuno hadde Heimstølen sin det paa Steinstølo. So laag dæ ei grepa Steinhelle paa Vølle. Dena Hella meinte ha Birgjit va Matborde aat Haugafølkji, aa hona gløymde alder nokon Dag aa vaske ho, naar ho hadde gjort ifraa se inn i Bu’n. Haugafølke tøtte fælt væl vm detta aa koma jamt aa samt te henne Birgjit aa govo se’i Svall mæ henne.
Ein Sommar ho skulde buføre paa Langstølen, kom dæ ei Haugakjering leiandes mæ ei graa Søye, som va so langulla, at Ulle drogs ette Marken. „Heill!“ sa Haugakjeringji. „Heill att!“ svara ho Birgjit. „Dena Søya vilja me gjeva de, taa di du ha voro so snill te vaska Stuguborde vaart. Men du lyt inkji selja, men drepa aa elja taa’n!“ sa ho. Ho Birgjit“ gjorde ette Fyriseign ho aa ol se i so mykji Snaal, aa grepa Lykke hadde ha te dei role. Daa dæ lei ut imot Krøssmess hin Hausten att, spurde Haugakjeringji, ko pass lengji dei ventes sita. „Fysta Kødnstaur’n bli turr, vilja me buføre“, svara ho Birgjit. „Sit i Fre!“ sa hi; „men dæ tæk te bli so knustrent før Ongo mine, balle unde Greno. Kunna me kji laga uss so, me fanga ein Hølming kor taa Bu’n?“ sa ho. „Jau daa, dæ va Raa te di daa“, svara hona Birgjit; „e ska snugge te, so du fær eine Hølmingen taa Bu’n“, sa ho. „Heill,“ aa sit i Fre!“ sa Huldre. „Heill att!“ sa’ho Birgjit. Sea høyrde ho, dæ silte upp aa kjinna i hine Enda taa Mjølkebu’n. Ette ho hadde roa se, saag ho jamt aa samt Huldre løyste aa reiva, aa Ongadn henne balla ve Aaren.
Sommaren ette daa ho Birgjit va flutt paa Steinstøladn atte, steig Haugakjeringji inn i Bue te henne, helsa heill aa spurde, om ho vilde byte Bu (ɔ: kastebyte) uti ei brøndut Ku, som ho Bergjit aatte, aa seks kvite Gjeita. „E veit ikji plent, ko e ska sea“, svara ho Birgjit; „men i Kveld kjem han Aadne sjøl paa Stølen; e ska spørja hono,“. „Heill, aa sit i Fre!“ svara ho aa gjikk att. Om Maandan kom ha att aa spurde ette, ko han Aadne hadde sagt. „Jau daa, dæ va Raa te di, du ska faa byte“. Trast ette vart Kølla burte, aa Gjeitadn komo paa Vøllen.
Ve Vetnætbele, ette Følke voro heimattflutte, vorto Gjeitadn so tvert burte. Tenesgjenta henne Birgjit leitte aa leitte baade eistan aa arestan; men Gjeitadn fonnos ikji. Ho Birgjit tenkte so kji meir paa dei. Om Juleeftan ette Følke hadde vøre te Bords fyste Venda, komo Gjeitadn paa Dørahelludn mæ kør sin kvit Kjiling. Sea vorto dei alder meir burte, aa ho Birgjit Høvtuno ol se i mange Kjyllag mæ Haugasnaal.
Haugafølke hjølte henne paa mange Slags Haatta. Soleine slapp ho støtt taka Byttudn ifraa Kiydno. Haugafølke gjorde dæ. Ho helt se inne mæ dei, aa difør hadde ho heiskjile te Bulykke, so lengji ho levde. Men dæ æ væl over seks Tjaug, sea ho døydde.
Denne teksten er offentlig eiendom fordi forfatteren døde for over 70 år siden. |