Von og Minne

Fra Wikikilden
P. T. Mallings Forlagsboghandel (s. 18-19).
(Tone som „Den sidste Rose“.)

 1. Von og Minne fara vida,
kvar sin Veg dei sviva um.
Attast er den ljose Sida;
fremst er Vegen myrk og skum.
Fram i Myrkret Voni vender,
uviss um si rette Leid;
att i Ljoset Minnet stender,
der er Vegen kjend og greid.

 2. Att paa Vegen Mannen kagar,
ofta sturen, stundom glad.
Spillte Stræv og spillte Dagar
ser han der paa mangein Stad,
Annan Veg det hever gjenget,
en som sjølv han vilde spaa;
ymse Ting han hever fenget,
som han aldri tenkte paa.

 3. Store Støytar skjekkja Heimen;
gamla Voner stupa ned.
Mannen trengjest med i Sveimen
att og fram forutan Fred.
Førd i Ring av stride Straumar

driv han fraa si Stemna snart;
og dei gamle kjære Draumar
kverva undan etter kvart.

 4. Det, som minst av alt eg trudde
saag eg stundom ganga fram;
det som helst i Hugen budde,
det gjekk helder av med Skam,
Fegen saag eg ymse milde
Syn, som fagra Voner gav;
men den Ting, som helst eg vilde,
vardt der inkje nokot av.

 5. Men um Vom stundom sviker
trur eg endaa, ho er god.
Naar som Lukka fraa meg viker,
helder Voni upp mitt Mod.
Lat dei mindre Voner fara,
lat deim falla utan Sut,
naar dei største vilja vara
trufast heile Vegen ut.


Denne teksten er offentleg eigedom av di forfattaren døydde for meir enn 70 år sidan.