Hugen

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
P. T. Mallings Forlagsboghandel (s. 17).
(Tone: Kjerringa med Staven)

  1. Hugen fer ſo vida
   millom Von og Kvida.
Myket kjemer til, ſom ingen hadde ſpaatt,
myket kjemer ſtort og verder ſidan ſmaatt.
   Hugen fer ſo vida.

  2. Hugen fer som Daaren,
   drøymer ſtødt um Faaren.
Fram i Vegen trur eg, er ein Bakke bratt;
naar eg kjemer der, ſo er det berre flatt.
   Hugen fer ſo vida.

  3. Hugen fer ſom Draumen
   att og fram i Straumen.
Fram i Vegen viſt eg ventar meg en Skatt;
naar eg kjemer der, ſo er han burte radt,
   Hugen fer ſo vida.

  4. Hugen fylgjer Tidom.
   trøytteſt ut av Stridom.
Naar eg ſer, eg inkje Huſet ſtørre fær,
gjerer eg meg nøgder med det, ſom det er.
   Hugen fer ſo vida.


PD-icon.svg Denne teksten er offentleg eigedom av di forfattaren døydde for meir enn 70 år sidan.