Vaardagen

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
P. T. Mallings Forlagsboghandel (s. 12-13).

 1. Upp av Krakken!
Sumarſoli ſkin i grene Bakken;
Jordi hever fenget Helgar-Plagget paa,
Skogen ſtend i Lauv ſo lyſteleg at ſjaa.
Livet lettnar,
Vollen turkar ſeg, og Vegen ſlettnar.

 2. Varma Guſter
leda Lauvet paa dei grøne Ruſter.
Nyſt var Regn, og Jordi fekk ſit milde Bad,
reint er kvart eit Straa, og laugat kvart eit
Toppen ſprikjer,
Blomen ſlær ſeg ut, og Bladet ſlikjer.

 3. Inn um Glaſet
fær eg Angen av det grøne Graſet.
Viſt er Vinden rik paa Liv og Lækjeſaft;
ut eg vil og ſanka Helſebot og Kraft;
alt for lenge
ſat eg inne ſom ein Fugl i Stenge.

 4. Kvar ein kagar,
altid nokot nytt ſeg uppedagar.
Nye Blomar ſpretta fram paa alle Rom;

lette Fivreld’ yppa ſeg fraa Blom til Blom;
Fuglar ſviva
upp med Song og rundt um Ruſti driva.

 5. Kvar em lyder,
Liv og Ljod paa Viddom fram ſeg byder.
Lat oſs ganga ſeint og ſjaa oſs vel i Kring:
Vegen er ſaa full av fagnadſame Ting.
Langa Stunder
treng eg til at ſjaa paa desſe Funder.


PD-icon.svg Denne teksten er offentleg eigedom av di forfattaren døydde for meir enn 70 år sidan.