Sumarkvelden

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
P. T. Mallings Forlagsboghandel (s. 13-15).

 1. Velkomen atter hit til vaara Grender
velkomen her, du ſæle Sumarkveld,
med Lauv og Gras ut yver alla Strender
og gule Blomar i den grene Feld.
med lette Smaaſky, lagd i langa Render
ſom Traadar i det høge Himmel-Tjeld,
og med den milde Ljoſken, ſom ſeg breider
ut yver Fjell og Fjord paa alla Leider.

 2. Her er ſo ljos ein Lit paa alle Grunnar
for ljos til Natt og meſta dim til Dag.

Dei ſtille Votni ſtanda blaa ſom Brunnar,
og Fosſar ſyna ſeg i kvite Drag.
Det myrkjer i dei tette Holt og Runnar;
det ljoſkar i dei blakke Bygdalag,
Den ljoſe Himmel ſpeglar ſeg i Sjoen
og blikar mildt i Doggi yver Moen.

 3. Her glytter Ljos igjenom tuſund Gluggar
imillom Lauvet i den tette Lund.
Inn under Bjørkom ſtanda ljoſe Skuggar
rett ſom ein Flekk um Roti, lett og rund.
Det guſtar ingen Vind, ſom Toppen ruggar,
i denne kvildarrike Nattarſtund.
Den ſnøgge Fuglen kurer, trøytt av Dagen,
og roſutt Fivreld’ roar ſeg i Hagen.

 4. Den ſidſte Sol-Blenk er i Havet ſokken,
den fyrſte kjem ſnart or den laage Grop;
ein Dag er tendrad, fyrr en hin er flokken,
og Kveld og Morgon renna heilt i Hop.
Snart vaknar upp den kvilde Fuglaflokken
og helſar Morgonen med Glede-Rop.
So riſer Soli til den lange Svingen
og ſet ein annan Lit paa heile Kringen.


 5. Kom, lat oſs nøyta Tidi, ſom ho ſkrider,
og minnaſt, at ho ſkrider ofſa fort.
Med kvar ein Dag, med kvar ein Kveld, ſom lider,
eit Stig mot myrke Vetteren er gjort.
Det kjem ein Dag, daa kvar ein Blom, ſom bider,
er fallen av; og ſlikt eit Fall er ſtort.
Di ſkal eg ſjaa paa Blomen, fyrr han blaknar,
og nsyta Sumar’n, fyrr eg honom ſaknar.


PD-icon.svg Denne teksten er offentleg eigedom av di forfattaren døydde for meir enn 70 år sidan.