Uvitingskap

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
P. T. Mallings Forlagsboghandel (s. 32-34).

 1. Det feller so maklegt at røda
um det, som ein minst hever røynt,
og lægja aat annan Manns Meda
og drøsa um alt, som er løynt.
Um Framferd ein myket kann skravla,
naar sjølv ein feer alt utan Skort;
men den, som mot Bakken skal kravla
han feer ikkje renna so fort.


 2. Ein Etar med Svipa si smeller
og kjøyrer um Land og um Strand;
paa Bønderne jamna han skjeller,
at inkje dei dyrka sitt Land.
Jau, fekk han ein Gard til si Føda
og inkje til Lon, som du veit,
eg tenkjer, han bøygdest av Meda,
han vardt ikkje vidare feit.

 3. Ein Etar maa Sjofolket lasta:
dei fara no berre med Skrap;
sin Vinning paa Sjoen dei kasta
og driva si Fiskja med Tap.
Jau, skulde han sjølv søkja Maten
i Storm paa det huskande Hav,
det vardt vel so maateleg Baten,
og Modet det dovnad’ vel av.

 4. Ein Tugtemann slett inkje lider,
at Folk søkja Moro og Lyst.
Han gløymer dei framfarne Tider,
daa sjølv han til Moro var tyrst.
Kven veit, um han Skaali si sette
ifraa seg, fyrr fullnogd han vardt?
Naar Katten hev’ fenget sin Mette,
so snakar han inkje so hardt.


 5. Og stødt vil Uvitingen vona,
at ingen fekk Vit utan han;
og stødt vil han skjemma og tjona
den Ting, som han sjølv ikkje kann.
Alt gamalt han ned vilde grava,
naar berre so vist han slapp til.
Men endaa den Voni me hava:
han vinn ikkje alt, som han vil.


PD-icon.svg Denne teksten er offentleg eigedom av di forfattaren døydde for meir enn 70 år sidan.