Tyskeklukkaren

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Segner fraa Bygdom utgjevna av det norske SamlagetH. E: LarsenI (s. xlvi-xlix).

Sidst i Dansketi’enn fingo me ein tysk Klukkar, som eitte Kjørner. Rarar Kar, en de va, ha vel alder vøre her i Bygdenn. Han va no inki noko tes, anna en te o reka ikringo Gardadn o eta o drikke o veime[1]. Inki va han go skjøne heldan, o mangei Herme e de ette hono. I dei Ti’enn va de Skikk, at ner Følke skulde fram te Altars, sto Klukkaren i Kordørenn o rofte dei fram ette Navne, ein o ein. Men ner Kjørner skreik, va de ’ki greidt o kjenne att Navne sitt. O inki va de gødt vera stø heldan, so ein inki log. Barbro Bjellbøle vart te „Perepore Pelepøle,“ Synnev vart „Sennep,“ o soleine heile Vegen. Han heldt i lang Ti te i ei gamal liti Stogo burtpaa Neste. Der laga han se te ein liten Hage, som han rota o stelte me ra’e, ner han va heime. Han hadde ingi Krøtør, o soleine va han ibeit te Hevd aat Haga si. Men han va likesom Gjeite. De fyste han gjorde te kor Mørgo, ner han va uppstandin, va de, at han gikk bakum Huse, der saago dei han gikk paa Knjøno o plukka Mannel..t i Natthuva si o bar burti Hagin sin. O so manga Natthuvo fulla ønna han taa di Slage um Aare, at Hagin vart vel hevda. Han dyrka Kaalrot o Gulrot o Næpo. Han va ogso den fyste som dyrka Jordeplo her i Bygdenn. Men ingin fekk sjaa, kost han for aat me dei. Ner dei spurde han, kost dei skulde seta Eplo, sa han, at dei skulde taka ei, „Størstauk“ o staure eit Høl ende niegjeno Jorde, so langt Stønge naadde, sleppe Jordeple dernie o drive fullt Høle att me Jord.

Sia fløtte han austum Fjorden. Han hadde ein liten gamal Hest, som va lik hono. Han rakla no o kjørde ikringo Bygde, o Hesten hass va so godt tevand, at han tok me i korteinaste Grindele, føruta Kjørner tok i Taumadn. Følk løto no traktere han, o han hadde skjele godt me di, at han inki va bljug. Ei Gaang um Hausten han kom att ifraa Kyrkjunn reiste han ne paa Jarsta o gikk inn nordi Stogunn hjaa hono gamle Halvor. Dei hadde nyst bufløtt heimatt, o Fanten vontist o faa smaka Bufargrauten. De fekk han ogso. Kjeringi sette fram paa Borde eit Rjumegrautdyll, som va uspretta[2], o ein Bølle full me nysilt Mjølk. Kjørner sette se daa i Hægsæte o te o eta. Han skar se fyst taa ein gild Kank[3] taa dei kalde Rjumegraute o aat upp den o drakk Mjølk attve. So knudde han Hendadn samen, som han ha vilja slutta. Men de vart ikki noko taa di; han tok Kniven att, skar taa ein Kank te o sa: „Ja, naar je faar spist op denne lille Kank, saa ska je ikke hafe mer.“ Men daa han hadde ete upp den Kanken, skar han taa ein te o sa de sama, o soleine heldt han paa te Rjumegrautdylle o Mjølkebøllin voro tome. Si’a vart han alder sett tebords øftar hjaa hono Halvor Jarsta. Han fekk no heldan inki slek Køst, kor han kom. Ein Synndag han hadde vere austa Aasen ve ei taa Kyrkjo o sønge, reiste han inn paa ein liten Gard, eite Langedal, o vart verand der um Natte. De va eit snaudt Aar, o Folke hadde liti Raa. Daa han kom heimatt førtelde han taa, kost han hadde levt paa dei Garde; ja han hadde de øfto: uppatt, at daa han va i „Lunketalen, spiste han spiket Kalfakøt og aat Pirkefrød og drakk Primplanta hele Natten.“

Han va hask ette Brennevine. Ei Gaang han reiste te Byen, hadde han kjøft me se heimatt ein gild Brennevinskagge, som han hadde paa Kløvenn seno. Daa han va komin so langt paa Heimvegen att som aat Tonsbakko, gikk de hono te eit lite Spøk. Han let Skarvegampen lakke fere me Kløvenn, o sjøl slarka han eit Stykki ette. Men i dei Brøttunn der ova Ton hadde Kløve skakist so, at Kaggin hadde døtte ne o rulla burti Vegabradden. Daa Kjørner kom ette, fann han Kaggin, o han vart gla. „Her ha de fare en Brensvinsmann,“ sa han, tok Kaggin upp, sette han paa Munn o saup. Men de hadde gange ei Par Gjurde taa Kagga, so at han lak. Kjørner lakka daa inn paa Ton me Kagga si o ba um o faa laant ei „Grite.“ Ja Gryte fekk han, o deri tømde han Kaggin sin. Men Mann kom o vilde smaka, o Kjeringi kom o vilde supe, o „alle Barne vilde slikke,“ o soleine gikk de te di, at han ikki fekk me se Brennevinsdrøpin atte, daa han reiste taa Ton. Men endaa verre va de, at han sakna Kagga si eigje paa Kløvenn seno. Han kom daa ihug, at de va plent ein slek Kagge, han hadde sønne, o lite ette Hand kom han te o skjøne, at de va hass eigje Kagge.


PD-icon.svg Denne teksten er offentlig eiendom fordi forfatteren døde for over 70 år siden.
  1. vima, kvema, jf. gamaln. hvimsi og hvimleiðr og engl. whim.
  2. urøyvd, eigenl. um ei Tynna som Loket endaa inkje er sprett av paa.
  3. eit Stykki.