Han Andris Spelemann

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Segner fraa Bygdom utgjevna av det norske SamlagetH. E: LarsenI (s. xlix-l).

Før i Ti’enn va de mangein go Spelemann her i Bygdenn; men no e de mest ’ki anna en eingon Slarken, som tek se fere laate paa Fela, o endaa lære dei ’ki dei gamle Laattadn; men dei dra inni Bygde meir o meir taa dessa skarve Utbygdinglaatto, som era so stusligne[1] o ende ut, at de e ingin Tingen høyre paa.

De leve vel ingin no, so ha høyrt han Andris Spelemann; men so fælsle lengi si’a han døyde e de heldan inki. Ner han tok i Fela, va de plent, som ho ha faatt Liv. De va Læte, som ein hadde Hugna taa, baade te danse ette o te høyre paa. Men de va mest bere i Bryllaupo han let. Ner dei hadde gjort ifraa se me Bruskaalenn o vøro komne attifraa Borde, som ’ki vart før seint paa Natt; Brue hadde vøre framme o dansa, o dei are me, som hadde Hug te, o so Kjeringa o Ungdom hadde roa se paa Løfte o Bue, o Brue va leid aat Kleva o aavskrøyvd; ner de va take taa Bordo, sonær som Grovmaten[2]; ner no Karmennadn seto att o svalla o hadde Brennevin o Bite’i før se, daa va han Andris i rette Løte te o laate. Daa vart de bere Brulaatta o Huldralaatta; men dei som fine voro, so vist alder nokon faar høyre dei sleki meir. Men daa trilla Taaridn neover Kjakadn hass Andris. O daa løto dei taka Fela taa hono o leggje ho burti eit Skaapkast; men endaa let ho sjølvo se ei Stund. Dei syntist de vart so rart ikringo dei, ner han tok te soleine, difør toko dei Fela taa hono. De segjest, at ner han sat soleine ve ættre Bordsendin o let um Natte, tok Sylvstaupe fullt me Brennevin paa fremste Bordsenda te o røre se o dro se sagte burtigjeno Borde, te de kom radt burtaat hono. Paa ein Gard hadde Spjelde uppi Peispipunn sett se fast, so ingin kunna faa rikka de. Paa dessa Garde vart de eit Bryllaup o han Andris Spelemann va der o let. Daa de lei te i Graalysingenn are Bryllaupsnatte, o meste Følke hadde lægra se, o bere noko Kara sat att inne, vilde ’ki han Andris slutte laate; men ner han va komin aat Enda paa eine Laatte, tok han att ein an, som va endaa finar, o so heldt han paa. Rett som de va, tok Spjelde uppi Pipunn te o danse upp o att ette Laatte. De for me di, at de hadde vørte laust att. Men daa vørto Følke hælvrædde, dei syntist detta va sæmble[3] o toko Fela taa hono.


PD-icon.svg Denne teksten er offentlig eiendom fordi forfatteren døde for over 70 år siden.
  1. uroleg, hoppande; likasom ein Skusle (Skutel) i eit Led, som ein skyter att og fram.
  2. Grovmat var langa Remsor av Spikjekjyt og Flesk skorna so langa som heile Lemen, og dei vordo lagda i Haugar tvert yver Bordet. Brukast inkje lenger no i Gjestebod. (Etter Uppl. av Forteljaren).
  3. „fæmble“ er det, som seter Grysk eller Rædsla i Folk. „Han er fæmble“ d. e. han er fæl aa sjaa til, so at han setter Kvekk i Folk; dei segja ogso med sama Meiningi, „de fulgi hono ei Fælke;“ i Hallingdal: „de følgi ill Kome me hono.“ Jf. gamaln. felmta og felmsfull.