Fanteladda

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Segner fraa Bygdom utgjevna av det norske SamlagetH. E: LarsenI (s. li-lii).

De va ei Gaang ei Gjente her i Bygdenn, som dei kalla Fanteladda. Ho va so kaat, at ho ’ki visste, kost ho skulde bera se; ho va so vill ette Dans, at ho dansa rae o alder trøytna; o so va ho so ørski ette Guto, at alle følkele Kara vørto rædde henne; difør vart ho heldan alder gift, ko gjedne ho vilde. De va ein Laatt, som ho hadde kome te vørte so gali ette, at dei si’a ha kalla han Fanteladda. Ner dei leto den aat henne, va ho ’ki go te halde se, um de ha gølde Live, ho laut danse, o ho slutta daa ’ki, so lengi de let, um de so ha laate rae. De vart ogso gjort ei Vise um Fanteladda, som gikk ette sama Laatte. No e ho burtattgløymd so nær som desse Verse:

Fanteladda e like sæl,
um ho dansa se spennt ihel.
Fanteladda, Fanteladda.

Fanteladda vil hava Mann,
um ho ska hente han, kor ho kann.

Fanteladda e like go,
um ho dansa føruta Sko.

Fanteladda har Naal o Traa,
kann ’ki sjøl seta Bote paa.

Fanteladda vil hava Mann,
um ho ska ta han or eit anna Land.

Fanteladda vil gifte se,
um ho ska seta Live te.
Fanteladda, Fanteladda!

So va de i ein Dans, ho va komi te danse ette dessa Laatte, o alder vilde ho slutte. Ner den eine Karen hadde dansa me henne, te han ’ki va go te meir, treiv ein an ein henne att, o soleine heldt de paa, te ho hadde trøytta alle Karadn, som voro i dei Danse. Daa den sidste va rei’og te sleppe henne, kom de inn ein Kar, som ingin kjende, treiv ho, o tok te danse me henne. Daa dei hadde gange nokre Ringa, tok han te snu henne so nisammele, at ho gikk som ein Kvednakall; teslutte snudde han ho lykt uppi Take, o der hekk ho – dau. Si’a vart de forboe o laate denna Laatten; men de finnst daa eingon enno, som kann einkort Veke taa hono.


PD-icon.svg Denne teksten er offentlig eiendom fordi forfatteren døde for over 70 år siden.