Gamle Hansegara

Fra Wikikilden
Segner fraa Bygdom utgjevna av det norske SamlagetH. E: LarsenI (s. lii-liii).

Karslignar Kvennfølk en gamle Hansegara ha de vel ’ki fønnist her i Bygdenn, endaa de ha vøre mangei, som ha, vøre før se. Stor o sterk va ho, brei’eksla o storhenda som nokon Kar. Unde Stakke hadde ho semska Bukkeskinnsknebrok, o ve Belte Kniv o Kni’skjei. Gjera Spenninga, Høveldre[1] Klava o slekt, som fell ein Kar te o gjera nefere paa ein Gard, de va Hansegara likeso go te som nokon skørin i Kars Klæ’o. Hona gjorde Sko ogso; dei va alti ’ki myki sine; men sterki va dei vissa. Um Sumaren gikk ho burti Fjello o stanga Finntøpp[2]. Ho hadde daa me se ein Mjølpøse o eit Vasspann, o so kokte ho Velling paa dei Maata, at ho heta ein Stein, slepte nie Vatne i Spanne o rørde paa me Mjøl. Mann hennar pusla o stelte me Lagging. Ei Gaang sto ho saag paa han lagga, segja dei. Ho syntist, at de bar skjeivt i Vegen, tok Kjeralde taa hono o la Vinkelen paa. „E de ette Vinkel detta, din Hund?“ sa ho o la te hono unde Øyra me Kjeralde, so han tvingla. Stakkarskroken va no ’ki so mæt, at han dugde te jule henne upp, dæme laut han taale de. Men ei Gaang gjorde ho eit Karsstrek, som ho ’ki slapp so vel taa. De va daa ho ei Natt sette over Fjorden, braut se inni Stabure paa Nesja o stal; daa laut ho paa Tukthuse ei Vende.


Denne teksten er offentlig eiendom fordi forfatteren døde for over 70 år siden.
  1. Høveldre heiter Vidja, som ein lukar Klaven med.
  2. Finntopp er eit Slags Fjellgras, som ein slær, (stangar) med snøgge og harde Hogg.