Han Ola Prestguten

Fra Wikikilden
Segner fraa Bygdom utgjevna av det norske SamlagetH. E: LarsenI (s. liii-liv).

De tente ei Gaang i Prestgarde ein Gut som eitte Ola. Han hadde kome te faa slek Hug te ei Gjente, som eitte Jartru[1], at han vilde ha ho, kost han skulde bera se aat. Men Olykka va, at ho slett ikki vilde veta taa hono. So fann han paa den Raae, at han gikk fere henne teskogs ei Gaang, ho skulde sta leite ette noko Krøtør. Daa ho kom gangandis ein Stig igjeno Skogen i si Einvørdsleheit, laag han burtunde noko Busko, slo eit ukjennele Maal i se o rofte: „Gift de Jartru!“ Ho stansa lite o lydde; men si’a gikk ho like radt. „Gift de Jartru!“ sa de ei Gaang te burti Skoge. Ho vart daa standand lite, eintenkt paa detta; men so sa ho: „Kem ska e ha daa?“ „Han Ola Prestguten,“ svara de burti Skoge. Aa ja ner de e so laga, so faar de vel ’ki hjølpe, tenkte ho Jartru; o daa Guten si’a fridde uppatt, fekk han ho me.


Denne teksten er offentlig eiendom fordi forfatteren døde for over 70 år siden.
  1. i gamle Kalvskinnbrev finnst imist Jarðþrud og Geirþrud. Nær det læter „Jartru“ er det urett aa skriva „Gjertrud,“ som elles er vanlegt.