Dansen i Vikenn

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Segner fraa Bygdom utgjevna av det norske SamlagetH. E: LarsenI (s. liv-lv).

De sto ein Dans burti Vikenn i Kveld;
alt va utaa Maata.
Gutadn voro so ville som Fe,
o Gjentudn vøro kaata.

Spelemann kunna laate bra,
de kunna me førnemja,
baade so som Kraaka gjæl,
o Bergulven han remja.

Fela va gjord føruta Kniv
o Bøgin taa ei Vi’o;
de ljøma utover heile vaar Bygd,
o svara i Berg o i Li’o.

Stallen va gjord taa eit Bekarhødn,
va krokutt i baa’o Endo;
Hælsen va gjord taa ein Bikkjefot,
der prilla dei paa me Hendo.

Rett som han paa Basen strauk,
so prilla han paa Kvinten me Fingo;
de let som Ulven um Vintersti,
ner Svulten han mon tvinge.


O Gutadn vaare vøro der,
dei syntist dei vøro Kara;
o Gjentudn høppa upp o ne,
som andra kaata Mara.


PD-icon.svg Denne teksten er offentlig eiendom fordi forfatteren døde for over 70 år siden.