Olberg o Hambrissløtte
er teki inn her til aa fylla Romet paa denne og den næste
Sida, som elles hadde komet til aa stadet tomt).Beint vestasør Slidrekyrkjunn e de ein lang smal Bergtange, som stikke se ut i Slidrefjorden. Denne Tangin kalle dei Hambrissløtte, taa di de ska ha vøre eit Sløtt der i ellgamal Ti. O de e no ’ki so reint omogele heldan, før e ha sjøl vøre der o set noko møsavøksna Røyse som de segjest sko vera atte taa Muro, o so e de ei gamal Seign um ein Nesakonge, som ska ha budt der, som e ska fortelja. No ligg’e de lenger inn paa Tanga ein røsele Gard, som eite Hambre, o beint ovafør Hambre e de eit mange hundre Fot høgt Berg, som e reint hoggbratt som ein Husvegg paa Fjordsi’unn, o rund umkring e de tevøkse me tjukk Grønskog, men i Vest e de javdnhøgt me Skogaaso som grense inn aat Fjello. Men de va tett paa e hadde gløymt o sagt dikkan, at detta Berge eite Olberg, o at de staar ein hælrøtin Varde der, som ein Mengde me kaat Ungdom før Moro Skuld ha vilja tendt Eld paa ei Jønsoknatt, taa di dei meinte han va ’ki noko tess kor so va. Men so va de ein gamall Mann som sa, at de kunna vera rart han sto der te eit Minnismerki, o so leto[1] dei hono o gingo ut paa Hambrissløtte o brende Tjørotynno att i Sta’n. Hellist so ly’e no Seigne um Nesakongin nokoleine so.
I gamal Ti va de ein Nesakonge paa Hambre som laag i Kri me ein Konge i Hemsedal. De støste Slage dei heldo sto paa noko stora Sletto langt vestasør Olberg, som eite Dingladn. Der slogost dei førfærdele ein heil’e Dag; men Hambriskongin laut gjeva se te Slutte lel maaveta, taa di han hadde færre Følk; han rymde heimatt me nokre faae, o mangfoldigne taa dei andre vørto ihelslegne o noko vørto fanga. No va de daa frele o role ei Stund; men de vara ’ki lengi, før Hemsedalskongin vilde gjedne ha fat i Hambrissløtte. No va de ein taa Fango som bau se te o vise hono Vegen beint heimover Olberg um Natte, so at han kunna overfelle Kongin o Hambrissløtte ovæntand. Ja dette syntist Kongin godt um, o so gjorde han i Vegen Hesta o Følk, o dei sette heimover de fortast dei kunna, so de ramla o skramla i Milebeislo o Skramlegrimo, o fere rei Vegvisaren. De va i Haustmyrki seint ein Kveld dei komo te Olberg, o Vegvisaren laut hava ei Lykt, so at dei andre som inki korki visste sø en nord kunna ri’e ette Ljøse. Daa dei no voro komne skjele yttast paa Pynten taa Olberg, so skreik Vegvisaren: „no ljøte de halde lite Kara; de e ein liten Bakke her, men de faa sjaa vel ette Ljøse o ri’e beint fram.“ Ja Hemsedølidn vøro ’ki burte, men meinte so te, dei skulde freiste i Vegen. „No kunne de smyrja paa Skarvemaradn dikka, Kara!“. skreik Slidregjeldingen so de ljøma i Mørkenn; o me di sama kasta han Lykte utover Olberg o stakk se tesi’is. O dæme so smorde Hemsedølidn paa o foro utover Olberg alle samne huvustup ovapaa inan skjele som ei Skre’o, o slogo se spennt i Hel. – No fekk daa Hambriskongin Fre o Hemsedal attpaa, so han vart ein megtig’e Nesakonge. Kosdan Løn Vegvisaren fekk, ha e alder faatt sport; men han vart no alti ein stor Herre me maatele Velde.
De e ’ki meir en umkring tie Aar si’a dei paa Hambre fønno Jødnspjut o Milebeisl ette Hemsedølo ne’unde Olberg.
Denne teksten er offentlig eiendom fordi forfatteren døde for over 70 år siden. |
- ↑ fyre, lito; av lite, leit, lyda.