Bjødn ifraa Uppdal
De va i lang Ti so ufre’ogt burti Summelengisaase, at dei miste ei tvo-try Naut te kor Sumar paa kor Gard burti Øyebygdenn. O endaa fannst de ’ki meir Trøll i Aase en ein einaste Bjødn. Men den Bjødn va ogso lite umframt arg. Dei gildra aat hono, o dei jagta ette hono; men de va skjele som han hadde Følkevet, han akta se vel. Men ein Sumar vart han burte taa se sjøl, o de va no ingin som sakna hono. Um Hausten for ein taa Summelengismenno nordum Fjelle paa Fehandel. Han kom daa ogso te ei Bygd eite Uppdal. Paa ein Gard der kom Mann o rette hono Hønde o takka før sidst, ba han inn o sette han te Bords o gjorde hono tegoe me allo Slago, o daa denne vilde gaa att, fekk han ’ki Løv o bitala før se. Detta undrast han paa, han hugste ’ki, han hadde set denna go’gjerandis Mann før. Men daa han gikk, fulde Mann hono lite burtpaa Vegen o sa: „Du kjenne me nok ikki att, o de e inki Under; men e kjenne dei de; e ha ete me mangei Gaang mett hjaa de obe’in e; men e kunna ’ki før di,“ sa han. „Den Bjødn,“ sa han,“ „som heldt se uppi Aase dikka o tynte ne Krøtøre dikka, de va e.“ I so o so mange Aar hadde han vøre Bjødn, sa han: so o so mange Naut hadde han drepe, so o so manga Bjøllkyra hadde han take, o Bjolludn taa dei hadde han lagt alla samna paa ein Sta unde ei Tyrilaag, som han sa so greidt kor ho laag, at Mann kunna finne ho. Men han kunna ’ki for di, sa han, o ba Summelengismann, at han inki skulde bera illt te hono før dessa. Daa Mann kom heimatt, gikk han uppi Aasen o fann Bjølludn, der som Uppdølen hadde sagt.
Denne teksten er offentlig eiendom fordi forfatteren døde for over 70 år siden. |