Hopp til innhold

Tuvaskrubben

Fra Wikikilden
Segner fraa Bygdom utgjevna av det norske SamlagetH. E: LarsenI (s. xv-xvi).

De va ein Mann paa Tuv, som va so heirsle sterk, at ingin sto hono. Men han va ogso ein Herjastrupe[1] o ein Græl[1] so fæl, at han bar se meir aat som ein Skrubb, en som eit skikkele Miniski; difør kalla dei han ogso Tuvaskrubben. Ei Gaang va han o Grannin hass be’in aat eit Bryllaup austa Aasen. De va ’ki so myki før Skyldunn Skuld, som før di, at Austræsingadn hadde Hug te o faa te se ei Par taa gildaste Vestræsingkjempo, so dei kunna sleppe te jule dei upp. Men daa Skrubben sto midt imyljo dei, vørto Karadn ohuga. Dei vilde fyst skjenkje, han full, før dei rørde ve han; men Skrubben akta se vel; han drakk ’ki meir, en som høvele va o gødt kunna gjera. Daa fingo dei Grannin hass, som dei trudde se me, te o fulgje se uppaa ei Løftstogo, o der gjorde dei hono alla dei Preino o Pek, som dei upp kunna tenkje. Dei hadde jamvel Snus i Øle aat hono, o han laut drikke de. Skrubben syntist daa, de va best o sjaa ette, kost de gikk me Granna hass, o lakka ette uppaa Løftstogo. Der saag han hin sat som ein førskjemd Hund. Han tok Øle o smakte paa de; men daa tok ogso Sinne han. Han treiv Bordkrakken, braut han i tvo imyljo Hendo si o sto me Stubbo, so de flakna ikringo han. Dei som vønno utpaa Svale, voro sæle dei toko Døre fat, men mange stuste inne, kor aat si Ron. Daa han hadde gjort rødigt inne, rende han utpaa Svale o gjorde sama Leiken der, so at de, røste[2] ne likesom Maur. Daa han hadde masa ut; sette han se paa ein Kubbe midt i Garde. Daa hadde Austræsingadn faatt smaka Vestræsingkjempudn. De vart gjort ei Vise um detta Bryllaupe, o i dei reknast de upp alle dei Gokaradn, som voro me i Lage, o som Tuvaskrubben skamslo. Visa enda soleine:

– „Han Tøstein Høldal o han Ljøsengknut; –
Men Tuvaskrubben jaga alle ut.“


Denne teksten er offentlig eiendom fordi forfatteren døde for over 70 år siden.
  1. 1,0 1,1 Navn paa hardhendte Folk, som, fara fram med Sliting og Riving.
  2. av røsja, røs, røste.