Per Neste

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Segner fraa Bygdom utgjevna av det norske SamlagetH. E: LarsenI (s. v-xv).

Der sto de no ette Messa paa Kyrkjegarde mange spræki Kara. Fyst o framst daa han Per Neste, Sjølmann paa Neste vesta Fjorden. Han va ’ki myki stor, men senaberr o beinfrøk[1], han va heldan ’ki myki tjukklagd; men frisk o sprettin va han som ein Leikfisk. Betænkt o orhittog va han ogso, so han va ’ki go o maalbinde. Alle dei Gokara, som vøro i Bygdenn hadde takist me hono; men dei hadde kome te seta Nakkin i Galden. Der sto no ogso Summelengiskaradn, store vøro dei o sterki, sleipe o skobeitte[2]. Dei hadde røke før hono Per ein o ein o tvo o tvo; de va dei inki bli’e før; taa di de ga eit klent Ord ikringo Bygde. Rett som de va, reso dei beint paa han Per alle ihop. I Fystningenn saag de ’ki hugnarsle ut før hono; men han tok se snart att. Ein tumla hit, hin tumla dit, – ein an ein tumla ne’aat, so han alder sto uppatt meir. Detta hadde ’ki han Per vilja; men i Sinne hadde han kome te o gjort Nevin før tung. No vart de Gaul o Jammer, o heile Hopen størma inn paa han Per o vilde taka han. Jau, ta Toreskimten me! I eit einaste Høpp sette han Per over Kongsvegen o baae Gotogardadn, o so te Sprangs aat Strøndenn te Baate seno. Han starta ’ki lengi før han fekk han paa Vatne, kasta se paa Tøfte, fata Aaridn o rodde i Motvinde beint imot Nestislande, so de føssa ikringo Baaten. Mange Baata me vaksne Kara sette ette hono, men han fekk større o større Undaamun. Daa dei vøro paa Nestissande, va han i Stogodørenn seno. Kjeringi hass kvakk alti, daa ho saag, han kom so illhervele; men ho fekk ’ki Stunde te aa jøye se. „Skunde de paa Stabure o før i Skreppa mi Neste, slekt som gaar; – e lyt nok strjøke paa Tølvmilskogen,“ sa han te Kjeringenn. Ho va ’ki sein te o gjera, som han ba ho. Han Per kasta no Skreppa paa Nakkin, ba Belleva med Kjeringenn me di snøggaste o kilte teskogs.

I dei Ti’enn va de ei fæl Røvarbørg paa Tølvmilskoge austve Lina. Dei stølo se inn i nemmaste Bygdadn um Natte, røva o drepo o toko me se alt dei vilde. Mangein Mann laut læta Live sitt i Hælvsvevne midt paa Nattenn i si eigje Stogo, i si eigje Seng, utme si eigje Kjering, o mangei Gjente miste Æra si. De va verre en i Krien. Ner Følk sto o gjætte paa med Handøvlo i Hendo, daa komo dei alder, o ner dei gjorde Mannegard ikringo Skogadn o vilde taka dei, so fønno dei ’ki Trølle; men gikk de ein o ein inni Skogen, kom han alder utatt. Stortjuven sjøl, som va over alle hene, eitte Truls. De va ein Husul[3] so stor o stygg, at ein kunna gaa ifraa Vete taa bere Fælke, ner ein saag han. O slek ei ovsterk Kjempe va han, at dei allebeste Karadn vøro bere som Smaaguta imot hono. Han hadde ei Syste, o ho va ’ki stort vænar. Ho kunna trølle, o ho hadde trølla over Svære hass Truls, so at kor Gaang de drogst or Slirenn, laut de springe Liv. Men de sat ogso so fast i, at ingin an en han Truls va Kar te o dra de or.

No vart de lyst over alle Lønd, at um nokon hadde gjort alder so gale, skulde han faa Naae o Heir o Ære attpaa, resso han kunna skaffe fram Huvue taa hono Truls. Mange hadde alt freista, men gange te inkis. Han Per va no slet ikki ræddar han en dei are. „E faar vel freiste e ogso, – de e ’ki større Farin ve,“ tenkte han Per. „Anti e læt Live mitt her ell der, so e de slekt Slag. O kor so va, de e alti bære o misse de før Svære hass Truls en før Rettarbilunn.“

Han tørde ’ki gaa breie Ølmannvegen; men han smaug se fram stoglei’is o fjellei’is um Natte. Um Dagen laag han mest gjøymd. Lykka va no, at de va Sumars Ti’e, so at ein kunna liggje ute, kor de treffte. Daa han hadde gange i tryaa Veko, kom han aat Tølvmilskoge;[4] men daa va ogso Nesteskreppa tom. Men de e uvandt no, tenkte han Per; ner e æ komin hit, so æ e framsødd. Men de gikk ’ki so radt, som han hadde meint. Han vingla, eit hit, anna dit, heile Dagen; men Røvaradn fann han inki. Um Natte laag han unde ei Luddegrøn, svøltin som han va. Are Dagen leitte han ogso te inkis; den tre’a gikk de hono inki mætar. No hadde han gange matlaus tre’a Dagen te Kvelde, o no va han so trøytt o førsvøltin, so fotmo o mergstølin, at han ga se over, la se unde ei Grøn o ynskte te Gud, at Dau’en skulde koma. Men likevel so søvna han. Um Mørgo’en i Degningenn vakna han taa ein Leven burti Skoge. Han upp; de va so vidt, han va go te reise se. Der saag han heile Tjuvehøkle; de va ei Skrei mest so stor som ein Dansarly, men bere Kara, o dei, som ’ki saago før vænt ut. Han Per ga se te o skyggle[5], o lest vera rædd, før o saa eggt dei ette se. Dei komo ogso rennandis o gjorde Manngard ikringo han. Ein stor, fælskin, breieksla Gælgi kom fram or Hope o skreik te hono Per, at han skulde fli hono Skreppa si o alt anna, som han hadde paa se. „Der har du ho,“ sa han Per, kasta Skreppa beint paa han Truls, so de klass; „o der har du Knivambøe me; de e alt e har, de kunne gjedne faa Live attpaa; e æ like nøygd me di, e svelt so ihel kor so va.“ Tjuvadn støndo o einstirde paa han; dei voro vante te o høyre Folk graate o be’a før Live seno, o inki slekt Svall. – „Ko e du vil her daa Miniski?“ sa han Truls. „Aa e kom te i Sinne o slaa ihel ein Mann paa Kyrkjegarde,“ sa han Per, „o so vilde dei endele ha Huvu mitt for de; men e har ’ki Hug te misse de, for de e vist fælt au’le o vera føruta Huvu.“ „O’ so vil du heldan svelte ihel?“ sa han Truls. „Ja no e de fjorde Dagen, som e ’ki ha smakt Saae,“ sa han Per, „o hjaa Røvara o Morara e de vel ’ki væntandis Hjølp.“ – „E du sterk?“ sa han Truls. „Aa, inki de viare heldan,“ sa han Per. „Ko mange Kara tek du?“ – „Aa, e de snertne, javngoe Kara, so tek e Tylfte.“ Daa saago Tjuvadn paa hinan, o Glisen va strøkin taa Munne deiris. „E du ful?“ sa han Truls. „Aa nei, e æ nok altfor einføldig,“ sa han Per, „for stødt ha Folke sete ette me o vilja gjort Ende paa me; men e ha alder lete dei kome te.“ – „Vil du slaa de i Lag me uss?“ sa han Truls. Ja, meinte han Per, de skulde endaa vera fælsle gildt o faa vera i Lag me sleke Kara. So toko dei han me se lenger inn i Skogen. Der hadde dei noko Kjellara o noko Hi’o, – de va Husvære deiris. Men lite derifraa hadde dei ein ulagle djup Kjellar te o stupe Folk nie. Tett ve denne Kjellarstrupin laag de ein stor Stein, den va vel eit snertint Maralass. Dei, som vilde bli Røvara, løto lyfte denne Stein. Men støndo dei kruka o starta o ’ki vøro go te lyfte Stein radt, so toko Røvaradn dei i Brokebøtten o stikka dei paa Huvu te aat Kjellare; det løto dei røtne, isamen me andre daue Skrøtta. – Denna Stein skulde no han Per ogso lyfte. „De e ’ki anna ell Olika[6] de,“ sa han Per, „at e tek te o starte o lyfte paa denna Stein, e, som e so utsvelt, at e gaar her o tvingla o mest ’ki e Kar te o bera me sjøl.“ – „Kanskje du heldan vil gaa denna Vegen me di sama,“, sa han Truls o peikte burti Kjellarstrupin; „e du svøltin paa Kjøt, so e de Nøygde der.“ – De sto ei rar, slet ikki go Kjøtmust[7] or dessa Høle, syntist han Per. „Ja, ner de endele vilja soleine hava de, so lyt e vel freiste de vesle e æ go te daa,“ sa han Per. „Men fløte dikkan lite; e æ ’ki vand te lyfte, ner nokon staar innpaa Nevo mi.“ Dei tukka se ifraa. O dæme lutte han se ne, treiv i Stein me bæ’o dei senaberre Hendo si, lyfte han upp, vogga han paa Hendo o grytte han te langt ifraa se, so de gol i Galde. De va ’ki sikkert anna en Tjuvadn kvøkko lite; de va ingin taa dei som dugde te gjera hono de ette, an en han Truls. Men han Truls tok han trufast i Hønde o leidde han me se aat Huse seno, o daa traut de ’ki go Mat o Drikke.

So skulde daa han Per vera me o røva. Men de va ’ki anna han gissa ette[8] han, en kost han skulde faa Huvu taa hono Truls. O de va ’ki so radt; han laut vera der lengi før, o gjera mangei Røvarferd burti Bygdadn me dei. Ein Dag, dei luska umkring i Skogamuna’e[9], komo dei stums innpaa, ein stor Hop me Kara, som voro utgjorde før o taka dei. Men i di sama toko Røvaradn Flugte innatti Skogen kor paa si Lei. Han Per gikk o synte ette hono Truls, o de træffte se so, at han vart aleine me hono. Sole skjein braaende varmt. Han Truls vart sveitt, tok Kappa o’ Svære sitt o sløngde de burt paa Armen hass Per o ba han bera de. „Denna Gaange va du ’ki ful lel, Trolle!“ tenkte han Per. Rett som dei gingo, treiv han Svære o vilde dra de ut; men te sat so fast i Balen, at de vilde ’ki gaa. Daa tok han i are Gaange slekt han va Kar te; men daa laut de ut. Daa va de so blankt som braae Sylv. No ell ogso alder, meinte han Per; o i di sama hogde han te hono Truls, so Huvu trilla. So tok han Huvu i ei Hønd o Svære i hi o strauk ut or Skoge de snøggast han vann. Daa han kom burti Bygdadn vart de sagte Gle’e. Vel mottakin vart han, o Heir o Ære fekk han. Lykkele o vel kom han heimatt te Kjeringenn seno, o no va de ingin, som bau te gjera hono noko paa lang Ti. Trulsesvære hengde han over Hægsæte sitt. Alder dro han de sjøl si’a, o ingin an va Kar te di.

So va de seint ein Kveld um Veten, Tyri brann paa Supe, kor sat me si[10] Ørke ikringo Peisen, o han Per førtelde um ein ell an taa Ungdomsleiko seno; ute rak de o dreiv, so de e huga i Veggjo; daa visste dei ’ki Orde taa, før Hunden spratt upp o tok te kvinke o gaule o søykje[11], so de va reint fælt, o inn kom de ei Fente; ho va so høg o svær, at ingin Kar va so høg, o stygg va ho, styggar en nokor Strætarfente[12]. Varmin skjein paa dei brei’e Hølkadn paa Sværbalen burtyvi Hægsæte, so de gleim[13]. Daa Fenta vart stird dit, kvakk ho se ho skølv. „U! der e Svære ette hono Truls Bror!“ sa ho, legg paa Døre, o burte va ho.

Daa han Per va komin heimatt fraa Tølvmilskoge, løvde han se sjøl, at han vist alder skulde gjeva se i Slagsmaal meir; han laut daa reint bli truga te di. Han va heldan ingi Meinsperre[14], men godsle o snill o umgaaast me, so dei løto skjele tirre han, før han vart ill.

Men no bar de so te, at de vart eit Bryllaup paa Granngarde. Han Per va alti be’in; men han va ’ki myki huga te o gaa, han skjønte, kost de vilde bera i Vegen. Men gikk han inki, so komo dei te segja, at han va rædd, o de va daa endaa verre. Han gikk daa lel, o de saag ut te, at de skulde vørte frele o fint te Enda, endaa de ’ki vart spara paa de, so sterkt va. Gokaradn tørde ’ki anna, en dei aga se, før han Per va no ’ki ty leike me, ress dei eggde han upp. Men tre’a Dagen vart de gale likevel. Alle dei sprækaste toko te fortelja taa, ko Ovverk dei hadde gjort i si Ti, o kor meinte me se, at han va beste Karen. Daa kom han Per Neste me seno Tobak, o daa vart alt hitt bere Smaagutgrei’o imot hass. Daa vørto Karadn augundsjuke o toko te preinast ve han. Men han Per tola ’ki, at dei friklast lengi me hono. Han reis upp o tok te dengje Gokaradn ne fere. Men de va før mange, o han saag, at skulde han verja se, laut de gaa so her, som de gikk paa Fystrokyrkjegarde. Han vilde naule koma i Uheppe øftar; difør bligga han se att o gikk heimatt. Jau no e han rædd, meinte Karadn, o sette ette me Hug o Gaul. Daa treiv han Per Børsa si, som hekk ladd paa Veggi, o rymde undaa dei uppigjeno Bakkadn o vestover Aasen. Men Karadn skøto se paa Hesteryggen o re’o ette. Dei naadde hono ’ki att, før dei komo aat eit Fjellvatn, tvo Mil vest; dei kalle de Nestisvatne. Han Per kunna ’ki svemja; men han va ’ki raalaus. Midt uti Vatne ligg de ei Øyn. Daa Karadn voro komne tett innpaa han, steig han te o vadde ut paa Øyne. Han helt ikringo Børserøtten[15] o stakk Slumpen[16] so høgt i Vere, som han va go te, so at ’ki Fengikrute skulde bli vaatt; men endaa gikk Vatne over Huvu hass o radt uppunde Børselaase. Men no va han heldan ikki Kar te o aga se lenger. „No kunne de koma,“ sa han; „men den fyste, som kjem, skyt e ne.“ Daa syntist Karadn, de va best inki gjera hono noko.

Han Per Neste va jamt ute o ferdast. Byreisa um Veten, de.va visse Taksten. Men Følke, som budde ette Vegi, vørto tverre o meinbenka, o te nemmar ein kom Byen, te mindre godsle vørto dei, te meinsklignar va de o faa se Hus. Vissa va de Folke paa ein stor Gard langt ut paa Bygdo, som vøro storblaasigne o tverre. De va øfto han Per hadde be’e um o faa liggje paa Krakke kvassaste Natte over, men de vart nekka.

Jau ein Vet, han Per vilde paa Reisa atte, slagta han ein Føle, o salta Kjøte ne i ei Tynne; men Hesterova la han unde paa Tynnebøtten. Denna Kjøttynna tok han me se paa Bylasse. Som han kom te dessa store græske Garde, gikk han inn o ba um Hus snøggaste Natte over. Va de likt se de daa! Nei, han kunna reise hin o den i Vøld! – „De vilja vel ’ki kjøpe feskt heldan veit e?“ sa han Per. Utbygdingadn era haskar ette feskt en Kørpen. – Jau daa bo’o dei han ganske blidsle stane, o Kjeringi, ei brei feit Rulte, snudde se te Mann seno, ein tjukk, stormaga Gris, o tala laagt ve han. Mann vart me hono Per ut. Tynna vart uppslegi, Kjøte va meisterle, Prisen va ’ki før høg. „Jaja, du kann faa bli te imørgo, – me sko nok bli førlikte,“ sa Mann. Nei, meinte han Per; han hadde den Skikken, at han alder ba um ein Ting meir en ei Gaang; han vilde reise eit Stykki lenger um Kvelden. Tynna vart att; han Per fekk Pe’ingadn o reiste. Men paa Garde vart de Gjestebø trast, o ete vart de Natt o Dag so lengi Tynna vara; men Rova e Slutten paa Enda, o de va ho her me. Sprækaste Karadn i Bygdenn voro no paa Garde; dei vøro kjeike o kaate o svoro paa, at Valdrissen skulde faa Juling ei Gaang før Ølvøro, ner han kom att ifraa Byen, – sette se so te o drikke o spela. Trast derette kom de ein an Valdris farandis der førbi. Dei bo’o han helse hono Per o be’a han vera velkomin att; dei vilde daa tala ve han. Daa denna Valdrissen va komin vel utum Garden, møtte han hono Per. „Bære, uss! kost gaar de no me de!“ sa han. „Her paa desse Garde sit de full Stogo me spræki Kara o stunde paa de. Faa dei Tak i de, so skamslaa dei de. Fulg me te Byen att, so sko me laga de so, at de bli mange i Fulgie heimatte. – „Aa, alder rædd!“ sa han Per. „De e ’ki fale. Vilja dei tala ve me, sko dei faa. Reis du i Gusnam!“ – De va klene Kara te o passe paa. Daa han Per kom paa Garden, sto han lite ute, – ingin kom de. „E faar gaa inn obe’in,“ tenkte han Per, tok Uksepeisen sin i Hønde, glytte inn i Døre; „her e han Per Neste, vilja de tala ve han?“ – Daa reso dei upp o rende imot hono, som noko Skrubba. Den fyste fekk taa Uksepeise, so han tumla aat Gølve; de sama fekk den are, de sama fekk den tre’a, de sama fingo alle, o si’a reiste han Per, som han va komin.


PD-icon.svg Denne teksten er offentlig eiendom fordi forfatteren døde for over 70 år siden.
  1. frøk, tyder (i Vang) sterk, før, diger Ein Lykill er frøk nær han er for stor og inkje høver vel i Laasen; likaso um Skaft til Øks og Grev o. dl.
  2. biten, illskjen, atall; vel upphavleg, „skarpskodd, “ um Hestar; som beiter Skoen.
  3. stor og sterk Kar.
  4. Tolvmilskogen finnst umrødd i Munchs det norske Folks Historie 4de D. S. 68. (Upplyst av Forteljaren).
  5. renna hit og dit til aa sleppa undan.
  6. som inkje er likt til nokot, som illa høver; gamaln. olikindi.
  7. Lukt, Tev.
  8. lura paa.
  9. Skogabruni, Skogatrømen.
  10. Dativ; fyre, seno. Soleides ogso med, mi, di og hi.
  11. gjøya.
  12. stræte tyder, aa sviva, rakla umkring, som Fantar.
  13. glime, præt. gleim.
  14. ein som stødt vil gjera Mein, ein Meinkrok.
  15. Munningen.
  16. Byrsekolven.