Han Lars Bakke

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Segner fraa Bygdom utgjevna av det norske SamlagetH. E: LarsenI (s. xvi-xviii).

Ein Dag Kjeringi paa Summelengi helt paa hengje uppaa Dugurdsevne, kom de inn ein Kraamkar me Skreppunn seno“. „Du maa ha ein stor Husly du,“ sa han, „som koka so stor ein Graut.“ – „Aa denna Grauten e daa ’ki so stor,“ sa hona; „de e ’ki meir en ein snertin Kar kan eta i eit Maal detta,“ sa Summelengiskjeringi. „Ja kann du skaffe Kar, som et upp denna Grauten i ei Gaang, so vaaga e Skreppa mi o tie Dalar attpaa e,“ sa Kraamkaren. Kjeringi sette tie Dalar imot, o dei handslogost paa detta. No skikka ho Bø te hono Lars Bakke, de va fælaste Ovnøyta[1] te o eta, som fannst i Grendenn. Han hadde ete upp Garden sin paa ein liten Plass nær, o no va han rei’og te gaa ifraa hono me. Men aat han som ein Hest, so sleit han ogso som ein Hest. Dei segja, at han fekk Styrkin sin taa di, at Mor hass ga hono Maramjølk, de fyste som han fekk, daa han va komin te Verd’n. O ner han vart lite full o tok te skaka se o modde se, brukte han ogso o segja: „Gud signe ho Mor,“ som ga me fyste Drykken!“ Han va kleis[2], so at de va reint løgle o høyre paa han, ner han hadde lite i Huvue o va vortin svøllog[3]. Tok de daa nokre taa gildaste Karo i Armadn hass o vilde halde Styr paa hono, so skok han dei, so dei tvingla eit hit anna dit.

Jau han Lars kom te Summelengi; men han fekk ’ki veta Vaagilse. Kjeringi auste upp Grauten i eit Trøg o sette han paa Bordsendin. Støste Fate, ho hadde, sette ho utme, fullt me Grautevæte[4]. „Set de burti Hægsæte o dugurde du Lars,“ sa ho. „Du faar eta Mettin din no, for e vil faa de te o gaa paa Stølen ette ei Brimkløv; de ha vørte slut paa Grautesuvle meno.“ – Jau, han Lars sette se te o eta. Kraamkaren sat o saag paa. Men han Lars la ’ki Skjeie ifraa se, før Fate vøro tømde. Daa rugga han Lars testøls uppigjeno dei stupande bratte Bakkadn. „Tvy før eit Høltrølll[5]!“ sa Kraamkaren; han kasta upp Pe’ingbole si. „Aa e vil nok ikki ha korki Skreppa ell Pe’ingadn di e,“ sa Summelengiskjeringi. „Men du kann læta me faa eit taa finaste Sylkipløggo di;“ O te di vart de.

Daa han Lars va komin uppi Grønmørki mest uppaa Flataasen, møtte de hono Make; de va ein Bjødn. Ingin va rædd, ingin vilde gaa taa Vegi. So stana Bjødn, so stana han Lars me. So gliste Bjødn, so gliste han Lars me. So reis Bjødn upp paa Bakføtadn o slo ut me Framlabbo; ja han Lars fæmde[6] ogso ut me Armo, o so gingo dei imot hinan o toko Ryggjetak. Bjødn klemde sterkt; men han Lars klemde endaa sterkar. So nuppa Bjødn han Lars te aat eine Vegabradde; men so nuppa han Lars Bjødn, atte aat heno Vegabradde. „Hurrurrurrr!“ grurde[7] Bjødn. „Hurrurrurrr!“ grurde han Lars me. Teslutte fleste Bjødn, o so fleste han Lars me. So sette dei se ein paa kor Sie aat Vegi o saago paa hinan. Um ei liti Ri luska Bjødn ne’over, o han Lars lakka sin Veg vestover paa Stølen ette Brimkløvenn o kom heimatte ruggandis me henne paa Ekslo si um Kvelden. Ei Brimkløv held um Lag 80 Pøtta o veg um Lag 170 Skaalpund me Flæsko o alt.


PD-icon.svg Denne teksten er offentlig eiendom fordi forfatteren døde for over 70 år siden.
  1. Storetar.
  2. lesp.
  3. maalug.
  4. Suvl til Grauten, Mjølk eller Brim.
  5. Storetar.
  6. femnde; av Famn.
  7. bura, brumla.