Han Ola Moing

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Segner fraa Bygdom utgjevna av det norske SamlagetH. E: LarsenI (s. xix-xx).

Han Ola Moing laag i Trætte me ein taa Skyldingo si i Hemsedal um ein Gard. Daa Hemsedølen saag, at han ’ki kunna faa trætt te se Garden, laga han se te me fem spræki Kara; alle hadde dei skarpslipte Kniva, o sette austover Fjelle te Slidregjeld før o gjeste han Ola Moing. Men de va ein Slidregjelding i Hallingdal, som dei kalla Veslemann-Knut, han hadde faatt Nysen um detta o sprang heimatt te hono Ola Moing o ba han akte se; de kom obe’in Fremmand te hono. De va i Skømingenn um Kvelden. Han Ola Moing laga se daa te o taka imot dei paa beste Maatin. „Ta Hæltydna[1] mi du!“ sa han te hono Veslemann-Knut, „legg de so unde Benken ova Borde o rek ho upp te me, ner du ser, e trøng te henne.“ Han Knut gjorde, som han Ola ba han. Sjøl sette Moingen se i Hægsæte me Krus o Kanne frammafør se paa Bordsenda. Rett som de va, komo Hallingadn høppandis innigjeno Døre me blankslipte Knivo i Vere. Daa kva han Ola Moing:

„O høyre de Menn ifraa Hemsedals Bygd!
vilja de no halde dikka stille;
so sko de faa Brennevin o Øl
alt ette dikka eigje Vilje.“

Men Hemsedølidn vilde alder lye paa detta, o so bar de te me o kjastast o hundelaatast. „E undrast paa de e, Moingen, at du vil trætte mæ me um denna Garden, som du veit, at du alder faar, so lengi du e te!“ sa Hemsedølen. „E undrast paa de e, Møsodølen!“ sa han Ola Moing, „at du vil rengje te de denna Garden, so vel som du veit, at du ’ki har Rett te hono.“ Daa skøvo[2] dei imot hono Ola med Knivo i Vere; men han Ola spratt upp, treiv Tak i Bordkruna[3] me baa’o Hendo, o der hekk han o trumpa o spennte ikringo se te alla Leie, so dei fingo skjele mangein go Tryst taa Hælo hass. Men likevel hadde dei snørte inni Leggjo hass me Knivo si, so at Blo rann over Matborde. Daa rak han Veslemann-Knut Hæltydna upp te hono. Den kom maate; han treiv ho o slo o hoggde rund umkring se, so de va ’ki lengi før Hemsedølidn laago o stanka[4]. i Bloe seno paa Gølve ikring Borde. Dei løto kjørast taa Garde atte. Men si’a den Kvelden fekk han Ola, Moing ha Garden sin i Fre.


PD-icon.svg Denne teksten er offentlig eiendom fordi forfatteren døde for over 70 år siden.
  1. fyre, Hælvtydna, eit Slags Øks; i Hallingdal, Haltydna (tykk l), gamalnorsk, halfþynna.
  2. bykste, skuto seg, rennde; av skøve, skyv, skauv, skøvo.
  3. ei Hylla midt uppyver Bordet.
  4. stynja.