Hallingpresten
I Hallingdal va de ei Gaang ein Prest, som va so sterk, at dei beste Hallingadn ’ki vøro anna en som Smaaguta imot hono i Krefto. Men so va han ogso so snøggsinna o tintrin[1], at han spraka i taa ingin Ting, o difør va Folk so rædde hono vørte, at dei gjedne vilde bli kvitte hono. Dei prøvde daa te o gjera han ibeit paa eingon Maatin, so han kunna bli aavsett. Ein Synndag som han sto for Altare, o ein taa Mehjølparo kom innum Ringen te hono me Messehukule o vilde klæ’e paa han, mulla han laagt inni Øyra paa Preste: „Prrro – Blakken! Prororo –! Statt, me e faar lagt paa de ditt heligne Skaberak!“ Sinne tok daa Presten, som ’ki anna væntandis va. Han smorde te Mehjølpare me knytte Neva unde Øyra, so han stuste ende ikøll neme Altare. Si’a rende han ut paa Kyrkjegarden; men her kringsa Følke se um han, o dei ha hatt go Hug te o freista no alle samne, um dei ’ki skulde vøre go te dengt han skjele indele vel upp. De da Baatveg te Kyrkje, o Baaten aat Preste sto paa Strøndenn beint ne før Kyrkjunn. Presten rende daa nepaa Stronde, treiv Baaten sin, grytte han uppaa Eksladn si, rugga uppaa Kyrkjegarden me hono midt inniblandt Ølmuga, o so tok han te o springe ikring o ikring. Daa va Folke sæle, dei tukka se undaa. Daa Kyrkjegarden va rødd, gikk han neattpaa Strønde, kasta Baaten paa Vatne, so de klass, sette se i o rodde heimatt.
Denne teksten er offentlig eiendom fordi forfatteren døde for over 70 år siden. |
- ↑ Andre Ord som tyda d. s. ero, kvessin, rimsin, gryttin;. snefsin (Hall), ill aa eigast ved. „Ein Ting e so hard at de tintra taa hono,“ nær det støkker ut Smaastykki, nær ein slær paa.