Hurdabaken

Fra Wikikilden
Segner fraa Bygdom utgjevna av det norske SamlagetH. E: LarsenI (s. xxi-xxv).

De e ’ki lenger si’a de e tegange dette Stelle me Hurdabake[1], en at de for nokre Aar si’a levde att taa dei, som hadde vøre me i di.

Det va ein Gut taa Hurdabak i Hallingdal, som hadde faatt se sat paa ein Huldrahatt. Me dei Hatte kunna han gjera se usynle, huld, som dei kalle de, o vera kor han ynkste se aav i sama Øgnebleki. Han hadde sit Tevære i eit stort Høl, som e i eit Fjell, dei kalle Bukonofjelle, imyljo Valdris o Hallingdal. Detta Høle kallast enno Hurdabakhøle. Ein kan sjaa de fælt radt taa Stølo austafør paa heno Si’unn; de e beint over før Jasslangstøle, tett ne’unde Langefønn. Hellis so hadde han ogso tryaa naufina Stogo i noko store Hauga i Hydale; de va Helgedagsstogudn hass. Han for vidt umkring baade innalands o ne’alands o stal Sylv o Gull o græski Klæ’o. Altsama dro han aat Hurdabakhøle o aat Hydale. Men i nemmaste Bygdo stal han inki stort; de kunna vera ender o eingor Gaange, ner de soleine fall best før hono; de va fælt naule, han stal paa Grannstølo, de va nok likeso sama Følke, syntist han. Daa han hadde drage se isamen so stor Medel, at han inki brydde se um meir, fekk han Hug te gifte se. Han fridde daa te ei Huldragjente or eit taa nemmaste Fjello. De va ’ki vandt um, før hono; han va rik maaveta, o ho sa ’ki nei, kann ein tenkje. Dei vørto daa trulovde, o han heldt so taa henne, at han ’ki va go te faa se te o gjera nokor Langreise ifraa henne. No skulde de stellast te te Bryllaups. De va ’ki Husmannsgreio, kann ein tenkje, o Lass paa Lass me Smør o Øst vart ihopsanka aat Hurdabakhøle o Hydale. Men de meste taa di tok han paa nemmaste Stølo. Daa no Budeigjudn saago, at Smøre o Østen va burte, sende dei Bø heimatt te Husbøndo sine um detta. Desse skjønte daa alti, kost de hadde tegange, o sette vestover o vilde taka Tjuven. De va no raakint o faa Tak i han, de laut daa vera eingor Gaange, han hadde gløymt seta paa se Huldrahatten. Dessa Mennadn la se daa paa Lur ikringo Høle, o dei lovde hinan, at dei vilde ’ki gjeva se, før dei hadde faatt Klønadn i han. Men dei gjætte te inkis i mange Daga. Jau, endele saago dei ein Dag, at han gikk sta vatne Heste si; daa hadde han gløymt Hatte. Dei rende daa paa han o te o baka paa han o dengje han, som dei ha vilja tynt han me di sama. Men so hugste dei se, at dei ’ki skulde drepa han, før dei hadde truga han te o gjeva dei alt han hadde. De vart daa inki noko taa di, kost dei handska han o foro aat me hono; han vilde ’ki ei Gaang segja dei Gjøymsludn, som han hadde Rikdomen sin i. So bøndo dei eit Tøg over Uvle’idn hass o innatti Hesterova o drogo han soleine ne’aat Fjorde likesom ein Slo’e[2], o si’a bøndo dei han i Baathempa o leto han slæpast i Vatne ette Baate, me dei rodde over Fjorden, te han rauk te. Før han andast, hadde han bø’e dei eit Pe’ingskrin i Hydale, vess dei vilde sleppe hono att; men dei vilde hava meir. O de fingo dei ogso; men inki slekt, som dei hadde be’e um. I di sama han skulde te gjeva upp Anden, førbanna han dei o sa, at dei skulde ’ki bli snikkislause[3] te niende o tiende Le. – Dei grovo han ne paa ein liten Fet imyljo tvær Myra, o paa Gravenn hass ha de alder vilja vøkse eit Grasstraa. No sette dei aat Hurdabakhøle o meinte, dei skulde ta Medelen hass; men de va ’ki stort dei fingo fat i. De va no alti noko førgylte Sylvstaup o Sylvkanno, Sulgjo o Belto, Sylkihøgjende[4] o sleke Ting; men inni te sjølvo Medele va de ’ki Raa o koma; Ljøse sløkkna i Lykto, o dei skulde ogso støytt imot noko Jødngrinda, som ’ki gingo upp. Men taa di, som dei fønno, ska de enno finnast att ender o einkort Stykki heime paa Gardo. Dei hadde daa vissa meint, dei skulde fønne Pe’ingskrine i Hydale; men der leitte dei reint te inkis. Ein Halling kom skraklandis hin Vaaren o fann de. – Daa laag de i ein Bekkjebradd; Jorde va utrønt[5] ifraa di, so de laag reint bert.

Den Domen, som Hurdabaken hadde utsagt over Moraradn si i sidste Andetako, ska ogso ha heppa ette. De ha ra’e si’a vøre eingon i Ættenn aat dei Menno, som ’ki ha vore skjele rettig.

Hurdabaken ha daa heldan ikki faatt søve i Ro i Gravenn seno. Mangein ha vore sta vilja mana han uppatt o faa han te segja se, kor han har Medelen sin, o kost ein skulde faa Tak i den. Men de ha alder gange vel. De va nokre go’e Manara, som samlaga se paa o freiste de, dei kunna. Dei stelte se paa Grave hass ein Kveld o toko te mana alle i ei Gaang. Daa dei hadde lese upp vel de Hælve taa Bøno si, tok Jorde te skjølve, heile Fjelle sto o gidda, o de gikk ein førfærdele Dør lengst igjeno Dalen. Si’a tok de te kvine, o snykte o unke se o bera se so syndele illt rund um kring dei baade i Jord’n o i Luft’n, at de va inki morosamt o staa der midt i di. De va ingi Under, at Karadn vørto rædde o toko Flugte. Men hadde dei vøre hjartogne nok te o drygt lite enno o lese alla Bønidn si, so hadde han nok kome.


Denne teksten er offentlig eiendom fordi forfatteren døde for over 70 år siden.
  1. Navnet kjem vonleg av Hallingordet, „Hurd,“ (gamaln. hurð) ei Dør.
  2. Den Luten av eit Bar- eller Beitalass som er attast og henger ned paa og slæpar.
  3. lytelaus, jf. usnikka (Hall).
  4. andre Stader uttalat, Høiende; gamaln. høgindi.
  5. præt part av rynja ut, drysja, falla.