Tolugt Mod

Fra Wikikilden
P. T. Mallings Forlagsboghandel (s. 26-28).

 1. Tolugt Mod er godt at hava.
Tidt mot Straumen fær du kava,
um din Rett er nog so god.
Umist fær du sjaa og høyra,

som er ilt i Syn og Øyra;
tak det alt med tolugt Mod.

 2. Naar du tunge Verk maa gjera
og fær Vantakk heim at bera,
tak det tolugt og ver god.
Fær du vera med i Reidsla
og fær inkje godt av Veitsla,
tak det alt med tolugt Mod.

 3. Verda Folk deg alt for fine,
vil dei spotta deg og dine,
gakk ifraa deim og ver god.
Grina dei aat all din Bunad,
aat din Tale, Gang og Snunad,
tak det alt med tolugt Mod.

 4. Naar dei til sit eiget Nøgje
gjera berre Laatt og Logje
av ei Gjerning, som var god;
naar med Skam dei ned vil riva
betre Verk, en sjølv dei driva,
tak det alt med tolugt Mod.

5. Naar dei til sit eiget Gaman
leggja Slarv og Drøsor saman

um et Grend, som vist er god;
naar dei skjella og skamfara
Folk, som inkje sjølv faa svara,
tak det alt med tolugt Mod.

 6. Naar dei Lygn um Landet senda
rundt, og Sanningi forvenda
i ein Storm av Skraal og Ljod;
naar dei truga Folk at tegja,
som eit Ord imot vil segja,
tak det alt med tolugt Mod.

 7. Um eit Ord du hever svarat,
og det so var snutt og snarat,
til det reint paa Tverka stod;
var du hutad midt i Talen
som ein Unge, vill og galen,
tak det alt med tolugt Mod.

 8. Tru du maa, at Retten vinner,
naar han rette Tidi finner;
men han trenger Verja god,
og det verder langt at bida;
mang ein Harm du fyrst maa lida.
Berre hav eit tolugt Mod.


Denne teksten er offentleg eigedom av di forfattaren døydde for meir enn 70 år sidan.