Stasbakkjen

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Segner fraa Bygdom utgjevna av det norske SamlagetH. E: LarsenI (s. 130-131).

Paa Sandbu paa Vaagaa budde eingong ei gumul Fruge, som heitte Gjaartru Gjæsling. Mann henna va ein taa di Riddarom, som aatte Sandbu ei lang, Ti, aa hann va dau i Kongens Tenest, for myki lengje si’a.

Gjaartru hadde sjau Syne, men ingen taa døm va som ho vilde døm skulde veta, for ho va eit gudele Kvinnfolk, aa døm va naagaa grove Kluvare allesamen. Ingen taa døm vørde Lov ell Rett, ingor Gjente va trygg naar døm hadde kasta Augun sine paa hena, aa ingen Mann va viss paa Live sitt, dessom Sandbuskarann hadde faatt veta, han hadde naagaa paa Kistebotte. Men tesist gjekk dette Staake for vidt, aa døm vart drepne allesamen.

Saa sto gamle Gjaartru sonlaus, ho som hadde hatt saa mange. Da tok ho te aa tenkje se um, um ho hadde vore, som ho skulde, mot døm. De vilde ho no bøte paa, aa defor gav ho Kjyrkja ein Gard, som heite Stade, for i den Ti’e trudde Folk, de va de saamaa, kaa gale dom gjorde, naar døm berre gav myki aat Kyrkjunn.

Men so kom de ein ny Prest aat Vaagaabygdenn. Han tok te me Messunn tiligar um Sunndaagaan ell Gaamallpresten hadde gjort, aa Gjaartru Gjæsling kom forseint aat Kyrkjunn di fyste Gongenn. Detta tykte ho va ei stor Skam for hena – denn rikaste Fruga i Bygdenn – aa ho hadde no alder vore vand ve aa staa tile up um Morgon, allevis no ho va vurte gumul, so de vilde ho inkje no held. For aa sleppe den Skamme fekk ho da taalaa de so me Preste, at han inkje skulde samringje, fyrr ho va kome paa ein Bakkje tett de Kyrkja. For de han gjorde ette henna Vili, gav ho Kyrkja ein stor gild Gard, som heite Sande, aa som høyre Prestgarde te enno. Si’a um Helgjedaagaan laut Presten setja ein taa Husmennom sine te aa sjaa ette, naar ho Gjaartru kom paa Bakkjen sin. Naar han da fekk sjaa hena, ropte han uppi Stupulen aat Ringjarom: „No kjøm Stasen, no kann døkk laagaa døkk te aa ringje!“ Si’a den Ti heite Bakkjen „Stasbakkjen,“ men i di siste Aarom e Veigen vurte umlagd, aa no e den gamle Stasbakkjen ein fin Aaker.


PD-icon.svg Denne teksten er offentlig eiendom fordi forfatteren døde for over 70 år siden.